Eg burde skjont det paa maaten vertinna brolte paa fransk til meg, lange setningar, sjoelv om eg hadde sagt «No parlais francais» fleire gonger; Ho hadde ingen respekt for meg. Ho rundsvindla meg og Kurt ( han med traktoren).
Eg burde skjont det, daa ho glefsebroelte til meg, sa eg nesten besvimte: La BAGGAGEEEE!!! da eg eigentleg berre skulle opp og sja om rommet eg forhandla om, var noko aa ha. Men ho forhandla ikkje. Ho berre jagde ein av stutane ho nett hadde lurt inn i boelingen sin, opp paa rommet sitt og ut av vegen.
Eg fekk kjoepe eit glas vin, men daa eg skulle setje meg ned i den tross alt koselege baren, ropte ho saa hoegt til meg at det kom folk inn fraa gata for aa oversetje det ho sa (dette er heilt sant), at servitrisa hadde nett brekt beinet, faktisk for berre fem minutt sidan, og sidan ho skulle til frisoeren, saa maatte eg ta og saa pakke meg opp paa rommet mitt med vinglaset mitt.
Ho skreik ett eller anna etter meg paa veg opp trappa, men eg brydde meg ikkje. Det var sikkert noko om at eg ikkje maatte legge sokkane mine i blaut i vasken. Saa det gjorde eg.
Eg hadde invitert Kurt paa middag der paa hotellet, og han kom. Vi kom i ei veldig gemyttlig stemning (han kan mange gode historier, han der Kurt) og det er ikkje til aa stikke under ein stol at vi kom i skade for aa drikke tre halvliters karaflar med vin. Kurt vart jo heilt vill (sjaa bilete).
Daa rekninga skulle betalast, betalte foerst Kurt, og saa gjekk han heim, og saa var det min tur. Eg gloymte kanskje aa nemne at denne vertinna hadde ei framtoning som fekk meg til aa tenke paa den litt ondskapsfulle sjukepleierska til Dr. Mengele i ein film eg saag ein gong. Eg tok desverre ikkje bilde av ho. Det var mange ting eg skulle gjort med ho, som eg ikkje gjorde, og som eg angrar litt paa no.
Saa var det min tur. Eg stakk Visakortet mitt inn i ein slik mobil terminal som ferjebillettoerane har. Eg tykte det var litt mykje med tre karaflar vin, men eg tenkte at kanskje ho hadde skjoent at eg sto litt i gjeld til Kurt, og belasta alt paa meg.
Eg tasta inn koden min. Braatt reiv ho terminalen ut av hendene mine, og ropte: No accepteeee!!! Og eg er ikkje saa stiv i fransk, men eg skjoenar jo kva det betyr. Eg proevde aa fa sjaa kva som sto paa terminalen, men ho reiv han til seg, og la ut i ein lang tirade, henvendt til alle andre i lokalet, med store fakter, mens ho tidvis peikte paa meg med ein stor, feit, dissande peikefinger, og eg skjoena ikkje mykje, men eg forsto saapass at «Her kjem han og forlangar baade det eine og det andre, og vin skal han ha paa rommet sitt midt paa ettermiddagen, og eg spring og lagar mat og serverar, men har han pengar aa betale med? Nei. Huhm!» utstoeytte ho, og det var akkurat som aa hoeyre han gamle nordfjordingen i Radio Roeysi. Og saa ville ho at eg skulle stikke inn kortet mitt ein gong til, mens ho kjefteskreik ett eller anna inn i fjeset mitt.
Og eg tenkte med meg at eg fekk ikkje sjaa kva som sto paa terminalen, for alt eg veit kan eg ha betalt allereie, og eg stikk ikkje kortet mitt inn der ein gong til. Saa eg sa berre til ho at «Hanen stend paa stabburshella, bonden gjeve honom konn». Daa skreik ho til den unge servitrisa (som no plutselig ikkje hadde brekt beinet lenger) eitt eller anna, og ho sprang opp i fjerde etasje og henta den jenta i det franske paret eg var blitt kjent med, som snakka engelsk, og daa, men foerst daa, trykte ho paa ein knapp paa terminalen, og ut kom det ein lapp der det sto «Annullation». Den franske jenta skjoente kva eg hadde mistanke om (at dama proevde aa ta seg betalt to gonger), og ho kunne forsikre meg om at med denne lappen, saa var transaksjonen avbroten.
Eg betalte. Men ho proevde seg.
Dette fortalte eg Kurt neste dag, daa vi tok farvel i Chanaleilles, 12 km fraa aastaden. At ho proevde aa lure meg.
– Proevde? sa Kurt. Eg betalte og for tre karaflar. Vi betalte for dei begge to. Ho lurte oss likevel.
Men Kurt hadde opplevd noko tilsvarande ein gong han var paa motorsykkelferie, og daa koyrde dei tilbake om natta og kasta store steinar inn gjennom rutene der det skjedde. Dette vurderte vi ei stund, men vi forkasta det. Vi er daa tross alt vaksne menneske. Dessuten er det ein ting aa stikke av paa motorsykkel, noko ganske anna paa traktor.
Gjekk forresten 18 km i dag, 400 hoegdemeter (i eitt drag), 5 t 30 min. Proev det, du, med ein 11 kilos sekk. Bra sliten no.
Glimrande innlegg!