FETT SKAL HJELPA MEG Å BLI LETT

JLB
Her er min personlege ernæringsrådgjevar, Johnny Laupsa Borge, med nokre av dei matvarene eg skal bruka mykje framover.

Egg toler eg godt å eta 3-6 av kvar dag, i ulike variantar . Omelettar, eggerøre , hardkokte, steikte , bløtkokte o.s.v. og egg inneheld alle typar næringsstoff – karbohydrat, proteiner – og ikkje minst fett!

Og det er masse fett som skal hjelpa meg på vegen til å bli lett – i alle fall lettare.

Olja UDO’s choice er ei spesialsamansett olje som eg tek 2 ss av 2 gonger i døgnet. Alle omega greiene får eg då i meg og eg kjenner meg faktisk mett ein times tid og kan venta litt med måltidet. Ellers et eg feit fårikål og feittranda på svinekotelettane som eg før skar bort glir no ned på høgkant.

Alt etter 3 veker med langt meir fett- inntak merkar eg at det blir mindre av meg.

Etterkvart skal vi og leggja ut oppskrifter på feit slankemat.

Har du tips til kva mat eg bør eta? Legg inn tips og oppskrifter i kommentarfeltet under!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til FETT SKAL HJELPA MEG Å BLI LETT

  1. johannes kollenes sier:

    drt må vere mye bedre å spise god og feit mat enn som eg som no må ta sterke medisiner som alle har den bivirkning att att ein går opp i vekt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *