Adele under årets Brit Awards

Adele under årets Brit Awards

Rekordtal for Adele

21 har solgt over éin million eksemplar i Storbritannia. Samstundes er den britiske artisten ein spydspiss for den digitale musikkmarknaden i USA.

Skrevet av:
Publisert 15:07 8 mars, 2011

Dronninga av dei britiske hitlistene for tida er 22 år gamle Adele. Hennar siste album 21 er inne i si sjette veke på salgstoppen, medan singelen «Someone Like You» for tredje veke på rad er øyrikets mest populære singel. Sidan lanseringa siste veka i januar har 21 solgt over éin million eksemplar, noko som pressar artistar som Jessie J og Beady Eye nedover på listene.

Samstundes opplever debutalbumet 19 ein renessanse, og førre veke hadde Adele både det mest – og det nestmestselgande albumet i Storbrittannia. Det der neste 12 år sidan det skjedde sist, melder Billboard – i 1999 låg The Corrs øvst på listene med albuma Talk On The Corners og Forgiven, Not Forgotten.

«Someone Like You» raste oppover listene etter Adeles opptreden på Brit Awards – sjå den her:

Også i USA er Adele i ferd med å gjere det stort – ho toppar no Billboard-lista etter den salsmessig beste fyrsteveka sidan Nicki Minajs Pink Friday kom ut i november i fjor. Eit interessant aspekt er at dette i all hovudsak er takka vere det digitale salet. 62% av albumeksemplara var kjøpt digitalt, noko som betyr at Adele ville trona øvst sjølv om ho ikkje hadde solgt éin einaste CD.  Til samanlikning vart berre 30% av ein annan storselgar, nemleg Justin Biebers Never Say Never: The Remixes kjøpt digitalt.

Tags: , , , , , , , ,

Del "Rekordtal for Adele"
 

5 kommentarer på “Rekordtal for Adele”

  1. [...] Les: Lydverket anmelder Adeles 21 Les: Rekordtall for Adele [...]

  2. [...] Les også: Adele går country? Den mest innflytelsesrike Rekordtal for Adele [...]

  3. [...] Listevinneren, albumet 21 med Adele, er nå ifølge tall fra The official Charts Company, den mest solgte albumutgivelsen så langt i dette århundret. [...]

Legg igjen en kommentar