Eit 1500 år gamalt tre

Elise i tårnet på den romerske kyrkja. Hadde eg vore ti kilo tyngre, hadde eg ikkje kome opp trappa. Den var trang.

Elise i tårnet på den romerske kyrkja. Hadde eg vore ti kilo tyngre, hadde eg ikkje kome opp trappa. Den var trang.

I går stoppa eg ved ei gamal kyrkje frå romertida, bygd ca. 500 år e.Kr. Ved kyrkja sto det eit mammut-tre. Det er ikkje noko eg kallar det fordi det er så stort, det er namnet på eit slag tre som kan bli 2500 år gamle. (Det står forresten eitt på Leikanger.) Og det var svært: …og når du tenker på at her står det ei kyrkje, som ein veit er 1500 år gamal, og det tilfeldigvis, like ved, på den finaste plassen eit tre kan stå, står eit mammut-tre som er så stort at eg måtte berre gløyme å få eit fornuftig bilde av heile treet, då er det faktsik ganske nærliggande å tru at det treet, det vart planta då kyrkja vart bygd. Då Amerika vart oppdaga, var dette treet tusen år gamalt allereie. Eg syns det er ganske spesielt.

Har forresten ikkje sett Elise meir. Ho gjekk for kort, og for seint. Her lyt kvar finne sitt eige tempo. Ein treningsleir er ein treningsleir. Eg er ikkje komen her for rusling.

Eg og den nederste tjuendedelen av treet. Beklagar at bildet er litt uskarpt, men det var som du kanskje skjønar, ikkje eg som tok det.

Eg og den nederste tjuendedelen av treet. Beklagar at bildet er litt uskarpt, men det var, som du kanskje skjønar, ikkje eg som tok det.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *