Ta den, rock’n'roll

Ta den, rock’n'roll

Take Thats siste album solgte over ein halv million eksemplar forrige veke. Er boybanda offisielt tilbake?

Skrevet av:
Publisert 17:14 22 november, 2010

Progress, det første albumet til det fullstendig gjenforente Take That, har solgt meir i løpet av den fyrste veka den har vore i butikkane enn noko anna album dette tiåret: 520 000 eksemplar er til no blitt plukka opp av popglade britar. Ikkje sidan 1997, då Oasis kom med Be Here Now, har eit album kunne vist til liknande salgstal. Progress solgte meir enn resten av topp ti-lista tilsaman – som for øvrig inneheld navn som Susan Boyle, Bruce Springsteen, Cheryl Cole og Rihanna.

Er det Robbie Williams endelege tilbakekomst som har trigga rekordsuksessen? I så fall, regn med at nokon jobbar beinhardt for å gjenforena ‘N Sync, komplett med Justin Timberlake, i dette augeblikk.

Sjå videoen til singelen «The Flood» her:

Medan Take That med hell har gått inn for eit litt meir mannleg image sidan storheitstida på 90-talet, er det andre som ikkje er villege til å ofra synkrondans og flippskjegg for eit comeback. New Kids On The Block og Backstreet Boys  melde tidlegare denne månaden frå om ein planlagt felles turné, og i går kveld fekk fansen fyrste smakebit: NKOTBBSB stilte mannssterke og framførte ein frisk medley av dei to bandas låtar under American Music Awards. Både nemninga ‘kids’ og ‘boys’ byrjar vel å strekka sanninga vel mykje, men det er  i alle fall inga tvil om at dei ikkje bruker playback lenger:

Tags: , , , , , , ,

Del "Ta den, rock’n'roll"

Legg igjen en kommentar