Ja, då er eg på nett igjen. Det er ikkje kvar dag her i Sør-Frankrike at ein finn ein stad dei har trådløaust internett, eller internett-kafear, for den saks skuld. I går Estaing (der Valerie Giscard d’Estaing kjem frå), i dag er eg i Conques, etter to dagar på marsj.
I går gjekk eg saman med Elise frå Rennes (eller Reims), eg er ikkje heilt sikker. Ho snakkar altså berre fransk, og det gjer jo ikkje eg. Så det blir ikkje sagt så mykje. Men det er no hyggelig med selskap. Ho gjekk forresten rett inn i eit seriøst astma-anfall i ein blytung motbakke midtvegs. Eg vart faktisk litt bekymra for at ho skulle døy. Låg på bakken og drog etter pusten det ho greidde, utan at det hjalp så veldig mykje. Eg kunne ikkje anna gjere enn å setje meg på huk der og halde ho i handa. Det virka som det hjalp litt. Etter det let eg henne gå først. Vi gjekk til Estaing, der var det rett og slett ikkje rom åt meg i herberget, så eg gjekk vidare til Fonteilles, og der rakk eg berre såvidt å få i meg middagen før eg sovna. 17 km opp og ned tek på.
I dag skulle det bli ein lett dag, men jammen peiste eg på 17,5 km før klokka tolv, og så tok eg ein taxi til Conques, rett og slett fordi det var den første plassen det var ledig rom. Hadde veldig lyst å gå dei siste 12 kilometrane, det kunne eg faktisk fint ha klart. Og det har eg tenkt litt på: Når eg går 17,5 km med ein 15 kilos sekk på 3 t 35 minutt, så vil eg tru det tilsvarer ikkje langt unna den energien Grete Waitz, t.d., brukte på ein maraton. Og eg var klar for 12 km til. Så kondisen kjem seg med stormskritt. Men fotsålane skal tole det og. Eg tar ingen sjansar.
I klosteret i Conques var det ei rik, eldre dame som sneik noko vanvittig i køen, to gonger på rad. Eg vart rett og slett litt sint, men eg sa ikkje noko. Då eg kom på sovesalen, såg eg at Gud hadde vore om seg, og straffa ho hardt og kontant: Ho ligg på same rom som eg. Og eg snorkar, det kan eg love deg. Hah! Eg godtar meg.
Kjære Ole Johannes.
Ikke ovverask meg med en hagegnom ved hjemkomsten, bruk heller pengene på litt god vin……og ta med en flaske til meg.
Vi har det bra alle sammen, gleder oss over all mosjonen vi ser at du får, og alle de nye vennene dine. Inviter dem gjerne hit.
Bodil
E da deg på bildet OJ?! – kjende deg nesten ikkje att så tynn du er vorten. Fann ikkje bloggen din før no, men her var det mykje kjekt, så eg skal fylgje med. Håpar du tek Bodil med utom på verandaen og får eit glas vin når du er vel heime – det er for lenge sidan sist. Fortsatt god tur. Yo!