I dag, etter tre døgn saman, tok eg avskjed med tyskarane. Eg var gjesten deira, og ein ting veit vi om fisk og gjestar: Begge stinkar etter tre dagar.
idet vi kom inn i St. Come-de’Olt, visste vi alle at no var det farvel. Eg skulle ligge på eit anna herberge, og fordi eg har rom ein anna stad enn dei i morgon, kom våre vegar toil å skillast her. Eg heldt ein liten tale, og den gjekk slik:
– Eg vil få lov til å takke dykk, fordi de tok meg opp i selskapet dykkar. Eg var veldig nervøs dei første dagane for om eg i det heile tatt kom til å klare dette. Dei første to dagane traff eg ikkje eitt einaste menneske som snakka anna enn fransk, og eg kjende meg veldig åleine. Eg veit at eg trengte meg på, den første dagen vi møttes, og eg spurte om eg kunne få gå saman med dykk, men eg hadde ikkje noko val. Hadde det ikkje vore for dykk, hadde eg akkurat no sannsynlegvis vore heime att i Norge. Eg veit at eg kan virke som, eller kanskje er, ein litt storkjefta og høglytt person som ein kan vere engsteleg for å ta opp i sitt selskap, men de gjorde det likevel, og det er eg dykk takksame for. Vi har no truffe mange av dei som går i vårt tempo, som vi veit vi kjem til å treffe att i by etter by, og dei har sett at de trivst i mitt selskap, og at eg ikkje er ein av desse sjukelig kontaktsøkande stakkarane som vi jophar sett at det finst enkelte av. Klaus har fortalt meg mange ting som var av stor interesse for meg (her såg Klaus rødmande ned, mens Anette og Werner måtte halde seg for ikkje å le), eg kjenner styrken strøyme i kroppen min, og eg kjenner at eg gledar meg til dagane som kjem. Eg veit at eg ikkje veit korleis kvar dag vil bli, men at om eg går eller ikkje går, om sola skin eller ikkje, så er eg på veg mot målet mitt, og det kan ikkje vere anna enn bra. Eg vil takke dykk, for at de var så snille mot meg, de er kjekke folk (Nette Leute). Kanskje sjåast vi igjen, kanskje ikkje, men vi har hatt tre fine dagar saman, som eg vil hugse så lenge eg lever.
Då sa Werner at sånn kjente han det og, og Klaus sa at han hadde vore litt nervøs dei første dagane han og, og det var no ikkje rart med meg, som hadde gått meg vekk i snøstormen første dagen, om eg var litt nervøs. Så dei visste å seie dei rette tinga. Og så tok vi farvel. Og så gjekk eg rundt hjørnet, og så traff eg neste gjeng: Sabine, Sylvaine, Michel og ei dame som eg berre veit at ho er 43, som eg. Ho snakkar berre fransk, og det gjer ikkje eg, så det blir litt sånn på tegnspråk-stadiet. Kjekke folk. Gjekk forresten 19 km i dag, opp 250 m, ned 600. I den siste kneika, som var 120 hm, tenkte eg at no skal vi sjå, om eg greier å peise opp heile bakken, med ein 15 kilos sekk på ryggen, og det gjorde eg. God kjensle.