Bobla som ikkje sprakk

Bobla som ikkje sprakk

Verdas beste musikkvideoprogram gjer comeback: VH1 bles nytt liv i Pop Up Videos.

Skrevet av:
Publisert 15:23 26 mai, 2011

Å klage over at musikkanalane MTV og VH1 vier meir sendetid til realityprogram om tenåringsmødre og bikinikledde festløver enn faktisk musikk, har ikkje akkurat sikra deg originalitetspoeng dei siste ti åra. Når ein ser på sjåartala seriar som The Hills, My Supersweet Sixteen og Jersey Shore har generert dei siste åra, er det heller ikkje overraskande at kanalane velg å halde fram med desse satsingane. Musikkvideoar finn jo det musikkinteresserte publikum fram til på eiga hand uansett.

Det betyr ikkje at realityoverfloden på dei tidlegare musikkbastionane ikkje er gyldig grunn til irritasjon: Riktignok er ikkje desse kanalane lenger dei viktigaste foruma for å oppdaga ny musikk, eller den einaste måten artistar får vist videoane sine til eit større publikum, men ein saknar likevel tida då spray-tan, falma kjendisar og hundane deira ikkje dominerte sendeflata.

Nyhenda om at VH1 har planar om å gjenopplive det fantastiske Pop Up Video-konseptet til hausten, er difor ekstra gledeleg. Programmet, der bobler av informasjon om artistane, fun-facts og ironiske kommentarar dukkar opp i løpet av populære musikkvideoar, vart teke av lufta i 2002, etter å ha vore eitt av dei mest sette på kanalen sidan starten i 1996.

Produsent Woody Thompson meiner at Pop Up Video gjekk i bresjen for formuleringa av korte, humoristiske tekstar, som i dag er raffinert til ein eigen kunstform takka vere Twitter og andre sosiale media. Han håpar difor at den nye versjonen av programmet kan framstå relevant, samstundes som det inneheld den alltid fordelaktige nostalgi-ingrediensen. Det er eit godt poeng – Pop Up Video tilbyr faktisk ein type presentasjon av musikkvideoar ein ikkje utan vidare kan finna andre stader.

Nytt for denne omgangen er at VH1 no også kan visa hip hop-videoar, noko som tidlegare var definert som søsterkanalen MTV sitt domene.

Så, kva videoar er det me vil sjå i neste runde av Pop Up Video? Her er nokre forslag me håpar vert høyrt:

Jay-Z – «Big Pimpin»

Er og blir ein av dei mest legendariske hip hop-videoane, og me skulle gjerne likt å visst nøyaktig kor mange flasker Cristal som gjekk med under innspelinga.

Lady Gaga – «Alejandro»

Gagas beste musikkvideo? I alle fall den mest interessante, og så spekka med referansar at den er perfekt for Pop Up-formatet. Og nokre forklarande ord er jo aldri feil når det kjem til Lady Gaga.

Nas ft. Puff Daddy – «Hate Me Know»

Ein av tidenes definitive «WTF?!?!»-videoar. Det skal nok meir enn nokre velformulerte bobler til for å forklare korsfestinga av NAS ,eller rytmesansen til Puff – men det hadde vore verdt eit forsøk.

Ok Go – «This Too Shall Pass»

Pionerane innan musikkvideo-som-blir-ein-meme-feltet bør sjølvsagt bli gjenstand for Pop Up-behandlinga.

Rebecca Black – «Friday»

Snakker om å ikkje vinne originalitetspoeng… Uansett, det er mykje å ta tak i når det kjem til Rebecca Blacks famøse musikkvideodebut. Så kan me berre håpe at Pop Up Video kan gje oss svaret på kva sete ho enda opp med å velgje.

White Lies – «Bigger Than Us»

Den greia med at E.T vert spelt av ein enorm sjokolade, med ei jente inni seg… Hadde vore greitt med ei nærare forklaring? Kven veit, kanskje me til og med hadde skjønt kva som faktisk skjedde med andrealbumet til White Lies.

Miley Cyrus – «Can’t Be Tamed»

Kven kom på denne ideen, og korleis lot den seg gjennomføre?

Aphex Twin – «Windowlicker»

Chris Cunninghams musikkvideoar er alle som ein verdt ein skikkeleg gjennomgang, men få gjer vel at du sitt att med så mange ubesvarte spørsmål som «Windowlicker».

Ludacris ft. Shawnna – «Stand Up»

Kor mange kortvokste menneske kom til skade under innspelinga av denne videoen?

Rammstein – «Pussy»

Trur me arkiverer den under «Totalt usannynleg».

Uansett kva det blir til – me gler oss til gjenopptakinga av Pop Up Video. Men hald tilbake den totale gleda over tilbakegang av realitybasert innhald på musikkanalane: Dei andre programma som er klare for VH1 sin haustsesong er andre runde med Love and Hip Hop og Mob Wives.

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Bobla som ikkje sprakk"
 

2 kommentarer på “Bobla som ikkje sprakk”

  1. moosa sier:

    Hvis man klager over at MTV bare viser reality og man har lyst til å holde seg oppdatert på musikkvideoer, vil jeg anbefale å gå til anskaffelse av musikkpakken til GET (hvis man er GET-kunde, da). Den inneholder fire (4) MTV-kanaler: MTV Rock, MTV Music (!), MTV Dance, MTV2, pluss VH1 og VH1 Classic. Er man en hund etter Musikkvideoer, både nye og gamle, er det vanskelig å ikke finne noe man liker der. En slags 6-kanals musikkvideoshuffle

  2. J.nas sier:

    Nas blir korfestet siden nas kan ses på som en forkortelse for nazaret, kristendomen helligste by og jesus sitt bosted. Korsfestelen kan symbolisere Nas sin………………………..
    Uansett P. sin rytme skal være et «sample» og trenger engentlig ikke følge rytmen, men det hjelper ikke at der er med vilje lagt helt feil.

Legg igjen en kommentar