Sniklytt: Stephen Malkmus and the Jicks

Sniklytt: Stephen Malkmus and the Jicks

Den tidlegare Pavement-frontfiguren sender tankar til snuskete senatorar på det komande albumet Mirror Traffic.

Skrevet av:
Publisert 14:17 9 juni, 2011

Ifjor byrja ryktene om eit Stephen Malkmus/Beck-samarbeid å svirra, og no byrjar detaljane å falle på plass: Den tidlegare Pavement-frontfiguren, for tida i spissen for bandet The Jicks, kjem i slutten av august ut med albumet Mirror Traffic – produsert av Beck. Fyrste spor frå plata – «Senator» – viser upåklageleg timing kva USAs politiske klima angår.

Tekstlinjer som «I know what the Senator wants/what the Senator wants is a blowjob/I know what everyone wants/What everyone wants is a blowjob,» sender unekteleg tankane til den lange rekka amerikanske toppolitikarar som har måtte rydda pulten etter opprullinga av pikante detaljar frå provatlivet. Siste mann ut er kongressmedlemmet Anthony Weiner, som nyleg kom i ei lei klemme etter at han ved eit uhell sendte eit lettkledd bilete av seg sjølv ut på Twitter.

Enten det er tilfeldig eller det er godt tenkt – «Senator» høyrer du her:

Låta er riktignok nokre år gamal, og Malkmus og bandet har lenge hatt den som del av livesettet sitt. Dette er likevel fyrste gong den er spelt inn i studioversjon.

Under ser du korleis det gjekk då Lydverket inviterte indielegenden inn i studio, aleine med kassegitaren:

Tags: , , , , ,

Del "Sniklytt: Stephen Malkmus and the Jicks"
 

1 kommentar på “Sniklytt: Stephen Malkmus and the Jicks”

  1. Rep. Anthony Weiner (D) er representant i Representantenes hus, og ikke senator.

Legg igjen en kommentar