Noko måtte gjerast. Sekken min vog over 14 kilo. Blant tinga som verkeleg tynga sekken min, var ein murstein av ei bok, som eg tippar vog over eit kilo. Eg trylla ho ned i mindre enn ein tredjedel.
Handlinga i boka er lagt til England på 1350-talet, og hvis folk hadde så mykje sex som folk i denne boka, då er det ikkje rart det vart hunger og fattigdom. Dei hadde vel ikkje tid til å arbeide, reknar eg med. uansett, underhaldning er underhaldning, og litt anna handling var der no og, og eg hadde altså lest 800 sider av denne boka. Og når ein har lest desse sidene, kva skal ein då med dei? Så eg fann fram faldekniven min, og så gjorde eg noko eg aldri hadde trudd eg skulle gjere med ei bok:
Eg delte ho i to. Den første delen la eg att i fellesrommet her, så kan ein eller anna nordmann som kjem forbi kanskje ha litt glede av ho. Tippar han blir litt frustrert når han kjem til side 796…
Melder meg som sherpa, aner ikkje stavinga av ordet, men eg tipper på du skjøner kva eg meiner. Skal passe på å ikkje fylle sekken heilt opp 🙂
God tur vidare Ole Johannes, finn deg ein sykkel med
sykkelvesker. Turen går som ein leik. Det har vi prøvd,
du treffer mykje kjekke folk om du sykler. Du som skal sykle Gaularfjellet opp må det vere flott trening.
Vi sykler mykje her i Spania, no står ein del av Sølvvegen på programmet.
Helsing gamle læraren m/kjerring