Ein snill mann

Så glad blir ei dame, når ho får vite at ho slepp å ligge ved sida av meg ei natt til.

Å? Er eg kvitt deg? Hurraaaa! Å? Er eg kvitt deg? Hurraaaa!

Ho låg nemleg i senga ved sida av meg på sovesalen i klosteret i Conques, den andre natta eg låg der. Første natta sov eg tre timar (Sjå innlegget om der Schnurkmeister), men den andre natta sov eg ti timar i strekk. Eitt dundrande strekk, reknar eg med. Eg høyrte i alle fall at ho (litt oppgitt) sa noko til ei venninne om troix heurs, eller noko sånt, og ho såg ganske sliten ut.

Og i Decazzeville vart ho altså plassert i nabosenga mi igjen. Det gjekk jo ikkje an. Det kunne ikkje gå. To slike netter på rad, det kunne jo rett og slett betydd slutten for ho. Eg var blitt kjend mede eit ungt par frå Irland, Eamor og Eamon (som eg reknar med må være Gammal-vestmanna-gælisk og betyr  ”E–mor” og ”E-mann”) , og Eamor snakka både engelsk og fransk. Ho la saka fram for verten, og spurte om det gjekk an å flytte gamlemor til ein anna sovesal. Ja, det var ikkje så enkelt. Vi ante ikkje kor komplisert det var, det vi spurte om no. Men om eg kunne tenke meg å ligge i eit telt i hagen då?

Njaaa, sa eg, og så gjekk vi bortover i hjagen og keik. – Enn her, då, sa verten og peika inn i ei snekkarbod. Jau, det burde gå, sa eg. Så dette vart rommet mitt denne natta. Og den gamle dama, ho sov som ein stein. Og eg fekk det endeleg så kaldt på rommmet mitt som eg vil ha det.

Enkeltrom. Veldig enkelt, vil eg seie.

Enkeltrom. Veldig enkelt, vil eg seie.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *