På franskeloffen dag 5

Ein halvkilo med rein helse. Godt er det og.

Ein halvkilo med rein helse. Godt er det og.

Eg hadde gløymt for ein enorm tilfredsstillelse det er, både fysisk og mentalt, å ramle ned ved eit kafebord etter 18 km, 400 høgdemeter og fem og ein halv time med ein fjorten kilos sekk på ryggen, og bestille seg ein skikkelig overdådig salat. Då veit du at du har fortent å ha det godt.

Då veit du at du har gjort eit innskot på helsekontoen som er så drastisk at du kanskje har lagt fleire dagar til livet ditt.

Eg følgte opp i dag med 15 km og 300 høgdemeter på 5 timar. Ingen skadar, føtene greie.Fekk vegd sekken min på ein slaktarbutikk i dag, og den vog altså 14,5 kilo. Det ballar på seg med brød og  franske patear og bøker og vassflasker, og eg kjenner på ryggen at eg må gjere eitt eller anna drastisk. Det blir litt vel tungt. 

Vart kjent med ein ny gjeng i dag: Werner, Annette og Klaus frå Bayern. Vi gjekk i lag heile dagen, og akkurat idet det begynte å regne, kom Werner på at han og Annette hadde jo bryllupsdag i dag, og at det måtte feirast. Dei drog oss inn på ein kafe vi kom forbi, og spanderte omelett og eit slags Eisenkräüter-brennevin som ikkje var veldig godt. Eg prøvde å seie noko om ustø bein og kronglete sti og langt heim med brekt bein (det er heilt sant), men det var ingen veg utanom. Men praten gjekk no laust og ledig dei siste 5 kilometrane inn til Aumont-Aubrac, i allfall. Klaus kunne fortelle meg både det eine og det andre om apostlane Johannes og Paulus. Eg drog eit par høgdepunkt frå Johannes’ openberring (den tolvte porten var av ametyst og sånn), og kunne fortelje at bestemor mi brukte å lese slikt høgt til kveldsmat då eg var liten, og det tykte Klaus var ei bestemor med futt og fart i.  

Klaus og Annette og det fæle brennevinet.

Klaus og Annette og det fæle brennevinet.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *