Besto opptaksprøven

Gjengen min. F.v. Klaus, Anette og Werner

Gjengen min. F.v. Klaus, Anette og Werner

I går fekk eg beskjed, rett ut, om at gjengen min hadde diskutert meg, og at eg no var oppteken som ven og del av følget. Det var nok lurt av meg å drikke det fæle brennevinet dei baud på første dagen. Og det betyr at eg har gleda av selskapet til Klaus. Og han er ein temmeleg fargerik type, det kan eg fortelje deg:

For Klaus, han er ei oppkome av vitsar (som eg ikkje alltid forstår) Som regel er det ein prest involvert.

– In die Ruhe liegt die Kraft, seier han. Og det gjeld både her (peikar på beina) og her (peikar på hovudet).  

Og ti-tolv gonger om dagen sier Klaus til meg:

– No som du er oppteken som vår ven, og det er fordi vi likar deg og bryr oss om deg, så vil eg seie deg ein ting, og no skal du huske at dette seier eg fordi eg er blitt glad i deg, og at dette er til ditt eige beste… Og så får eg vite ganske mykje.

At eg ikkje burde bruke snus, fordi mange folk synest det er ein ganske ekkel ting å drive med.

At det ikkje fall så heldig ut for meg, den synginga ved middagsbordet her om dagen (men at songen i kyrkja, derimot, fekk håret til å reise seg på heile han( og det var visst positivt) Eg song «Eg veit i himmerik ei borg begge gongane).

Og i natt vekte han meg (vi ligg på same rom, alle fire) for å fortelle meg at han no hadde lagt merke til at eg sov med bar overkropp, og at det ikkje var sunt for meg. Og at eg burde ta på meg ei t-skjorte. No. Altså før eg la meg til å sove igjen. Eg sa til han at det ville eg eventuelt vurdere å gjere i morgon.

Men så har Klaus eit lite glansnummer, og det er ein skåltale på spansk, som han overset til tysk, rod for ord og så til slutt, dreg han heile regla. Og den skal du få sjå her:Klaus sin skåltale

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Besto opptaksprøven

  1. Per Anders sier:

    Ordnung muss sein!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *