Bli med på The Gathering of the Juggalos

Bli med på The Gathering of the Juggalos

Fans av rapgruppa Insane Clown Posse er ikkje heilt som andre fans. Sjå dokumentar frå ein av verdas merkelegaste musikkfestivalar her.

Skrevet av:
Publisert 12:06 27 september, 2011

Ah, Insane Clown Posse. Den amerikanske horrorcoregruppa er heilt framme i teten blant verdas mest latterleggjorte og utskjelte artistar, men det har ikkje hindra dei i å byggja seg sjølv opp som eit unikt populærkulturelt fenomen. Mykje takka vere den spesielle fankulturen som omgjer gruppa

Kvart år sidan 2000 har gruppas to medlemmer, Joey «Shaggy 2 Dope» Utsler og Joseph «Violent J» Bruce, vore vertskap for musikkfestivalen The Gathering of the Juggalos, der hardcore Insane Clown Posse-fans, kjend som juggalos og jugalettes, samlast i fire dagar for å gå på konsertar, møta likesinna og ta ukjende mengder dop.

Sjå den heilt genuine, og 14 minutt lange, promovideoen til The Gathering of the Juggalo 2009:

Publikumsdemografien er sjølvsagt variert, men sjølverklærte sosiale utskot og white thrash-ungdommar er overrepresentert på festivalområdet. Samhaldet dei imellom vert manifestert gjennom kjenneteikn som ansiktssminke, helsinga «woop woop», ein forkjærleik for brusen Faygo og tatoverte Insane Clown Posse-logoar.

Sjølv om «The Gathering» framleis må reknast som ei nokså obskur sideelv til mainstreamen, har festivalen den siste tida tiltrekt seg ein god del merksemd frå både media og utanforståande publikum, og blitt ei myteomspunne årleg hending. Dette kan ha fleire årsaker: Ein enormt populær sketsjeserie av Saturday Night Live, som er ein direkte parodi av The Gathering Of The Juggalos, gjorde fenomenet allment kjend i USA, medan realitykjendisen Tila Tequilas opptreden på fjorårets festival, som enda med at ho vart bombadert med flasker, søppel og avføring (!) frå publikum, fekk brei pressedekning over heile verda. Ein skal heller ikkje undervurdera gruppas evne til å skapa klikkvinnarar på YouTube – alle elskar som kjend nokon å hate.

Les om korleis det gjekk då Lydverkets anmeldarpanel høyrde Insane Clown Posses «Leck Mich Im Arsch» for fyrste gong.

Då den tolvte utgåva av festivalen gjekk av stabelen førre månad, var lista over akrediterte pressefolk femdobla frå i fjor. Ein av dei som vidareformidla den sikkert nokså spesielle stemninga, var filmskaparen Sean Dunne. Hans dokumentar frå The Gathering of the Juggalos ser du under.

«American Juggalo», av Sean Dunne:

Eit anna blikk på festivalen får du i Insane Clown Posses eigen musikkvideo til låta «Juggalo Island»:

Og når me er i gang: Sjå Shaggy og Violent J undra seg over verdas mirakler i «Miracles»:

Bonus:

Dersom du vil vita meir om Juggalo-kulturen og The Gathering of the Juggalos, kan det vera verdt å rota i avisbunka etter D2 frå eit par veker sidan – også deira utsendte opplevde det heile på kloss hald.

Tags: , , , , , , , , ,

Del "Bli med på The Gathering of the Juggalos"
 

6 kommentarer på “Bli med på The Gathering of the Juggalos”

  1. Jeg elsker at de folka her 

    1) Føler seg hatet og utstøtt fra hele verden og klager over hvor vondt de har det
    2) Sier at alle er velkomne inn i deres Juggalo-verden
    3) «Realitykjendisen Tila Tequilas opptreden på fjorårets festival, som enda med at ho vart bombadert med flasker, søppel og avføring (!) frå publikum»

    Juggalos står ikke for en dritt og har heller ikke forstått en dritt. De har bare lyst til å være på fylla resten av livet uten ansvar fordi de nekter å gi opp den evige fredagen og vokse opp. 

    For en kjip belastning for det amerikanske samfunnet.

  2. Jeg elsker at de folka her 

    1) Føler seg hatet og utstøtt fra hele verden og klager over hvor vondt de har det
    2) Sier at alle er velkomne inn i deres Juggalo-verden
    3) «Realitykjendisen Tila Tequilas opptreden på fjorårets festival, som enda med at ho vart bombadert med flasker, søppel og avføring (!) frå publikum»

    Juggalos står ikke for en dritt og har heller ikke forstått en dritt. De har bare lyst til å være på fylla resten av livet uten ansvar fordi de nekter å gi opp den evige fredagen og vokse opp. 

    For en kjip belastning for det amerikanske samfunnet.

  3. Anonym sier:

    Fuckin magnets

  4. Anonym sier:

    Fucking comments… how does this work?

  5. [...] Bli med på The Gathering of the Juggalos [...]

  6. Russetid for de som ikke av ulike årsaker ikke får bli russ. Makan til galehus. Imponerende at noen faktisk har fått opp telt. Hjerneskada folk blir altså IKKE smartere av dop. Forsåvidt godt å vite…..

Legg igjen en kommentar