Eg hadde grua meg til motbakken etter Conques i to dagar. Frå det øyeblikk eg såg han, faktisk. 350 høgdemeter, rett på. Rett opp. Som baksida av Storehesten, som stien på Kjelstadstølen, som slalombakken på Siplo, med andre ord verre enn dei fleste slalombakkar.
I tillegg fanst det ikkje rom å få før Decazzeville, som låg 20 km lenger framme. Så ille grua eg meg, at eg sende ryggsekken min med bagasjetransporten. Og så begynte eg å gå. In – die – Ruhe – liegt – die – Kraft, sa eg for kvart steg. (Husk: Lusk!, heiter det på norsk.) Og så luska eg. Heldt meg godt under smertegrensa, og plutseleg var eg oppe ved det vesle kapellet der alle pilgrimane ringer ein gong med klokka når dei kjem forbi. Skjønte plutseleg kvifor den ringte så uregelmessig.
Så fylte eg ein halv liter væske inn og ut, og så rusla eg ei stund til, og etter førti minutt gjekk det opp for meg at eg var oppe. Meir enn halve Hafstadfjellet, og på tilsvarande strekning brukte eg i påska ca. ein time. Og så gjekk eg dei resterande 17-18 kilometrane til Decazzeville, og då eg kom fram, tenkte eg faktisk at det hadde no vore kjekt å få tatt seg litt ut. For det gjorde eg altså ikkje den dagen.
Søndag: Ti knallharde kilometer på fire timar. 18 kilo sekk (søkklasta med mat og drikke, i Frankrike er alt stengt frå søndag formiddag til tirsdag morgon, og på herberget var det ikkje mat å få. Så det var berre å laste opp.)To lange motbakkar, først 150 høgdemeter, så 200.
Mandag: 24 km på 5 t 30 minutt. Bra sliten no.