Eit toalettbesøk

«Some come here to sit and think, some come her to shit and stink», sto det på ei toalettdør eg såg ein gong. Eg gjer vel stort sett litt av begge delar, men det skal innrømmast at det å sitte på toalettet og lese, det syns eg er fredeleg og fint.

I går vakna eg på ein gite (herberge), på eit fullbelagt seksmannsrom. Klokka var ikkje meir enn halv seks, men eg fekk ikkje sove meir. Var utkvilt. Fekk lyst å lese litt, men det ville vore litt ufint mot dei andre å tenne lyset så tidleg. Gjekk ned på kjøkkenet og laga meg ein kopp kaffi, skulle setje meg til å lese. Men nokon hadde latt vinduet stå ope, så det var så kaldt at det var ikkje værande der.

– Toalettet, tenkte eg, eg tek med meg kaffikoppen og boka mi, og så set eg meg på toalettet og kosar meg ei stund. Berre det er varmare der. Eg gjekk ned, kom ned i gangen, opna døra, kjente at der var det varmt, og tenkte:

– Jess! Hipp, hipp…

Hurra.

Hurra.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Eit toalettbesøk

  1. Per Anders sier:

    Ha Ha Ha!

  2. Egil Michael Haaland sier:

    Ho Ho Ho. Takkar for godt lesestoff. Artig å få følge deg på tur.

  3. Dag Skaar sier:

    Ser rent og trivelig ut. Flisene er like de jeg har hjemme.

  4. Viggo sier:

    Eg vil anbefale ei lettlest bok…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *