Danger Mouse, Norah Jones, Daniele Luppi og Jack White. Foto: Promo

Danger Mouse, Norah Jones, Daniele Luppi og Jack White. Foto: Promo

Sniklytt: Rome

Danger Mouse hentar inn hjelp frå Jack White og Norah Jones på Rome, eitt av dei samarbeidsprosjekta det knyter seg størst forventningar til i 2011. Høyr fyrste smakebit her.

Skrevet av:
Publisert 11:20 1 april, 2011

Danger Mouse, ein av verdas mest ettertrakta produsentar og den eine halvdelen av Gnarls Barkley, har gått saman med den italienske komponisten Daniele Luppi om Rome – eit «spagetti western»-inspirert prosjekt, med hjelp frå den allstedsnærverande Jack White og eitt av platebransjens sikraste salgskort, Norah Jones. Luppi har tidlegare arrangert låtar for mellom anna Broken Bells, John Legend og Gnarls Barkley, og skrive musikk til TV-seriar som Sex og Singelliv. Forventningane til prosjektet har ikkje uventa vore store.

Danger Mouse og Luppi traff kvarandre i 2004, og fann felles grunn i sin kjærleik til klassiske italienske filmmusikk. Etter ein intens periode med låtskriving, reiste dei saman til Roma i 2006, og i Rome Forum Studios samla dei saman musikarar som samarbeida med komponist Ennio Morricone på soundtracka til filmar som The Good, The Bad And The Ugly og Once Upon A Time In The West.

I arbeidet som fulgte gjekk dei langt i å skaffe seg originalt utstyr frå 1960- og 70-talet, den italienske filmproduksjonens gullalder. Albumet vart følgeleg spelt inn utan assistanse frå 2000-talets teknologiske hjelpemiddel. Til å legga vokal på spora, hanka duoen inn Jack White og Norah Jones, som gjorde tre låtar kvar.

Via Pitchfork kan du no lytta til eitt spor frå kvar av dei to vokalistane – høyr dei under og finn ut kva du syns!

Danger Mouse og Daniele Luppi: «Two Against One», med Jack White:

Danger Mouse og Daniele Luppi: «Black»med Norah Jones:

Dei to spora kjem ut som singel på den amerikanske platesleppfesten Record Store Day 16. april, og ein månad seinare kjem heile albumet ut. Sjå traileren til Rome her:

Tags: , , , , , ,

Del "Sniklytt: Rome"
 

1 kommentar på “Sniklytt: Rome”

  1. [...] Endå eit drypp frå Daniele Luppi og Danger Mouse sitt samarbeidsprosjekt Rome: “The Rose With The Broken Neck”, med Jack White på vokal. Albumet kjem ut i midten av mai. [...]

Legg igjen en kommentar