Phoenix’ himmelferd

Har du 53 minutt til overs? Sett dei av til dokumentaren From a Mess to the Masses, om det franske popbandets store gjennombrot.

Skrevet av:
Publisert 15:01 18 oktober, 2011

Eit indiebands brå oppsving i popularitet, og dei effektar dette har for dei involverte, er ikkje ein ukjend problematikk – men ikkje desto mindre interessant.

Sjølv om franskmennene i Phoenix starta karriera med tre riktig så fine album – kanskje spesielt Alphabetical frå 2004 var av høg kvalitet – var det fyrst med Wolfang Amadeus Phoenix frå 2009  at demninga for alvor brast for kvartetten. Singlane  «Lisztomania» og «1901″ leda an mot nye høgdar,  og bandet satt snart att med ein Grammy-pris for årets beste alternative album.

Det var på denne tida, då Phoenix satte i gang med ein større turné i kjølvatnet av Wolfgang Amadeus Phoenix, at regissør Antoine Wagner bestemde seg for å følgja bandet i over eit år. Resultatet er dokumentarfilmen From a Mess to the Masses, som du kan sjå øvst i denne saken. Via Twentyfour Bit.

Regissør Wagner er òg mannen bak bandets småfine video til «Lisztomania», mellom anna filma på det tyske Franz Liszt-museet.

Tags: , , , ,

Del "Phoenix’ himmelferd"
 

3 kommentarer på “Phoenix’ himmelferd”

  1. Henrik Moss sier:

    Sorry. this video does not exist. :/

  2. Henrik Moss sier:

    Sorry. this video does not exist. :/

  3. Kan jeg lett avsette 53 minutter til. Må bare høre hele Wolfgang Amadeus Phoenix en gang til.

Legg igjen en kommentar