Til helga rullar toppfotballen att i Norge. Dei store mediehusa har brukt fleire hundre millionar kroner på senderettane – og mykje av konkurransen om brukarane skjer no på nettet. VG Nett har blant anna planar om spektakulære fleirkameraproduksjonar frå eliteserien i fotball. Meininga er at fotballinteresserte skal betala for å sjå desse kampane.
Problemet til VG Nett er at nettet slett ikkje er dimensjonert for massedistribusjon av direktesendt video med høg kvalitet (god oppløysing). Det er heller ikkje mogeleg å reservera kapasitet i dette nettet slik td. NRK gjer for TV-sendingane sine i det digitale bakkenettet og via satellitt. Når breibandet blir for smalt, og det blir for mykje fotball på ein gong, kan ein risikera at det heile stoppar opp i same sekund som Daniel Nannskog er i ferd med å bryta igjennom Vålerenga-forsvaret.
Difor kom det negative reaksjonar då det denne veka vart gjort kjent at NRK kjem til å senda alle kampane i 1. divisjon fotball gratis på Nett-TV. Direktør Jo Christian Otterhals i VG Nett seier til Dagens Næringsliv at han er bekymra fordi datalinjene søndag kveld vil vera fulle av fotball og annan datatrafikk. Når eit gratisprodukt opererer samtidig med ei betalingsløysing vil dette øydelegga for dei som skal tena pengar, seier han til avisa.
Med seg i krigen mot NRK har han fått TV2 – som tydelegvis ikkje er langsinte etter at VG Nett la ut oppskrifta på korleis folk gratis kunne ta inn landskampen mellom Tyskland og Norge. No går dei to kameratane i lag til fotballforbundet og ber om at NRK sine planar om å senda 1. divisjon gratis blir stoppa.
Eg skal ikkje gjera meg til oppmann i denne saka, sidan eg heilt klart er ein del av striden. (Vi skal senda Sogndal sine kampar på Web-TV) Men vil det vera rett av NRK å ta tilleggsbetaling for denne sjåinga – så lenge NRK har betalt for desse senderettane med lisenspengar? Det vil vera rimeleg frekt å krevja betaling for dette ein gong til! Og er det NRK sitt problem at VG Nett og TV2 tømmer den gode vinen ned i ei trakt som er alt for lita?
Eg berre spør!
Nei, det er heilt rett av NRK å senda dette gratis. Og det er ikkje NRK sitt problem om nettet bryt saman, det er først og fremst Telenor sitt. No vil me tydeleg få sjå resultatet av mange års forsømmelse av nettutbygging!
Og det er «last mile» som er flaskehalsen. Telenor gjer det same som med ISDN; tyner teknologien til siste dråpen og vel så det. No er det koparnettet som skal mjelkast for dei siste dråpane, då dei heller skulle vore i full sving med fiberlegging heilt ut til abonnentane.
Difor er det bra at dette blir synleggjort, av NRK og andre.
Det er supert at NRK skal vise kamper fra 1 divisjon gratis, gledar meg til å få sjå bortekampane til Sogndal. Håper at fotballforbundet innser at krava fra VG og TV2 er tåplige.
Har kopar eg og, trass i at eg bur i dei mest folkerike områda i fylket. Humpar og går, og havnar i endelause telefonkøar når eg ringer og spør korleis det blir med fiberutbygging.
Alle kampane i 1. div skal visast på NRK sin Nett-TV. Vi jobbar på spreng med å få ferdig teknikken – og brukar mange millionar kroner på dette, så dette skal ingen få stoppa:-)
For oss «konsumentane» er det ikkje så viktig kven som viser kampane, så lenge kvaliteten er god. Men som du påpeikar kan det blir i trongaste laget på nettet når fleire vil vise det same.
Det er ikkje berre fotball som gjer at nettet korkar seg, og om eg av ein eller annan merkeleg grunn skulle ha blitt fotballinteressert, så kunne eg reist på jobben i Førde sentrum og sett kampen. Der er tilhøva bra, og Enivest kan levere fiber. Men nettbruken er stadig aukande, og kapasiteten har stått mykje i ro siste åra. Eg søkte for nokre dagar sidan om å få auka kapasiteten hos Telenor heime. Eg bur ca. 3,3 km frå næraste sentral.
Eg har i dag 3000/350 kbit.
Her er standardabonnementa hos Telenor:
Bredbånd Basis: 1500/400 kbit/s
Bredbånd Medium: 5000/500 kbit/s
Bredbånd Premium: 16000/800 kbit/s
Eg prøvde meg på Premium-varianten. I går fekk eg skriftleg svar hjå Telenor at eg ikkje kan få høgare fart enn eg har i dag, og at det er ingen planar som utbygging som gjer at kapasiteten blir betra. Det siste er det som skuffar mest, men eg er sjeleglad for at eg ikkje er avhengig av å sjå dei omtalte fotballkampane.
Eg er ingen ekspert på området, men det har blitt meg fortalt at vi langt på veg kan takke pornoindustrien for internett sin framvekst og ekspansjon.
No ser det ut til at vi må lite på 11 hjulbeinte karar i kortbrok og med hårbøyler for å sikre framtidas fiberutbygging.
Det går med andre ord framover med verda – om enn smått.
Hei! Premiumvarianten ser ut til å eksistera berre i annonsar! Dei brukar algoritmar til å rekna seg fram til kor storleiken på bandbreidda til kvar husstand – og i området der eg bur trur eg dei har brukt god gammaldags hesjestreng til å senda datatrafikken på. Når kalkulatoren har rekna seg ferdig blir det i alle fall fint lite att til meg:-)
Svend Arne! Trur du har rett i at det er denne type massebruk som vil tvinga fram utbygging!:-)