Meir trekkspel i NRK P1?

Den siste veka har eg fått tre telefonar og ein lang epost om at det blir spelt for lite trekkspel i NRK P1. NRK Sogn og Fjordane må vel ha vit til å spela noko meir enn Janne Ahonens smil med Åge Aleksandersen, sa ein kar frå Nordfjord før han la på røyret.

Sverre Aase frå Vik formulerer seg slik: ”Eg trur eg må vere ein av dei mest trufaste radiolyttarane til NRK P1. Radioen står på heile dagen, for eg likar å høyra på lokalsendingane og det er mange fine program på P1. Men no må eg snart byta kanal, for den einsformige musikken dei spelar har begynt å gå meg nervane laust.

Aase prøvde å skru seg inn på NRK Hordaland men fann nesten same musikken der. 80 prosent av all musikken som blir spelt i NRK P1 blir nemleg plukka av ekspertar i Trondheim. Dei går vitskapleg til verks, brukar breidt samansette smakspanel med mentometerknappar, og om natta blir popsongane spela over på datalinjer – klar til å bli kringkasta i dei regionale radiosendingane på P1.

Det er altså slutt på tida der programleiarane kunne gå i platearkivet og henta fram russiske julesongar, og bra er det. Undersøkingar viser at det er den såkalla programleiarmusikken som skårar dårlegast blant publikum. Ein enkelt person er rett og slett ikkje i stand til å finna ut kva musikk som fengar dei store massane.

I NRK Sogn og Fjordane står vi difor att med å plukka lokalmusikken som skal vera 20 prosent av all musikk vi spelar. Her kan vi sjølvsagt leggja inn meir trekkspel, men eg er usikker. Har ikkje Sjetraddane og Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb fått nok sendetid? Eg berre spør! Er det for mykje eller for lite trekkspelmusikk i lokalradioen – NRK Sogn og Fjordane!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

39 kommentarer til Meir trekkspel i NRK P1?

  1. Anders Hopland sier:

    Lite trekkspel??
    rart.. synest Rynka og den allèen i Høyanger går att støtt og stadig..
    Men tannlaus musikk er det nok av i radioen – lokalradioen inkludert.
    Det er litt rart nå det finst so mykje bra og fengjande kvalitetsmusikk som ein ikkje høyrer på VG-lista. etc.

  2. Sverre sier:

    Det er umogeleg å spele for lite trekkspelmusikk i lokalradioen. Ein vismann sa ein gong at definisjonen på ein gentleman er ein person som kan spele trekkspel, men som ikkje gjer det.

  3. Jeg er nå av den oppfatning at P1 kanskje prøver å favne litt vel vidt. Å først spille trekkspillmusikk og så hoppe rett på en skrikende Anastacia er et vel stort hopp for de fleste. Ja til mer rendyrking av musikkprofilen! Men det er vel heller lite dere i sogn og fjordane kan gjøre med det, desverre. Jeg blir nok nødt til å fortsette som jeg har gjort i det siste: Bytte kanal fra P1 til P3 når dere spiller musikk.

  4. «Ein enkelt person er rett og slett ikkje i stand til å finna ut kva musikk som fengar dei store massane.» Seier Pedersen.

    Men dei store massane (representert ved ekspertane på Tyholt) er heller ikkje i stand til å finne ut kva musikk som fenger enkeltpersonen Bernt Baltzersen, (endå han er omtrent alltetande i musikk), difor høyrer ikkje Bernt Baltzersen meir enn høgst nødvendig på P1 (og lokal NRK-radio).

    For mykje eller for lite trekkspel er ikkje problemet.
    Det stygge er at dei høge herrane i NRK undervurderer publikummet sitt.
    Ordren er: Pizza Grandiosa til alle, ketchup smurt utover all mat, pommes frittes og pils (4,7 prosent) til alle måltid.
    Aldri ei overrasking, aldri ei utfordring, aldri eit forsøk på å bringe mugen eit steg til sides for den musikalske kvardagsrutinen.

    Musikkutvalet i P1 kan vel liknast med ein straum av ymse slag graut, i ulike sjatteringar av grå eller kvit, men utan kanel, smør, sukker og salt.

    Høyrer vi nokon gong Les Nègresses Vertes? Der er det trekkspel.
    Høyrer vi Eleftherìa Arvanitàki? Ho kan til og med ha med ein klarinett. Høyrer vi Madredeus?
    Eller Rascal Flatts?

    Mi oppmoding til alle er: Lytt til P2 og bli positivt overraska.
    Og nyttar det ikkje der heller, så prøv P3, mykje bra!
    Men gå ikkje til andre enn NRK.

    Helsing frå Bernt, med dei beste ønske om berre kvalitetsmusikk for framtida.

  5. Gry Seim sier:

    Eg er òg av den formeining at musikken er for lite variert. Den same musikken går igjen i alle kanaler og det er til tider eit slit.
    Ein burde tilpasse musikken etter tilhøyrergruppa og den varierer gjennom dagen. Dette blir det ikkje tatt hensyn til i stor nok grad.
    Ein anna ting er styrken på musikken i forhold til tale. Det oppleves som nivået blir skrudd opp ved musikkinnslag og saka er at det burde vore motsatt.

  6. Hei! Det er mange mytar om dei såkalla lyttargruppene. M.a at dei varierer svært mykje i løpet av dagen. I gamle dagar trudde vi at det berre var 80-åringar som sto opp før sju – og at vi difor måtte spela åndeleg musikk så tideleg om morgonen. Her bomma vi på to fundamentale ting: Nemleg at det er alle slags aldersgrupper som høyrer på radioen grytidleg – og at alle eldre likar musikk med åndeleg innhald. Begge deler er feil. Eldre likar all slags musikk og blant våre mest trufaste lyttarar om morgonen er småbarnsforeldre.
    Som redaktør for ei sendeflate som sender 6 timar kvar dag i P1 skulle sjølvsagt ynskja at alle høyrte heile tida på denne kanalen, men dei fleste er nok som Bernt Baltzersen, dei flyttar seg mellom kanalane. Sjølv høyrer eg svært mykje radio, kanskje like mykje på P1, P2 og P3. Akkurat no er eg svært nøgd med at det er opna for å ha musikk i NRK sine podkastar! Prøv det! NRK Sogn og Fjordane legg førebels ut Radio Røysi (tilgjengeleg ma på Itunes.)

  7. Åse Havn sier:

    Er det noko gale med trekkspelmusikk, eller? Det bør vere 2- to- trekkspellåtar pr. dag i sfj/ førde, Vi over 65 pluss er oppvaksne med trekkspel og gammmaldans, så det er eit sakn! Eg tek gjerne ein svingom med meg sjølv når det vert spelt noko bra på nrk/ førde. mvh Åse Havn

  8. Åse Havn sier:

    Er det noko gale med trekkspelmusikk, eller? Det bør vere 2-to- trekkspel låtar
    pr. dag i nrk/Førde. Minst!! Vi som er 65 pluss er oppvaksne med trekkspel og gammaldans, så dette er eit sakn. Eg tek gjerne ein svingom med meg sjølv når eg
    høyrer noko bra,til eksempel trekkspel musikk!

  9. Odd Frantzen sier:

    Meir trekkspel musikk eller ikkje. Ein ting er sikker, det er alt for lite variasjon i musikken på P1, lokalradioen inkludert. Det er behov for meir jazz, klassisk, korpsmusikk, gammaldans, tradisjonsmusikk, rap og rock. Er det verlekeg slik at det sit «ekspertar» i Trondheim som avgjer kva som skal spelast i lokalradioen? Det var i grunn litt sjokkerande. Eg er overbevist om at meir trekkspelmusikk ville ha falle godt i smak hjå svært mange av lyttarane i fylket. Kvifor ikkje tilfredstille dei? hmm.. kven er det eigentleg «ekspertane» i Trondheim prøver å tilfredsstille? Dei komersielle interessene? Eg synes det er alt for mykje komersiell popmusikk som blir spelt i P1. Eg er stygt redd for at det er det komersielle som styrer her og…sukk..

  10. Per Ole Hagen sier:

    Jeg har blitt oppfordrt til å henge meg på her, og det gjør jeg gjerne.

    Først vil jeg si at «til lags åt alle kan ingen gjera», og ha meg unnskyldt hvis jeg skulle bomme på språket i ordtaket. NRK P1 har rundt regnet 2 millioner lyttere hver eneste dag, og det er veldig mye, ca. 45% av hele befolkningen over 12 år. Før Kanal 24 kastet inn håndkledet og Radio Norge overtok med kynisk kommersiell radio, hadde vi litt over 50% oppslutning. 5-6% av NRK P1s lyttere har altså gått til en kanal som bare spiller internasjonal popmusikk og de spiller kun en brøkdel så mange sanger, eller låter, som vi spiller i NRK P1 (ca. 500 mot 4000 + all lokalmusikken i P1). Radio Norge skal også spille norsk, 35%, i likhet med P4, men hva gjør de? De spiller den om natta! Da kan du høre norsk popmusikk fra «de siste fire tiårene» fra kl. 00 til 06, bare avbrutt av samiske nyheter, som også sendes om natta. Norsk musikk er altså noe de MÅ spille, men som de kun gjør med den aller største ulyst, og da om natta når omtrent ingen lytter likevel.

    Sånt kalles også allmennkringkasting, i likhet med NRKs mange kanaler. Jeg vil påstå at større variasjon i musikktilbudet mellom NRK P1 – inklusive all distriktskontorene – P2 og P3, skal du lete lenge etter. Og hvis du tar med digitalkanalene NRK Folkemusikk, NRK Klassisk og NRK Jazz, pluss mP3 (både på DAB der disse kan tas inn, og på nettet), skulle bredden være ganske komplett. Så kan det hende noen synes det er for lite trekkspill i P1, andre synes det er for mye trekkspill, noen savner viser, andre synes Anastacia er for ille, osv. Sånn må det jo være med alle de 2 millioner forskjellige menneskene som hører på kanalen hver eneste dag, og de hører attpåtil nesten to timer i gjennomsnitt hver eneste dag!

    Problemet vårt er og har alltid vært og vil alltid være at noen synes vi har for stor variasjon (det betyr som regel at vi spiller endel musikk de ikke liker), noen synes vi har for liten, andre synes vi er for unge, mens atter andre synes vi er for gamle i stilen. VI har noen målsetninger som vi ikke vil gi slipp på: NRK P1 skal spille mellom 40 og 50% norske utøvere, og norsk tekst skal utgjøre godt over halvparten av dette, ideelt sett opp mot 30%. Med den formidable oppslutningen vi har hatt de siste årene, ser det ut til at vi har truffet sånn noenlunde. Bortsett fra de som vil ha enda smalere, mer kommersiell utenlandsk musikk hele tida og har valgt Radio Norge. Men jeg tror aldri vi noensinne vil klare å treffe like godt hos alle mellom 30 og 100 år, som i praksis er NRK P1s målgruppe. Til det er smaken alt for forskjellig. Det viktigste for oss er, som Bernt Baltzersen sier, at hvis du ikke liker P1s musikk, skru så over på P2 i stedet – eller P3 som Sverre gjør. Da har ideen om trekanalsradioen lykkes.

    mvh
    Per Ole Hagen
    Musikksjef NRK P1

  11. Hurra! Der kom sjølvaste Bresjnev i NRK P1-musikken på bana. Han kan sin statistikk, og har nok rett i det meste av fakta her.
    Men uansett tal og prosentar, så er det noko som ikkje stemmer.
    Kanskje er det altfor mykje musikk i P1 og distriktssendingane?

    Kanskje vi tåler meir tale før neste platekutt blir sett i gong?
    Det er når musikken startar eg skifter kanal.

    Kanskje skulle programleiarane hatt ein viss prosent obligatorisk eigenplukka musikk pr sending? (Som blir innannonsert med ektefølt entusiasme og begrunnelse.)

    Uansett er det kvaliteten som er viktigast etter mi meining – ikkje nødvendigvis sjangeren.
    Det er nok der NRK P1 oftast sviktar.
    Altfor mykje lettvint musikksnekring og banalt rimsmedarbeid slepp til på lufta.
    Eit statleg krav om ein viss prosent norskprodusert musikk på norsk må ikkje føre til senka kvalitetskrav.
    Då blir det for mykje sovjetisk korrekt grå graut.
    Helsing Bernt, som set pris på at dei ansvarlege ytrar seg!

  12. Odd Frantzen sier:

    Det at NRK Sogn og Fjordane berre kan bestemme 20% av musikken i lokalradioen synes eg høyres svært uheldig ut. At musikkvalet i NRK så til dei grader skal vere sentralstyrt er ikkje haldbart. Og eg stille nok ein gong spørsmålet, kva ligg til grunn for desse sokalla musikkekspertane sitt musikkval? Eg håpar ikkje pengar er det viktigaste hensynet.

  13. karl Seglem sier:

    Der klemte Hagen til med statistikkane sine igjen! Det har vore svært mange debattar om både sjangerfordeling og norskandelen i NRK dei siste åra – både på norges beste musikknettsider ballade.no, og på NRK sine eigne sider. At den «vanlege» lyttar framleis ikkje har fått med seg at størstedelen av sendeflatene til NRK er formatert – altså førehandsbestemt av eit fåtall personar, forbausar ikkje. NRK og Hagen unngår elegant – kvar einaste gong dei ytrar seg – å setja fokus på dette: Kva muligheitar har den enkelte journalist og denne sine kvalitetsvurderingar og interesse for musikk som eit viktig kulturuttrykk, til å få spelt noko ein ikkje finn alle andre stader? Kva er det som skapar mangfald? Er det at alle kanalar spelar dei same låtane på ulike tidspunkt?
    Som musikar og komponist som jobbar med musikk i grenseområda mellom folkemusikk, jazz og world musikk er det liten tvil om at formateringshelvetet (orsak) har gjort at musikken min blir mykje mindre spelt no enn for ti år sidan, også i NRK S&Fj, på P1 på P2 og på P3 (der HAL faktisk nok har fått prosenten opp, for å snakka statistikk). Det finst ingen kategori å putta den inn i! Den dett mellom alle stolar – og dei/den journalisten som eventuelt likar den får ikkje sendeflate til å spela ein låt eller to. (Eg kan dokumentera det ved å visa Tono-avrekningane mine frå ti år tilbake og den eg nyleg fekk.) Debatten handlar også i eit større perspektiv om at norskprosenten både på P1 og P2 må opp. Eg er ikkje imponert over Hagens sjølvskryt om at dei spelar så mykje norsk – men det begynnar å hjelpa. Frankrike og Canada har ei lov som seier at dei skal spela mimimum 50 % eigenspråkleg musikk. Noko å strekka seg etter?
    Bernt Baltzersen har gode poeng. «Sovjetisk-trondhjæmsk korrekt grao graut smakar ikkje godt dag ut og dag inn! Og den enkelte journalist bør ikkje overstyrast som no. Ikkje til forstå at oppegåande folk finn seg i det – men det er vel slik at det ikkje er så farleg med denne musikken? Kva seier den/dei musikkinteresserte NRK-tilsette?

  14. Musikken er og vil alltid være en viktig, ja kanskje den VIKTIGSTE, delen av et radioprogram. Da jeg jobbet i Stavanger Studentradio for et års tid siden, var det slik at vi måtte forholde oss til en spilleliste, med mindre vi kunne gi EN GOD BEGRUNNELSE for å spille noe annet. Med andre ord måtte musikken ha sammenheng med det vi snakket om/innslaget vi kjørte. Og nettopp dette gjorde sendingen mye mer enhetlig og interessant å høre på. Det er så rart når man i alle NRKs kanaler spiller musikk kun ut i fra hva som står som neste sang på spillelisten, helt uavhengig av hva man har snakket om. Det er ihvertfall slik jeg føler at det er når jeg hører på nrks kanaler. Jeg sier ikke at det må være sammenheng i hver eneste sang man spiller, for det vil være en umulighet. Men en litt mer enhetlig tankegang hadde jo vært fint. Da er vel problemet at det er programlederen som må velge sanger. Hva med en deling av ansvaret? 50% musikk fra spillelistene og 50% fra programleder? Jeg ser selvsagt at det vil oppstå problemer også med denne løsningen, men hvordan i all verden skal man egentlig klare å velge sanger som 2 000 000 har lyst til å høre?

  15. Per Ole Hagen sier:

    Bernt: Jeg synes kanskje vi kan fortsette denne debatten uten personkarakteristikker som det ikke finnes dekning for. Med det nivået du legger opp til, er et ingen vits i å fortsette diskusjonen.

    Karl: Om du liker statistikk eller ikke, er jo greit. Men du starter med å kritisere statistikkbruk, og så bruker du det selv. Jeg forstår at du kan være frustrert for at vi ikke spiller musikken din i P1, men jeg har aldri sagt hva distriktskontorene skal og ikke skal spille av lokal musikk. Jeg har sagt at lokalmusikken bør være grovt sett innenfor P1s musikkprofil, og så er det deres suverene ansvar å utforme dette. Og når vi først snakker om statistikk for lokal musikk, kan jeg opplyse følgende: Før vi anbefalte hvor mye lokal musikk som skulle spilles, tok vi en sjekk. Vi fant ut at Sogn og Fjordane var det kontoret som spilte mest lokal musikk, og vi la normen til dem. Det betyr at vi ønsket mer lokal musikk på alle distriktskontor enn det de valgte selv når det ikke var noe «diktat», «tvang», osv. Dere må gjerne ta meg for dette, jeg tåler det, men jeg har altså anbefalt å ha mer og ikke mindre lokal musikk enn praksisen var. Og så er du lite imponert over » Hagens sjølvskryt om at dei spelar så mykje norsk – men det begynnar å hjelpa.» Da er det sånn at vi har alltid hatt en ambisjon i P1 om å spille mye lokal musikk, lenge før vi fikk et krav om 35% norsk musikk i vedtektene våre. At vi da overoppfyller disse kravene med godt monn, og er den kanalen i Norge som spiller desidert mest norsk musikk og har gjort det så lenge jeg har hatt ansvaret for det, dvs. i 15 år, er jeg faktisk godt fornøyd med. Men vi vet at enkelte aldri blir fornøyd før vi spiller nesten utelukkende norsk musikk i P1.

    Nå er det også viktig å få sagt at P1s hovedoppgave er å lage god radio for lytterne og være den største radiokanalen i Norge. At vi har et ansvar for å speile musikklivet i Norge, er også en av oppgavene våre. Med kanaler som P2, P3, og de rene musikkanalene NRK Folkemusikk, NRK Jazz, NRK Klassisk og mP3, mener jeg vi faktisk gjør en ganske bra jobb her. Og viktigst, eierne våre – kulturministeren som generalforsamling, samt Medietilsynet, har sagt seg fornøyd med musikkdekningen vår, og det er det jeg må forholde meg til, NRK P1s andel av helheten. Og fra og med i dag skal hele landet ha tilgang til alle dise kanalene, enten via FM, DAB eller på nett via PC-en, men nå også via det digitale bakkenettet for TV.

  16. Karl Seglem sier:

    Hagen: Eg veit det ikkje er særs lurt å bruka seg sjølv som eksempel i ein slik debatt. Det vert fort og eintydig oppfatta som sutring. Det er ikkje eit poeng – for meg (allfall ikkje så lenge nokre tyske, engelske, franske m.fl. radiokanalar spelar musikken min, og eg kan turnere/konsertere).
    Det er fint at de har ambisjonar – men eg meinar altså at desse ambisjonane bør vera større – i lys av det de har fått til – ikkje dovna henn i sjølvfornøgd «rus» overfor eigarar og tilsyn. De bør ha større vyer for norsk musikk! Også P1.
    Og nei – eg er ikkje glad i statistikk, men måtte ty til den for å påpeika at svært mykje musikk ikkje let seg formatera – iallfall ikkje innanfor dykkar system. Statistikk seier (for meg) veldig lite om realitetane i form av den enkelte lyttars smak, som eg ikkje undervurderer. Vi er jo alle konservative i form av at vi likar ting vi har høyrt før. Dette betyr ikkje (for svært mange) at vi ikkje er nysgjerrige og opne for noko nytt og annsleis. Men nokon lyttar for kun å få stadfesta noko dei har høyrt før. Slik sett er det store forskjellar på lyttarar som lyttarar. Det er ingen statistisk masse. Det er individuelle par øyra.
    At de har tilrådd – etter modell frå S&Fj, MEIR lokal musikk «enn vanleg» var, skulle berre mangla. Flott. Set 35% norsk musikk regelen opp på veggen til alle nytilsette (og gamletilsette) i P1 og fortel at den MÅ følgast.
    Ja – eg er ein av dei som ikkje blir nøgd før over 50% av musikk på P1og P2 er norsk-språkleg. Både fordi den kvalitetsmusikken finst – i alle sjangerar irekna instrumentalmusikk, og fordi det arbeidet/den formidlinga blir og er ein viktig del av utviklinga av ei norsk kulturarv – som er i ferd med å bli utvatna og utflata. Musikk er jo berre fyllstoff innimellom praten/skravlinga, og det betyr ingenting at det er på engelsk heller, eller?

  17. Karl Seglem sier:

    og klokka di er feil Kai Aage!

    Svaret på dette spørsmålaet kom heller ikkje denne gongen Per Ole Hagen:

    Kva muligheitar/rom har den enkelte journalist og denne sine kvalitetsvurderingar og interesse for musikk som eit viktig kulturuttrykk, til å få spelt noko «eige»? Eller sagt – spurt på ein annan måte: Skapar formatering mangfald?

  18. Hmmm. Klokka er ein time feil ser eg ja. Klokka blir styrt frå Marienlyst 🙂 Skal be dei retta!
    Elles har NRK Sogn og Fjordane eige musikkmagasin «Lutt» som har vore gode greier. Dette har blant anna resultert i Eva Weel Skram sin a-liste-song på P3. Når det gjeld musikkformatet så held vi oss lojalt til det – men er ikkje fanatiske. Sogn og Fjordane har dei siste åra vorte velsigna med svært mange gode artistar som vi spelar med glede!

  19. Per Ole Hagen sier:

    Seglem: Jeg følger deg helt på omtrent alle punktene. Jeg har vært opptatt av mye av de samme tingene, og er det fortsatt. Og jeg vet at statistikk ikke sier noe om individene, men det er nå et verktøy som brukes for å si noe generelt. Men P1s oppgave er ikke først å fremst å fremme norsk musikk, selv om vi faktisk har gjort det til en kampsak. Og 35% norsk har vi aldri hatt som målsetning, vi har alltid stilt høyre enn det. Vi startet opp med et eget, selvpålagt krav om 40% i 1993, og de siste årene har vi strekt dette opp mot 50%, og vi ligger mellom 45 oog 50% norske utøvere pr. i dag. Og, som jeg sa i første innlegg, vi spiller altså enda mer norsk når vi har flest lyttere. Norsk tekst er vanskeligere, siden alt for mange norske utøvere synger på engelsk, men vi ligger opp mot 30%. Dette betyr at vi faktisk «diskriminerer» de som synger på engelsk og gir de som synger på norsk forrang. Jeg kan jo også fortelle deg at en av grunnene til at vi har strammet inn styringen av musikken for noen år siden, er at vi så at enkelte programledere alt for ofte, og noen ganger systematisk, luket ut norsk musikk og spilte amerikansk og annen engelskspråklig musikk i stedet.

    Du har lov til å forvente større ambisjoner av oss enn du synes vi leverer i dag. Vi trenger at noen følger med og stiller krav til oss, og vi forsøker å strekke oss, selv om ikke alle vil være fornøyd med det. Derfor stiller vi opp i debatter som denne og personlig svarer jeg alltid ja til å delta på seminarer og møter arrangert av organisasjoner i musikklivet. Da får jeg anledning til å snakke med folk også etter at den ofte litt tabloide og spissformulerte delen er over.

  20. Karl Seglem sier:

    Hagen: Prisverdig og bra og viktig at du stiller i alle debattar du kan – og inviterar t.d. platebransjen. Har fått med meg det – men ikkje kunne vore med på nokre av dei debattane..
    Eg syns absolutt at de (og mange fleire norske radio og tv-kanalar) skal diskrimenere engelsk-syngande artistar eg 🙂 til fordel for norske. Det burde vera sjølvsagt – men det er ikkje det i dette landet. Språket vårt er norsk. Det er einaste vegen å gå for å kunne utvikla noko eigenarta innan norsk musikk: musikalsk-tekstleg-kunstnerisk. Platebransjen – som eg også er ein del av, gjer ein elendig lite medveten jobb her. Stiller veldig få spørsmål og krav omkring dette. Etter mi meining burde det også leggast inn i ulike støtteordingar som t.d. Fond for lyd og bilde – at ein har større sjangs til å få støtte til CD-innspeling dersom tekstmaterialet er på norsk. Då vil breidden og kvaliteten på norsk musikk bli endå betre enn i dag (men dette er kanskje ein annan debatt!) Er iallfall glad for at eg har lov å venta større ambisjonar……det må vi alltid ha. Kanskje også i forhold til å bruka andre verktøy enn statistikk (og formatering).

  21. Per Ole Hagen sier:

    Seglem: Om vi er uenig i alt annet, er vi knakende enig når det gjelder produksjonen av norsk tekst, eller mangel på det.

  22. Hagen: Blir du, som ein av NRK sine viktigaste sjefar, vippa av pinnen berre av eit lite sleivspark? Og ser du ikkje kor inderleg eg ønsker NRK berre det beste? Eg har ikkje prøvd å fornærme deg! Eg gir deg jo rett i mykje av di argumentering.
    Eg er ein blid kar.
    Og du svarer jo Seglem sakleg og er enig på mange punkt.
    Og eg kjem også med forslag til forbedring som du overser, eller ikkje kommenterer. Bles du av kritikken, eller er du ein lyttar?
    Ser du ikkje at du som diktator kanskje ikkje har HEILT rett ALLTID? (Ikkje meint som personkarakteristikk, men som faktaopplysning, for dei forstår litt humor i alvoret.)

    Bernt B. musikkelskar.

  23. Au! Der sneik det seg inn eit fy-ord igjen.
    Ikkje så gale meint som det ser ut til på trykk.
    Berre for å terge litt.
    For det ser jo ikkje ut til at mine meiningsytringar nokon gong kjem til å kunne endre på NRK P1 si musikkformatering.
    Og no kjem julesangane snart.
    Pent porsjonert ut i aukande mengde mot julekvelden.
    Godt nyttår!

  24. Jeg får dessverre ikke inn deres lokalradio annet enn på nett, Nordmøring som jeg er. Men en ting generellt ang. NRK vil jeg si.
    Jeg trodde NRK skulle være for hele folket ikke bare de som vil ha VG lista. Og så tror jeg heller ikke kringkastningen tenker over sitt ansvar som almenkringkaster. Jeg mener at NRK har et ansvar med å ta vare på tradisjonene i musikken, og det gjelder alt. NRK har et musikkarkiv som i og for seg er et eget kulturbegrep (eller kunne vært) hvorfor blir det ikke tatt frem mer av det rikholdige arkivet som finnes? hvis så ikke blir gjort foreslår jeg en innsamlingsaksjon for å kjøpe det av NRK og gi dette stoffet ut til de som vil ha det, noe jeg tror er en del folk. Det er mange perler gjemt der. NRK må også tenke over at de som lytter til P1 på dagtid er ikke ungdommer. de sitter da på skolebenken. men det er en trend i tiden at hvis du er over 50 år så er det ingen som er interessert i dine meninger lengre. man mener at det ikke er kjøpekraft der. derfor annonseres det heller ikke for denne gruppen. Tenk at blådressene tar så feil. Jeg er selv trekkspiller, men mener ikke at vi skal bli overlesset av trekkspillmusikk. Men spill da for søren variert musikk og ikke bare det som Mosletten og de andre i menigheten mener er rett!Det utvalget som skal plukke ut musikken i NRK bør speile befolkningen og ikke kun være fan av Turboneger og andre som kan «kjøpe» seg plass. jeg vil gå så langt som å si at systemet er korrupt!Håper og ønsker at noen fra NRK som har med dette å gjøre kan nedverdige seg å svare oss vanlig dødlige!å takk for det

  25. Einar Ese sier:

    Eg går ut frå frå at NRK har oppegåane programskaparar med god breidde i alder, kjønn, grad av akademisk utdanning, bakgrunn, musikkinteresse og så vidare. Viss det er slik, så bør programskaparane sjølve få meir ansvar for musikkvalet.

    Strenge reglar og «musikkpoliti» er ikkje bra. Sameleis viss eit eller anna dataprogram skal analysera seg fram til kva lydarane skal få høyra.

  26. Anders Hopland sier:

    Kvalitet !

    Kvifor kan ikkje NRK generelt spele musikk med noko høgare kvalittet og personlegheit ??
    VG- Lista får vi meir enn nok av – og mange av songane surrar i årevis etter dei har falle ut av lista, og det utan at det er spesielet bra musikk!
    Er NRK redd for at god musikk skal ta merksemda vekk frå pratinga?

    Musikk er kommerielt til tusan , og i dag spring NRK kapitalkreftene sitt ærend fullt og heilt. Det gjeld forresten P3 og. Harald Are Lund er foreksempel halvegs pensjonert..

    Kvifor får markedskreften utfolde seg slik i ein lisensfinansiert kanal??
    Har ikkje NRK folk som har interesse og kunnskap om musikk utanfor det som blir selt mest av ?
    Og kvifor er det tabu å spele musikk som er ukjend??

  27. Lars sier:

    Det med musikkvalet er vanskeleg, og det vil det alltid være. Her er alt for mange personlege meiningar til å finne ein fasit. Sjølv meiner eg at spelar ein «trekkspelmusikk», so kan ein vel kline til med Windir eller Dimmu Borgir. Begge typar musikk er like framand for meg.

    Kjære NRK P1. Behald musikkprofilen slik den er, men varier låtane meir. Ikkje køyr same låta med ABBA gong på gong. Dei har mykje anna fint. Og om ei låt kræsjar fullstendig i stil med den forrige får so være. Ein får ikkje variasjon i musikken utan å skifte innimellom.

  28. Lars sier:

    Må slenge inn ein til. Topp at ein har eit forum der ein kan komme med sine meiningar og synspunkt til redaktøren. Fann nettopp fram til denne sida, og den er no «adda» til mine favoritter. Heia Kaiken!

  29. Bra det Lars! Andre synspunkt om det vi lagar i NRK så er det berre å hiva seg frampå!

  30. Anders sier:

    Ser ut til at kritikken har virka. No fekk vi Rynka med «Kloumans Ale» og det er vel nesten trekkspel???

  31. Sigrid sier:

    Send MEIR trekkspelmusikk, folkemusikk og lokal musikk av alle slag, og gjerne MINDRE listepop.

  32. Lars sier:

    Vil ikkje for mykje trekkspel jage vekk ein del lyarar kanskje? Eg er i 30-åra og klarar meg fint utan meir trekkspel. Hugs at dei yngre lyarane ein dag vert dei eldre lyarane.

  33. Anders sier:

    Nei høyr der, no fekk vi «Fanaraaken» også. Dette går bra,meir trekkspel 😉

  34. Endelig!!Det spilles inn musikk andre steder enn i England og USA.Og la oss oppegående lyttere, som vet hva vi lytter på,slippe å høre (opptil 12 ganger i timen)at «DU HØRER PÅ P1»!Lokalsendingene,Nitimen,Norgesglasset,Ønskekonserten osv.har vel aldri blitt sendt på andre kanaler enn P1? Men en liten «P1-reklame» forekommer aldri i andakten om mårran eller i høymessen om søndagen,hva kan årsaken være til det?
    La oss få høre annet enn»dunk,dunk,love you babe,dunk,dunk,dunk….

  35. Reidar Brosvik sier:

    Nå har jeg skummet veldig fort alle innleggene som er her.
    La meg først si at trekkspillmusikk ligger mitt hjerte veldig nært.
    At noen mener at den type musikk er «nothing for me», må lytte litt mere en som så….Jeg har selv vert sammenhengende popmusikker i 15 år,..tror litt at jeg kan det. Det var i vår glanstid i 1960 og 1970- årene. Etter den tid, fikk jeg trekkspillet som et hovedinstrument. Jeg har aldri angret på det…mange fantastiske venner og utrolig flott musikk har jeg opplevd gjennom tidene frem til i dag.
    Det er tragisk at Nrk-1 ikke forstår seg på denne type musikk. Her må det være både liten kjennskap og evneveikhet som spiller inn av de som sitter og velger ut det som skal komme gjennom eteren.
    La meg ta i hurtig rekkefølge en påminnelse på artister i trekkspillens verden.: carl Jularbo – Harry Borgen – Kåre Korneliusen – Håvar Svensrud – Reidar Hjortland – Hjortlands brødren – ja, skal jeg nevne flere,,? hva med jegerdans av Reidar Brosvik,? Og det finnes så mange mange flere skal jeg si dere. La oss vi som sitter å hører på Nrk-1 få noen «godbiter» fra det eminente instrumentet Trekkspill, ..Ps. kan grunne være at det er et vanskelig instrument å spille på,? ja det er det, og det burde rangeres som et av de mest reskpektive som absolutt burde hatt en plass i kvalitetstoppen av instrumenter… Ha en god dag, og la meg nå få høre en fengende trekkspill låt.

    Hilsen Reidar.

  36. Odd Frantzen sier:

    Eg synes det er ein uting å drive å rangere ulike musikkformer, setje dei opp mot kvarandre. Den eine musikkforma er ikkje meir høgverdig enn den andre. Eg er overbevist om at svært mange ønskjer seg meir trekkspelmusikk på radio. Det er ei musikkform som betyr mykje for mange. Eg trur ikkje det er naudsynt å gjere noko undersøking for å finne ut at mange av NRK Sogn og Fjordane sine lyttarar ønskjer seg meir trekkspelmusikk. Eg trur eg veit kvar hunden ligg gravlagt. Trekkspelmusikk er ikkje komersiell nok.

  37. Lars sier:

    Kjære Reidar

    Kan eg då få høyre Dimmu Borgir med Vredesbyrd på P1? Eg likar P1 veldig godt og meiner og at Black Metall er stappa full av dyktige musikarar som til og med spelar trekkspel. (Eg veit artisten Windir hadde trekkspel i sine produksjonar). Black Metall er vel ikkje akkurat mainstream, men det kan ein vel heller ikkje sei om «trekkspelmusikken». Det er og sikkert mange som meinar det er minst like tragisk at NRK-1 kanskje ikkje forstår seg på Black Metall. Men kanskje utan å kalle dei evneveike og sei at dei har liten kjennskap.

  38. Reidar Brosvik sier:

    Hei Lars…
    Mitt innlegg var ikke ment eller retta mot enkeltpersoner, håper ingen tar det i negagtiv rettning.
    Nå vet jeg (tror jeg) at for en del år siden ble det bestemt av NRK at trekkspillmusikk skulle reduseres til et minimum, og i den sammenheng ble de fra NRK slettet en mengde musikk som i dag dessverre er nok tapt for alltid…veldig bleklagelig hvis dette er riktig. Jeg liker musikk i alle sjangere…har faktisk fått meg billett til Springseen konserten..ikke verst det vel,?

    Mvh Reidar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *