Frå vekkelsesmøte til stadionkonsert

Frå vekkelsesmøte til stadionkonsert

Kings Of Leon trudde dei kom til å havne i helvete då dei fekk platekontrakt. Ein ny dokumentar tek for seg historia til det som er blitt eitt av verdas største band.

Skrevet av:
Publisert 13:57 5 april, 2011

Kings Of Leon legg ikkje skjul på at dei ynskjer å vera store, og i slutten av månaden kan dei, med utselde stadionkonsertar og glødande salstal allereie unnagjort, kryssa av nok eit sjekkpunkt på lista: Under Tribeca Film Festival, som går av stabelen 20. april – 1. mai i New York, er det nemleg premiere på banddokumentaren Talihina Sky: The Story Of Kings Of Leon. Filmen er regissert av Stephen C. Mitchell, og går tilbake til bandets røtter i pinsekyrkjelyden i Nashville, Tennesse.

Les Lydverkets anmeldelse av Kings Of Leon sitt siste album, Come Around Sundown, her!

I traileren til filmen, som du kan sjå under, kjem det klart fram at den konservative bakgrunnen gav grobotn for stor tvil om musikkarriera var rett vei å velje eller ikkje. Frontmann Caleb Followill seier i byrjinga at han ikkje fekk sove i tida etter at dei visste at dei kom til å få platekontrakt; han var sikker på at han kom til å ende i helvete. Gudestatus i musikkverda var  likevel meir freistande enn underverdas djevlar var skremmande, til sjuande og sist.

Då Lydverkets reporter Kristin Winsents møtte Caleb i fjor, var han ikkje nådig mot band som ikkje våger å innrømme at dei ynskjer å bli store: Det er berre bullshit å seie at ein berre vil spela på små klubbar, hevda han. Sjå heile reportasjen, som tek for seg Kings Of Leons steg opp i rockens elitedivisjon, her:

Tags: , , , , ,

Del "Frå vekkelsesmøte til stadionkonsert"
 

1 kommentar på “Frå vekkelsesmøte til stadionkonsert”

  1. [...] Mathias gleder seg minst til er at Iron Maiden, Kings Of Leon og The Strokes skal [...]

Legg igjen en kommentar