EITT MINUTT I VEKA ER NOK

Egil pumper i treningsstudio

Trenar du statisk styrketrening eitt minutt i veka vil du garantert merka forskjell på skrotten. Dette trudde eg var reinhekla tøv heilt til eg fekk prøvd.

Etter fleire forsøk hos fysioterapeut Arne Lutro (bildet under) på Tunvoll Trimstove på Lofthus i Hardanger kan eg slå fast at dette merkar du garantert.

Men, det er viktig at ein kvalifisert person instruerer og finn rette vekta slik at du ikkje risikerer belstningsskadar.

Ti minuttar  oppvarming – så 5 øvingar på 10 sekund kvar – med litt pause i mellom og du har unnagjort ei effektiv treningsøkt på i alt eitt kvarter.

Men husk – det er tillatt og tilrådeleg å trimma utanom med kondisjonstrening enten du går, joggar , driv svømming eller går på ski.

Personlig trener Arne Lutro

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *