Alejandro Fuentes blir økonomisk rådgjevar

28. januar startar det opp eit nytt musikkprogram på svensk SVT2. Programmet, som heiter Popcirkus, skal sende live kvar onsdag, frå to scener på Debaser i Stockholm. Programmet byr på nye gjestar kvar veke, i tillegg til at Alejandro Fuentes er med som økonomisk rådgjevar. Alejandro Fuentes Bergström (som han eigentleg heiter), har som økonomisk […]

Skrevet av:
Publisert 13:46 26 januar, 2009

28. januar startar det opp eit nytt musikkprogram på svensk SVT2. Programmet, som heiter Popcirkus, skal sende live kvar onsdag, frå to scener på Debaser i Stockholm. Programmet byr på nye gjestar kvar veke, i tillegg til at Alejandro Fuentes er med som økonomisk rådgjevar.

Alejandro Fuentes Bergström (som han eigentleg heiter), har som økonomisk rådgjevar i oppgåve å snakke om korleis det går an å tenke økonomi, struktruktur og orden når ein skal gå til verks i musikkbransjen. Sjekk ut dette videoklippet før du leser vidare, der han forteller om sin nye jobb i Popcirkus.

Har du sett klippet?
Ok, då kan du lese vidare.

Greit, så er det kanskje ikkje «vår» Ali det er snakk om. Men ei apehanddukke, med innvandrerdialekt. Som altså heiter Alejandro Fuentes (Bergström). Og dette må det jo kunne stillast spørsmål til. Har svenskane kjennskap til den norske Ali, og har dei isåfall har blitt inspirert av idol-gitarkamerat Alejandro? Eller er det berre rein og skjær tilfeldigheit? Kva tykkjer Lydverket-lesarane om dette? Berre køyr debatt..

Litt morosamt er det iallefall.

Tags: , , , , , ,

Del "Alejandro Fuentes blir økonomisk rådgjevar"

Legg igjen en kommentar