I dag kom vendepunktet. Frå dei kalde, forblåste høgfjellsslettene i Aubrac, klatra vi ned i den frodige Lot-dalen.
Høgaste punktet, 1340 moh.Vi vakna i vinteren, gjekk gjennom våren og ned til sommaren. Frå kuldegrader og sludd til 19 varmegrader og grøne tre. det var herleg. Men det var tungt og. 700 høgdemeter ned, på ein sti dekt av rullestein som store tekoppar, på eit forrædersk slimete leireunderlag. Det tok på. men eg hadde lært av Hafstadfjell-fadesen, og gjekk svært sakte, og strekte ut for kvar 200 høgdemeter. 17 km gjekk vi, på over fem timar, med 15 kilos sekk. (Jada, den blir tyngre og tyngre. Tok med mat så eg skulle ha i tilfelle der ikkje var der vi kjem. ) I storform etter kviledag i går. trur det var lurt, var begynt å bli stiv på utsida av leggane, men i dag er alt heilt fint. Heng framleis saman med Klaus, Annette og Werner frå Bayern. Klaus (penjsonert arkitekt) ausar av ein overflod av livsvisdom, langvandringserfaringar og generell livsanskuelse. Timane flyg, og eg seier «Ach Soo», og så tek eg fram notisboka mi og noterer litt. Det elskar han. Det kjem eit innlegg om det, men nett no sit dei utanfor og ventar, så dette må vi komme attende til.
Ach soo…….
Dette må vere fantastisk!
Grugleder meg 🙂 🙂 🙂