Den som går 150 km langs ein veg, han ser no
litt av kvart, og gjer seg sine tankar…
Det må ha vore fryktelig kaldt ein vinter her i Frankrike. For på bildet kan du sjå at her sto det ein gong eit tre. Så vaks piggtråden seg fast i treet. Og ein dag vart vel treet så stort, då, at det måtte fellast, det kan eg være med på. Men du er no bra nøden på ved, når du ein dag går ut og sagar vekk trestykka mellom piggtrådane? Dette kan jo ikkje gå bra i lengda?