Stille digital revolusjon

Sogn og Fjordane er snart heildigitalisert på TV. 4. november gir dei analoge TV-sendarane sitt siste andedrag. Fylket som i følgje Einar Førde ikkje hadde bruk for spelefilmane å NRK2 pga eit rikt indre sjelsliv, har no full pakke med kanalar.

Midt oppe i dette har det gått føre seg ein stille digital revolusjon på radio. DAB (Digital Audio Broadcasting) Det gamle FM-nettet hanglar, og NRK og P4 byggjer ut DAB i lag rundt om i heile landet. Når utbygginga er god nok skal det gamle nettet slåast av – om 6-7 år.

Men dette får vi vel ikkje her, tenkjer sikkert du. Jaudå: Dekningskartet til DAB viser at store deler av fylket kan ta inn desse signala. Sjølv fekk eg min første DAB-radio i går. Den har god lyd – heilt utan støy. Og best av alt, i heil røys av kanalar, i tillegg til NRK Sogn og Fjordane: Ta for eksempel NRK Gull, som sender 24 timar i døgeret. Gamle gode programpostar frå NRK sitt rikhaldige radioarkiv – den gyldne radioalderen rett og slett!

Nesten litt ironisk det heile. Moderne digital teknologi opnar døra inn til det gamle!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media, Ukategorisert og merket med , , , , , , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *