Du hugsar at eg skreiv i går om Cruella deVil den andre, køsnikerska frå dei finare franske salongar, som nedkalte Guds straffedom over seg ved å havne på sovesal med meg, Storsnorkaren frå Skagekleiva? Lite ante eg at Herren hadde ilagt ho trippel straff.
Det var nemleg tre av oss. Eg slokna som eit lys klokka ti, og drog nok saga med lange buldrande tak fram til klokka tre, då vakna eg av at dama i køya over meg gjekk på toalettet. Det rare var at veggane fortsette å riste. Og det utan pause. Der var to til av min sort. Og dei snorka så høgt og kraftig at eg vart liggande å lure på korleis menneskeleg vev kan tole ei slik påkjenning i timevis kvar einaste natt. Det var ikkje ørens lyd å få. Mens den eine pusta ut, drog den andre inn, og det som var verkeleg forstyrrande, var at dei hadde litt forskjellig rytme. Stundom var dei perfekt motsett, så kom den eine meir og meir ut av takt, og så meir og meir inn i takta til den andre, og så var dei heilt på likt, og så sakte ut av takt igjen. Facinerande. Men og veldig, veldig forstyrrande. Og kom ikkje her og fortel meg om øreproppar. Eg hadde hardstappa skumgummi heilt frå trommehinna og ut av øyret, men det hjalp ikkje.
Kokka fire sto eg opp. Det nytta ikkje. Eg fekk no fem timars søvn, det klarer seg det, for ein dag.
Pausedag i Conques i dag. Gamal middelalderby, nydelig plass. Har vore støl i senefesta øverst på hoftene eit par dagar, i dag var kjensla rett og slett litt sår. Og då trur eg det er senebetennelse neste. Så i dag blir det bok og internett på meg, gitt. Skal no greie det og.
Hallo-Ole, daß ich mich mal im Internet finde, hätte ich auch nicht gedacht- bin wunderbar nach hause gekommen-in paris noch eine übernachtung und in einer bar einen deutschen wirt getroffen- alles hat sehr gut geklappt- lieber ole-ich hoffe-auch du hast jetzt einen guten weg mit deiner schwester, lass es auf dich zukommen-plane nicht zu fest–alles gute für dich-ich werde deine seiten weiter verfolgen–Brigitte