Eg er over den første veka no, og ting begynner å løsne. Det var litt tungt i begynnelsen, både fysisk og ikkje minst mentalt. Eg har kome til det, at det eg så langt har syntest var tungt, er nett det same som eg sist tykte var så fantastisk: Det at du ikkje veit kva som skjer resten av dagen.
– Lass dich überraschen, seier Klaus. Han seier mykje klokt, Klaus.
Du veit ikkje kor du skal ligge om kvelden, for du har ikkje vore der før. Du veit ikkje om det er mobildekning.(Det har eg no ikkje hatt sidan i går i tolv-tida. ) Du veit ikkje om det er Internett-tilgang der du kjem. (Det sto det at dei skulle ha der eg tilbragte heile søndagen. Det var derfor eg la pausedagen min der. Men det hadde dei ikkje. Derfor vart det ikkje noka opppdatering på bloggen den dagen.) Du veit ikkje kven du treff. ( I går kveld tok vi inn hos Ghee og Barbara, som såg ut som dei kom rett frå strendene i Goa, og dei synte seg å ha reist verda rundt i tjuefem år, dei siste seks hadde dei kjøpt seg ein yacht og brukt opp nesten alle pengane til Ghee, og for den siste resten kjøpte dei seg eit lite vertshus i Syd-Frankrike og lever av pilgrimar som kjem forbi.) Du veit ikkje kva du får til middag. Du veit ikkje kva vær det blir. Du veit ikkje korleis stien blir (Det er faktisk viktigare enn ein skulle tru, fem timar på elendig underlag, som i går, er ganske tungt.)
Nei, du må berre rett og slett konsentrere deg om å få i deg nok mat og drikke, vaske kleda dine når det byr seg ein sjans, sette den eine foten framfor den andre, og la deg drive med straumen og stole på at det går nok bra til slutt. For det gjer jo det.
Det er skikkeleg interessant å følge bloggen din. Stå på!
Kjempebra OJ. Her pusles det med småturer rundt Førde. Hornesstøylen i går med eldstegutt. Overnattet i en kjeller natt til i dag sammen med tre barn, Håvard, Vegard og Ida. Viefjellet i kveld alene. Overnatter hos Narve. Kanskje blir det Gygrekjeften i morgen på returen hjem.