Ny lyd i lokalradioen

Radio er NRK Sogn og Fjordane sitt største medium og morgonsendingane våre frå klokka seks til ni om kvardagane samlar desidert flest lyttarar. Sidan i haust har vi arbeidd med å gi sendingane våre ”ny lyd”. Eirik Molnes Husabø frå Florø er hyra inn til å gi sendingane eit meir moderne lydbilete – samtidig som vi held på det gamle.

Godt humør skal vera ein gjennomgangstone i sendingane. Ikkje alt skal vera festleg, men lyttarane skal sjå føre seg ein programleiar som smiler.

Vi har også gått gatelangs i fylket og spurt folk om synspunkt på det vi sender i lokalradioen, her har det komme inn litt av kvart – og kanskje får du høyra nokon du kjenner når vi dreg i gang den nye lyden måndag 16. februar.

Det er fjerde gongen NRK Sogn og Fjordane endrar lydkulissane sidan distriktskontoret vart oppretta i 1979. Radiovanar bør endrast sakte – og det skal ikkje gjerast for store endringar. Små steg heiter det på radiospråket.

Fram til no har vi berre testa dei nye kjenningane på NRK-tilsette og er sjølvsagt spente på reaksjonar frå lyttarane. Vi trur det er små steg mot noko betre!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

7 kommentarer til Ny lyd i lokalradioen

  1. Carsten Pihl sier:

    Morsomt å lese om dette. Har reflektert noen ganger om hvor ulike distriktssendingene høres ut.

    Er vant til Østlandssendingen hjemmefra, den er ganske «kjapp-kjapp», nesten P4/Radio1 aktig. På hytta til svigers er det Hedmark/Oppland, der er tonen en annen. Hos mor og far i Finnmark er det fortsatt hilsner på statsradioen! Mens i Vestfold/Telemark er det en annen lyd.

    Det hadde vært morsomt å høre noe om hvordan dere har tenkt – hvordan lyden for SF skulle være, kontra f.eks lyden for Hordaland, MR, Trøndelag, eller Østlandssendingen, for den del. (Egentlig burde dette være Kurer-stoff, men det er en anne sak!) Lykke til!

  2. Hei! Dei fleste distriktskontora går no for ein felles pakke. I NRK Sogn og Fjordane har vi bestemt oss for å gå vår eigen veg for å skilja oss ut frå dei andre. Så lokalsendingane tli NRK går frå å vera ulike til like, medan vi er litt sta!

    Carsten Pihl du går gå på nettet og sjekka lyden måndag og gi oss tilbakemelding på kva du tykkjer!:-)

  3. Carsten Pihl sier:

    Det skal jeg gjøre! En ting er nå lydkulissene, men en annen ting er programlederstilen. Den varierer veldig. Er dette planlagt/gjennomtenkt eller skjer det bare fordi man er forskjellige fra landsdel til landsdel?

  4. Litt av poenget med å ha distriktssendingar må vera at dei har sin lokale måte å gjera ting på – samtidig som at dette skal passa inn i P1 sin profil. Programleiarane må også ha sin personlege stil innanfor visse rammer. Trur det er til beste også for lyttarane.

  5. Sigbjørn sier:

    Betyr denne nye moderne stilen at det er slutt på det obligatoriske (det er ikkje kødd, trur nesten aldri eg har opplev unntak) folkemusikkinnslaget? Ikkje at eg har veldig mykje i mot fele og trekkspel, men musikkmessig er det å rekna som ein ekstemitet. Samstundes har eg aldri opplevd noko meir rocka enn Elvis. Er de meir redde for at gamlingane skal skru av radioen pga Turboneger, enn at unge skal skru av pga Ramstadlaget?

  6. Jon sier:

    Gje oss dei gamle lydane tilbake! Dei de hadde før hadde på ein måte noko mektig og storslått over seg, noko desse nye langt ifrå har. Dei nye er etter mine musikalske øyrer alt for «mainstream», flate og keisame. Skarre-r som dei fleste i fylket tykkjer er grusomt å høyre på toppar det heile, og er heller ikkje representativt då det er eit knøttlite fåtal som har den.

    De gjekk diverre frå å ha dei klart beste lydane i NRK til dei dårlegaste. Eg har høyrt på vignettane til alle lokalsendingane til NRK både før og etter dei fleste skifta, og eg må seie at ingen slo dei de hadde før. Er det so viktig å skifte, kunne de heller brukt dei same vignettane som dei hine bruker (ikkje at dei er so alt for mykje betre dei heller). Gode vignettar har meir å seie for lyttaroplevinga enn dei fleste trur.

    Noko eg, og truleg fleire hadde sett pris på var om de kunne laste dei gamle vignettane opp til nettarkivet dykkar slik at dei ikkje går tapt for oss. Helst utan tale og annan støy attåt. Altso berre sjølve vignettane. På førehand takk!

  7. article sier:

    Stabilitet. Denne typen gir fotbuen støtte med demping for resten av midt-såle. Overpronasjon av svak til moderat nivå gjør det bra i denne stilen. Trail sko skal brukes hvis du kjører off road. Disse har også veigrep og en mbt norge viss beskyttelse mot vann. Disse er lav profil for å gi deg bedre stabilitet på ujevne stien går.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *