Difor blir debatten stoppa!

For ein redaktør er det slett ikkje kjekt å stoppa debattar slik NRK Sogn og Fjordane gjorde i helga. Det ligg i heile gjerninga vår at vi skal gå i bresjen for det frie ordet. Vi skal syta for at det er høgt under taket, og grasrota skal slepa lettare til i debattar enn maktpersonar.

Slik skal det vera også når folk i fylket skal diskutera underskotet etter Tall Ships Races. Her er det bruken av fellesskapet sine verdiar som blir debatterte og folkedjupet har krav på å få uttala seg om bruken av deira pengar.

I NRK sine kommentarfelt er det fritt fram. Du kan velja namn, til og med andre sitt namn, og sjølvsagt innhaldet sjølv. I løpet av sekundar kan folk leggja frå seg svært dryge utsegn om namngitte personar som har tusenvis av lesarar i løpet av nokre timar. Lesarane kan varsla oss om innhald som går over streken, men vi må likevel følgja nøye med desse nettdebattane. Dette er ei moderat form for moderering som gjer det enkelt for brukarane, men stiller strenge krav til at vi følgjer med på debattane.

99,9 prosent av alle debattinnlegg publiserte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider er gode – og held seg klart innanfor det som er akseptabelt. Men i helga tok dette heilt laust . Mange av debattinnlegga om økonomien i Tall Ships Races hadde stygge personkarakteristikkar som slett ikkje høyrer heime i ein samfunnsdebatt. Vi var aldri i tvil om stengja denne debatten!

Kvar går så grensa? Vanleg folkeskikk er som regel ein god peikepinn og står du fram med fullt namn kan du tillata deg litt meir enn om du er anonym!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

10 kommentarer til Difor blir debatten stoppa!

  1. Harry Mowatt sier:

    Vi må vel tru deg på ditt ord Kaiken, når du seier at utsegnene i dette tilfelle tok heilt av med omsyn sjikane.Då må det ha vore grovt, eg er ein av dei som snakkar ut frå ei viss røynsle.Stygg personsjikane er ikkje noko nytt i slike debattar, gjerne i fleire omgangar og retta mot dei same personane – utan at eg har registrert bekymringar eller debatt-stopp frå verken NRK eller Fjordenes Tidende i slike samanhengar.

    For min del meiner eg det skal svært mykje til for å stogge slike debattar. Sjølv om kjeftbruken kan vere i overkant grovkorna, bør respekten for ytringsfridomen ha forkøyrsrett. Folk treng slike luftehol når frustrasjonen er sterk. Og sit ein i maktposisjonar der ein har ansvar og fullmakter til å agere på vegne av fellesskapet så får ein tole såpass i einskilde høve. Serleg når ein har køyrt skuta så grundig på land som tilfelle er her.

    HarryMowatt

  2. Stemmer det Harry M. Svært stygge ting, så her var det slett ikkje tvil. Andre gonger blir vi sitjande litt og vippa på stolen før vi landar på ei avgjerd. Kan henda gjer vi også dårlege vurderingar, og vi får ofte negative reaksjonar på at vi grip inn mot desse debattane. Har skrive litt om det her: http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html

  3. Harry Mowatt sier:

    Ok – men kvar går grensa for «svært stygt»? Bruk av skjellsord? Kalling? Negative personkarakteristikkar? Det at personen blir skulda for mangel på vit og forstand? At innlegget handlar om person mykje meir enn sak? At motiv blir mistenkjeleggjort?

    Ingenting av dette er nytt i dykkar nettdebattar.

    I ein annan debatt på dykkar nettside i dag blir diverse namngjevne personar i Sogndal Fotball kalla «røvasleikjarar». Innlegget har stått der i to timar….

  4. Pål Befring sier:

    Kan de ikkje berre fjerne dei innlegga de synes er for «grove», og la debatten gå ? Merkeleg at de forsvarer retten til å vere anonym, men på same tid svekker ytringsfriheita ved å fjerne ein debatt..

  5. Hei og takk for innspel!
    Grensa for svært stygt er det i siste instans mitt hovud som må strekkja. Har ikkje så lyst til å diskutera enkeltmeldingar det blir kommentert på, men likevel seia at dette er noko vi i NRK Sogn og Fjordane har oppe til diskusjon kvar einaste dag.

    Når det gjeld moderering av enkeltinnlegg så gjer vi det. Men nokre gonger tek dette heilt laust, og det kan ma. vera vanskeleg å fjerna enkeltinnlegg på grunn av samanhengen. (andre innlegg er ofte oppfølgjarar på eit innlegg som blir fjerna osb.)

    I går opna vi for debatt om Tall Ships Races att på dagtid, men tek debatten ned om natta når vi ikkje har folk i redaksjonen som kan kontrollera innlegga.

  6. Pål Befring sier:

    Takk for godt svar 🙂
    Mvh.
    Pål

  7. Lars sier:

    Men folk må no kunne oppføre seg. Om dei brukar ufine ord og karakteristikkar ilag med argumenta sine, so slett heile greia. Ein kan jo og skilte med at IP-adresser vert registrert og evt. ufine meldingar kan bli spora.

  8. Leif sier:

    Jeg lurer på hvor grensen går for usaklige innlegg. At en navngitt person blir karakterisert som «udugelig», er det usaklig? At noe bør «ta sin hatt og gå», er det usaklig? At noen har «sovet i timen» er det usaklig?

    I min verden er karakteristikker som går på folks personlighet og som _ikke_ har noe med saken å gjøre usaklige. F.eks er en uttalelse som at «NN er udugelig og bør snarest finne seg noe annet å gjøre» saklig, mens «Den alkoholiserte NN bør finne seg en annen jobb» er usaklig.

    Er det mulig å komme med en oppklaring her? Jeg leser ofte at debatter er fjernet fordi det var usaklige innlegg, men det eneste usaklige jeg har sett er at en person ble knyttet mot alkohol når dette ikke hadde noe med saken å gjøre. Å fjerne hele fora fordi et innlegg er usaklig er litt drøy kost. Man kan da fjerne akkurat de innleggene som går over streken. Dersom disse har «haler» er det vel OK å slette disse også.

  9. Leif! Eg tykkjer du har ei grei vurdering av kva som bør modererast. Men ofte er dette grensegangar som er vanskelege. I sakene om Tall Ships Races har enkelte debattantar gått inn på familiære og personlege ting som etter mi vurdering er soleklare overtramp. Har sjølv vorte karakterisert som uintelligent på bt.no sine debattsider og meiner sjølv eg må tola det. Skribenten har kanskje også rett? 🙂

  10. Leif sier:

    Jeg er enig i dine betraktninger (bortsett fra at du er uintelligent, det er du såvisst ikke!) Det ligger egentlig i ordet USAKLIG at det er noe som ikke har med saken å gjøre. Hvis blir folk får karakteristikker som tilhører saken (f.eks at en økonomiansvarlig må lære seg å regne), er dette pr.def SAKLIG. Når kritikken inneholder noe som ikke har med saken å gjøre (f.eks at en økonomiansvarlig kritiseres fordi huset hans er grønt) er det pr.deg USAKLIG.

    Vel, dette var vel ikke særlig nyttig info, kun en rett-frem analyse av ordene SAKLIG og USAKLIG.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *