Taqwacore-bandet The Kominas på scena. Frå dokumentaren <I>Taqwacore: The Birth Of Punk Islam</i>.

Taqwacore-bandet The Kominas på scena. Frå dokumentaren Taqwacore: The Birth Of Punk Islam.

Anbefalt: Islamsk punk

Dersom påskekrim ikkje er heilt di greie, har NRK2 eit flott alternativ på programmet i kveld: Dokumentaren Taqwacore: The Birth Of Islam Punk viser opphavet til den amerikansk-muslimske avarten av punksjangeren.

Skrevet av:
Publisert 15:00 19 april, 2011

I 2002 satt 25 år gamle Michael Mohammad Knight seg ned for å skrive det som skulle bli til romanen The Taqwacores. Boka fortel historien om ei gruppe oppdikta muslimske punkarar, som bur, festar og ber i eit kollektiv i New York. Religion vert blanda med sex, dop og rock,  i den fiktive muslimske subkulturen taqwacore . Lesaren møter muslimske skinheads, straight edgarar, skatarar, homofile og feminstar, buande under same tak – med eit hol slått inn i veggen for å indikera retninga mot Mekka.

Knight, som hadde konvertert til islam då han var 15, var klar til å ta eit oppgjer med religionen sin, og såg på romanen som eit farvel. Det ferdige resultatet kopierte han sjølv opp, stifta saman og delte ut til unge muslimske menneske han møtte. Responsen som møtte han fekk likevel til å revurdera avskjeden med islam – for sjølv om undergrunnsmiljøet han skisserte i The Taqwacores i høgste grad var oppdikta, inspirerte romanen danninga av slike miljø i den verkelege verda.

Dokumentaren Taqwacore: The Birth Of Islam Punk tek for seg historia til denne unge musikkrørsla. Sjåaren vert teke med på den fyrste USA-turneen til ei rekke taqvacore-band, med Knight med på laget. Turen går òg til Pakistan, der den amerikanske opprørskulturen vert stilt ansikt til ansikt med ein muslimsk kvardag.

Sjå traileren til dokumentaren under, og heile på NRK2 kl.22.10 i kveld!

Det fyrste bandet som fann sitt utspring i Knights roman, og som ein òg vert betre kjent med i dokumentaren, var The Kominas (urdu for bastard). Dei fire pakistansk-amerikanske medlemmene møtte kvarandre i moskeen som tenåringar og på college, og bestemte seg for å danne band etter å ha lese The Taqwacores. Sjå videoen til låta «Tunnnnnn» her:

Lesbiske Sena Hussain danna gruppa Secret Trial Five, beståande berre av jenter, etter å ha høyrt The Kominas på MySpace. Sjølv om dei sjølv tek avstand frå taqwacore-merkelappen, vert bandet like fullt trekt fram i Taqwacore: The Birth Of Punk Islam.

Syrisk-amerikanske Marwan Kamel er ikkje sjølv spesielt religiøs, men hans band Al-Tharwa (arabisk for revolusjonen) er sterkt inspirert av arabisk kultur. Dei vart med på Taqwacore-turneen etter å ha blitt spurd av Knight og The Kominas. Under ser du videoen til låta «Beneath The Edifce».

Knights The Taqwacores har òg inspirert ein spelefilm med same namn. Her møter me Yosuf, ein ung amerikansk-pakistansk ingeniørstudent som flyttar inn i eit muslimsk punkekollektiv i New York. Sjå traileren til filmen her:

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Anbefalt: Islamsk punk"
 

4 kommentarer på “Anbefalt: Islamsk punk”

  1. Muslim_inshAllah sier:

    Det er synd å se sånne type «muslimer». Dei er stor skam for EKTE MUSLIMER og religionen vår=(( Og musikken deres er SHIT!

    • Cristoffer sier:

      DU min venn er en idiot. De er ikke mindre muslim enn det du er. Det er snart på tide at dere muslimer snur den jævla bakvendte hverdagen deres og aksepterer mennesker for hva de er og ikke hva de er født som. Det har disse menneskene forstått! De har sett sitt snitt til å uttrykke seg i den frie verden. Take a hint!!!

  2. s.o.d. sier:

    «Punk aint no religious cult
    Punk means thinking for yourself»
    Det er synd å se den type «pønkere». Det er en stor skam for EKTE PØNKERE! Og islam er DRITT!

  3. Dude. sier:

    Herregud for noen idioter dere er, en stor del av å være punk er å være seg selv, noe som de er, å påstå at du er mer punk enn andre er tull.
    Og hvis du tror at en religion har noe imot noen som driver med musikk og kunst og prøve å sprenge grenser, så er det bare stygt.

Legg igjen en kommentar