Videorama!

Videorama!

The Streets, Björk, The Broken Social Scene og Adele er med i samlinga over vekas beste nye musikkvideoar.

Skrevet av:
Publisert 13:02 17 desember, 2010

Knapt nokon har gjort musikkvideoar til ei viktigare greie enn OK Go. I videoen til sin siste singel «Back From Kathmandu» har bandet samla rundt hundre av sine nærmaste vennar, og marsjert LAs gater med trombonar og neonlys. Punchlinen vert avslørt vel tidleg, men fiffig idè uansett:


(Via SKoA)

The Broken Social Scene er ein eigen institusjon på den canadiske indierock-scena, og gav ut sitt fjerde studioalbum i sommar. Videoen til «Texico Bitches» er muligens eit velretta spark mot oljeindustrien, med to forretningsmenn som slåss halvnakne medan dei vert spylt i det svarte gullet. Morsomt å sjå på er det i alle fall:

(Via Pop In Stereo)

The Streets kjem som kjent ut med sitt siste album neste år. Sjå musikkvideoen til «Going Through Hell», der Mike Skinner har fått med seg Rob Harvey frå The Music, her. Den er knallbra (og viser Skinner i baris).


(Via NME)

BBC har inkludert dupstepartisten James Woon i si liste over spådde breakout acts i 2011. Sjekk ut den meget lekre videoen til låta «Night Air»:

KT Tunstall har gått til fansen for å setta saman ikkje berre musikkvideoen, men også heile backingsporet, til singelen «Glamour Puss» frå sitt komande album Tiger Suit. Via YouTube har folk sent inn sine trommer, sin gitar, koring, klapping, piano, bass, tamburin, plystring og så vidare. I det endelege resultatet er det berre KTs stemme som framleis er intakt.


(Via The Music Slut)

Björk bidreg med musikk til ein komande kortfilm som hyllar den avdøde moteskaparen Alexander McQueen. Ein musikkvideo til låta «To Lee With Love» er også lansert, og den inneheld ikkje uventa store porsjonar av McQueens estetikk.


(Via Pop In Stereo)

Videoen til Adeles «Rolling in the Deep» frå 21, som kjem ut februar neste år, er filma i eit gamalt hærskapshus og gjer ein bra låt endå betre. Som eit storskala kunstprosjekt, komplett med dansarar, knuste teskåler og dirrande vannglas.


(Via The Hairpin)

Skodespelar/musikar Jamie Foxx samarbeidar med Drake på sin nye singel «Fall For Your Type». Videoen er litt treig, men det passar forsåvidt låta. Få med deg alle opp- og nedturar i det alltid kompliserte forholdet:


(Via Pigeons and Planes)

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"
 

1 kommentar på “Videorama!”

  1. Vidar Mathisen sier:

    Sjekk UT ukas beste musikkvideoer her, står det. Nei, jeg vil ikke sjekke UT videoene, men sjekke videoene. Det heter å sjekke, ikke å sjekke ut! Nå må snart dere journalister lære!
    Fjortis-språket skal dere ha kvittet dere med for lenge siden!

Legg igjen en kommentar