Gratulerer Amerika

Klokka er kvart over eitt på Munchen flyplass. Eg har noko ventetid til flyet mitt går. Eit tv står på. CNN sender kontinuerleg og i timevis om den historiske sigeren til Barack Obama. Det er eit valskred som har føregått i USA. Eit resultat av ein feilfri valkamp og ein valkamp som har mobilisert førstegongsvelgjarar meir enn nokon gong før. Men ogsä eit resultat av at mange ville ha ein ny politikk etter 8 år med Bush. Fleirtal for demokratane både i senatet og kongressen. Heile 66 % av velgjarane mellom 18 og 29 år stemte demokratisk og Obama. Han vann fleire av vippestatane.

Heile verda har vore engasjert i dette valet, men det er velgjarane i USA som har stemt. Dei ville ha «change». Kva betyr så dette for oss? USA kjem til å delta meir forpliktande i internasjonae fora, m.a. i høve til internasjonale klimaforpliktelsar. USA vil i større grad velgje diplomati enn aktive krigshandlingar. USA vil bidra sterkt til å løyse den finansielle krisa. Og ikkje minst: Demokratane og Obama står generelt langt nærmare sentrum i norsk og europeisk politikk enn republikanarane.

Siger til demokratane og Obama gjev ikkje berre god von for USA, den gjev også god von for verdssamfunnet elles.

Publisert i Ukategorisert | Merket med , | Skriv en kommentar

Når nære forsvinn

Når liv kjem til og liv forsvinn, så er dette begge sterke situasjonar for menneske på kvar sin måte. I skulekrinsen til gutane mine er det ofte eit gledeleg nyhende at medelevar har fått ein bror eller syster. Like fullt pregar bråe dødsfall, men også venta dødsfall, unge og vaksne sterkt. Siste året har eg reflektert mykje kring dette. To nære slektningar, men med ein høg alder, forlet oss. Åshild og Einar var syskenborn. Dei var syskenborn til min far. Dei var på kvar sin kant utan etterkomarar. Difor hadde mange som vaks opp i grendene aust for Vassenden på sørsida eit spesielt forhold til desse to. Dei var av den generasjon som var oppvaksne med nøysemd, men som hadde ei romslegheit som få andre. Tolerante og vidsynte eldre. I alt det maset dei fleste av oss har i kvardagen, så tenkjer eg ofte på den ro og det glimt i auget desse to hadde.

Det er langt meir krevjande for mange, og ikkje minst det å forstå, når folk midt i sin beste yrkesalder går bort. Det hende med Steinar som arbeidde her i tilsynet, råka av kreft i ung alder for nokre år sidan. I vår gjekk Janne Kjøsnes bort, 33 år gamal. Ei respektert dame som eg trur omtrent heile Jølster og store deler av Førde hadde ein relasjon til. Skrivar i idrettslaget, med i ei rekkje organisasjonar, eit ja-menneske , som også hadde mykje tid og omsut for sin eigen familie. Janne hadde vore styrar i mange år i Vassenden Barnehage. Likeeins i Førde. Eit godt menneske med eit ufatteleg godt humør. Kvifor skjer dette?, spør mange, og svar er vanskeleg å gje.

Når slikt skjer, er ofte vi vaksne tilbakeholdne. Det kan vere vanskeleg å finne ord. Mi oppleving er at born i slike situasjonar kan vere meir direkte. Min yngste son på 7 år sa ”vår kjære Janne” når det gjekk opp for han at Janne ikkje var meir.
Eg trur det er viktig å snakke om slike tema heller enn å teie. Det er viktig å snakke med born når slike situasjonar oppstår. Uansett representerer dei som har gått bort eit livsverk som skal bli respektert i all ettertid.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Friendship my friends

Led Zeppelin kom saman att i fjor, Junipher Greene i år. Junipher Greene ?? spør du kanskje når du les dette. Vel, Junipher Greene vart i fjor kåra til det beste norske bandet gjennom tidene, og Noregs første dobbel LP ”Friendship” frå 1971 til den beste norske plateutgjevinga. Nr 2 til orientering var AHA med ”Hunting high and low”.

Eg oppdaga Junipher Greene først når eg gjekk på Førde Gymnas i åra 1979 til 1982. Då kom ”best of” plata ”Rewind”, og deretter bråvakna interessa for Junipher Greene både hos meg og mine musikkinteresserte vener. Vi kjøpte alt vi kom over av dette bandet, men ”Friendship” var allereie då, Noregs dyraste bruktplate, og umogeleg å spore opp. Eg fekk til naud låne denne plata ei vekes tid av min studiekamerat Jan Morten på Høgskulen i Sogndal seinare på 80-talet, med klare forsikringar om svært nøyaktig og pen handsaming.

Noko som gjorde ”Friendship” endå meir kuriøs, var coveret, mala av den gang unge Odd Nerdrum. ”Friendship” var gjennomført, ein slags tema-LP, og vi fekk ein miks av blues, rock og Jazz som Noreg ikkje hadde høyrt før. Junipher Greene besto av vokalist/gitarist Freddy Dahl, kjent vokalist i mange samanhengar i åra etter. Trommis Geir Bøhren og gitarist/fløytist Bent Åserud, har i tida etter Junipher Greene laga filmmusikk til eit 30-tals filmar, og bl.a. vignetten til NRK Dagsrevyen. Helge Grøslie orgel/piano og Øyvind Vilbo, bass, var seinare med i andre norske kjende band som Titanic. Fleire musikkritikarar og det breidt samansette panelet som kåra Noregs 100 beste plater i DN i fjor, har m.a. skrive at det gjekk mange år før eit norsk band nærma seg nivået til Junipher Greene. Bandet var komplett med 5 gjennomført gode musikarar, og ingen ujamne element.

Om fjorårets kåring var avgjerande for at Junipher Greene har hatt 3 konsertar so langt år veit eg ikkje. Den konserten vi fekk på Rockefeller i Oslo 26.september, var av so høg kvalitet og heilt opp til platelyd, at vi som var der fekk ei oppleving av dei sjeldne. Det hjelp nok også litt for den totale opplevinga sin del, at vi kan tekstane so godt at vi kan synge med på absolutt alle låtar. Difor er denne meldinga skriven med eit svært subjektivt utgangspunkt. ”Friendship” er i desse dagar i platehyllene att i nypressa form, og då står det berre att å referere dei første strofene i tittellåta:

”Friendship my friends, is a matter of thought. It’s a wonderful thing that cannot be bought. It comes from the heart and lasts through the years…

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Ingrid Betancourt endeleg fri !

I ein fantastisk operasjon greidde dei columbianske styresmaktene/hæren i går å frigjere fransk-columbianske Ingrid Betancourt, 3 amerikanske gislar og 11 columbianske. Ingrid Betancourt, som var presidentkandidat i 2002, har vore fanga av FARC-geriljaen i 6 år. Ho har vore FARC sitt sterkaste forhandlingskort iht dei columbianske styresmaktene, men no er ho endeleg fri, denne kvinna som var den fremste i kampen mot mafia og korrupsjon i heimlandet. Eg skreiv om Ingrid i ein tidlegare blogg som hadde tittelen «Brev frå hinsides helvete». Det som no har skjedd er fantastisk, og også ein viktig siger for styresmaktene og «Plan Columbia». Eg vonar dette også er eit kraftig tilbakeslag for Farc. Det er narkotika, beslaglegging av naturressursar og intern fordriving av sivile, som idag pregar FARC, denne i si tid jordreformorienterte og politisk radikale rørsla. Gratulerer til Columbia og familien til Ingrid Betancourt.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Kvar er publikum når kvaliteten er topp?

Glopperock markerte sitt 25 års jubileum med eit knippe av dei beste artistane som er å oppdrive i Noreg. Laurdagens arrangement med Madrugada, Big Bang og fjorårets komet Ida Maria, skulle normalt sett trekke både unge og eldre musikkinteresserte, uavhengig av nokre få lette regnbyger. Sivert Høyem sa det nokså direkte frå scena: «Her får dokker Madrugada og Big Bang, men kor er alle folkan ?» Dette programmet, som også innheldt Stage Dolls, Ingenting, og Audrey Horne, ville vore ein innertier på Storåsfestivalen, Øya og dei fleste andre. Nokre av landets mestselgande band, og berre 1800 fann vegen til den glimrande festivalarenaen i Jølet. Eg gjev full honnør til arrangørane av Glopperock, som i 25 år har levert eit kjempemessig kulturarrangement. Eg hugsar godt første Glopperock i 1980, og fleire utover i 80 og 90-åra. I år trudde eg verkeleg at fleire vill finne vegen til Glopperock. Artistlista er som sagt den beste som er å oppdrive i Sogn og Fjordane denne sommaren. Men kvalitet ser ikkje ut til å bety noko lenger for det store fleirtal. Og: Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klede.

Publisert i Ukategorisert | 9 kommentarer

Magisk i Jølstramuseet

Få stader representerer meir magisk stemning, enn i ei sommarnatt i Hauane på Vassenden. I helga opna årets utstilling, som igjen er ei sterk nasjonal rekke av kunstnarar med verk for sal. Ørnulf Opdahl, Charlotte Engelhart, Ludvig Eikaas, Gino Scarpa og mange mange fleire, heng fint i galleriet i den gamle låven. Og ikkje minst har Eivind og Anne Marie Fossheim fått fram Johannes Fossheim i ei større utstilling enn nokon gong før vist på dette museet. Johannes Fossheim var treskjeraren frå Jølster, som imponerte kong Håkon på landsutstillingen i Bergen i 1926 med figuren. ”Fanitullen”. Denne flotte sumarnatta fekk vi og ei musikalsk oppleving, først med søstrene Hovland Knudsen, og deretter eit virtuost gitarspel frå ei godt etablert gruppe frå Måløy, som har vore i Jølstramuseet fleire år tidlegare. Ei sommarnatt i Jølster blir endå meir magisk når vi frå desse tre får høyre ”Mediterrian Sundance” frå ”Friday Night in San Francisco” med Al Di Medola, Paco De Lucia og John Mc Laughlin. Ein svært god versjon blir framført, og eg må berre innrømme: Eg hadde ikkje trudd at eg skulle få høyre slikt gitarspel i Sogn og Fjordane i det heile. Neste magiske natt i Hauane blir den årlege konserten under folkemusikkfestivalen torsdag kveld.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Gåva til Telenor

Etter ei veke med eit harkete og vanskeleg nett i heimen, har refleksjonane over den faktiske realitet kome over meg igjen med full tyngde. Det er fattigmannsbreiband, mini -breiband, eller minstestandard vi i realiteten har. Telenor fekk med seg telenettet i gåve frå staten, når det gjekk frå å vere statleg forvaltningsverksemd til eit statleg aksjeselskap på 90-talet.

At selskapet trong eigenkapital i starten var ikkje unaturleg, men at Telenor skulle få i gåve eit nett som vi forbrukarane hadde nedbetalt gjennom år, seinka i praksis utbygginga av breiband kraftig, noko eit distriktsfylke som vårt fekk merke til det fulle. Det er paradoksalt at vi må etablere spleiselag på spleiselag i kommune etter kommune, når vi veit at Telenor har mørk fiber liggande i same område. Ein fiber og eit telenett som samfunnet og telekundar gjennom generasjonar har nedbetalt.

For å ta min eigen kommune Jølster som eksempel: Her veit vi at Telenor har mørk fiber liggande i Jølstravatnet. Den går på land på Vassenden, og Bjørseth (midt på vatnet). Dersom denne fiberen hadde vore open for andre teleoperatørar, så hadde vi hatt breiband tidlegare, og vi hadde hatt meir breiband enn vi får i dag. Men Telenor byggjer først og mest ut der dei store folkerike regionane er. I den grad dei prioriterer Sogn og Fjordane, så er det fordi andre konkurrentar etablerer seg. Telenor kjem t.d. konsekvent med tilbod etter at Enivest har bygt ut og etablert seg. Eg hugsar at eg ringde ein utflytt sambygding som jobbar høgt oppe i Telenor, ei stund før vi fekk breiband på Vassenden for nokre år sidan. Eg spurde han om kor tid Telenor var på plass på Vassenden med breiband. Han svarte kort: ”Breiband til Vassenden, aldri lønsamt!”

Tre kvart år etter var Enivest på plass med sitt breiband, og eit halvår etter Enivest kom Telenor slepande med sitt tilbod til innbyggjarane. Men heller ikkje Telenor tek i bruk den mørke fiberen dei har liggande. So kjære samferdsleminister og fornyingsminister: D et beste grepet De kan gjere er å fremje og få vedteken ei lovendring som sikrar fleire tilbydarar tilgang til infrastrukturen det statlege majoritetseigde Telenor har, og liknande infrastruktur som også det statlege Bane Tele har. Eit tøft regulatoriske grep her, sikrar meir bandbreidde, meir kapasitet, og billegare pris, ikkje minst for dei verksemdene som er avhengige av stort forbruk og god kapasitet.

Publisert i Ukategorisert | Merket med , | 2 kommentarer

Dei same dugnadsfjesa

Skisesongen er over, og fotball- og friidrettssesongen igong. Eit stort tal born og unge er aktive såvel i vinteridrett som i sommaridrett. Denne aktiviteten gjev seg ikkje sjølv. Trenarar, oppmenn, tilrettleggarar, kaffikokarar samt ei rekkje andre oppgåver må gjerast av nokon for at aktiviteten skal skje. Her omkring er det meir unntaket enn regelen at det skal vere økonomi til å betale trenarar. Det er dugnad heile vegen, og det er foreldre og andre eldsjeler som står for den. Treningsavgifta er som regel så låg, at den berre finansierer fellesutstyr og fellesutgifter i laget/gruppa.

Eg er både i skisenteret og på kunstgrasbana. Eg ser dei same dugnadsfjesa gå att sommar som vinter. Folk som stiller opp. Ikkje reknar dei på si eiga tid, ikkje reknar dei på småutgifter dei sjølv har heller. Dei er verdfulle og heilt avgjerande for at borna skal få god organisert aktivitet. Eg stiller det same spørsmålet kvart år: Kvar er dei andre foreldra ? Kvifor har alltid ein del tid til å stille opp, og andre aldri ? Og kvifor er protestane mest høglytte frå dei som aldri tek eit tak, når treningsavgifta skal betalast til fotballgruppa ? Bygdene og bygdebyane våre i Sogn og Fjordane er heilt avhengige av den positive vilje, at folk stiller opp, at folk engasjerer seg. Greier vi ikkje å halde på denne kulturen, må vi betale meir for borna sin aktivitet. Då blir det i allefall treningsavgifter på eit heilt anna nivå.

Publisert i Ukategorisert | 4 kommentarer

Amerikansk presidentvalkamp

Eg kan ikkje seie anna enn at amerikansk presidentvalkamp fasinerer meg. Det har dette fenomenet gjort sidan Nixon gjekk av i 1974 som følgje av Watergate, og eit halvår før: God oppfrisking frå NRK si side i samband med at det var 10 år sidan John F. Kennedy vart drepen i Dallas. Eg var ikkje gamle karen, men heime vart det diskutert mykje politikk, og Sofia, bestemor mi, var aktivt kommenterande til nyhende. Eg hugsar godt at ho drog heile konspirasjonsteorien i samband med eit tv-program om skota i Dallas.

I dag handlar det mykje om nominasjonen på demokratisk side, Obama vs Clinton, medan veteranen John Mc Cain er klar på republikansk side. Amerikanske presidentval kan ingen nasjon stille seg likegyldig til. Kven som styrer i USA har avgjerande betyding for kva som skjer innanfor tryggingspolitikk, internasjonal økonomi, klimaforhandlingar og ei rekkje andre område som også betyr noko for oss. Vi kan undre oss over at ei krise i amerikansk økonomi, som i stor grad handlar om amerikanske bustadlån, har verknad på oss. Men slik er det, og så lenge Noreg har ein open økonomi og er ein del av ein global økonomi, har trendar i tunge økonomiar betyding for oss.

Difor støttar eg aktivt demokratane. Om ikkje dei to partia i USA direkte kan samanliknast med vår partistruktur, er demokratane rekna for å representere det liberale demokratiske sentrum, og dei står for ein utanrikspolitikk som er nærmare synspunkta til europeiske nasjonar enn kva Bush-administrasjonen står for.
Eit anna fenomen som er fasinerande er rolla til amerikansk høgsterett. I USA er høgsterett gjeven ein slags utvida posisjon: Ikkje skal dei berre ta stilling til det rettslege som øvste instans, men også fatte vedtak om prinsipielle saker, som i dei fleste andre land ville vere tillagt lovgjevar, i Noreg Stortinget. Utnemning av høgsterettsdommarar er difor svært viktig for ein kvar amerikansk president. Ved å utnemne dommarar som står for den same lina som ein sjølv, vil presidenten sikre ei vidareføring av politikken på viktige prinsippområde i fleire periodar etter at han sjølv er gått av. Det er ikkje mange år sidan at eldstemann som måtte gje seg i høgsterett, i si tid var utnemnd av Lyndon B. Johnson. Og LBJ var som kjent ferdig i 1968. Ei sak som har hatt 5-4 fleirtal i årevis i liberal-demokratisk favør, er Roe vs. Wade, saka om kvinners rett å bestemme sjølvbestemt abort. Presidentvalet handlar derfor også om korleis høgsterett skal sjå ut, og sit ein president i to periodar, skjer det som regel ei utnemning eller to.
Eg har til no helde ein knapp på Hillary Clinton. Det gjer eg framleis. Eg trur USA har godt av ei få ei kvinne til president, og Hillary er ein politikar som har alle eigenskapar som skal til.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Zeppelin ein gong til?

Etter mange gode tilbakemeldingar på min første blogg om Led Zeppelin på NRK si sin portal, bør denne Hamar-bloggen halde Zeppelin-fansen i Sogn og Fjordane oppdatert om kva som vert skrive og sagt i høve det hypotetiske spørsmålet: ” Will they appear once more ?”. No sist, i den engelske ”blekka” UNCUT, har sjølvaste redaktøren i tur og orden intervjua Page, Plant og Jones, ei tid etter den fantastiske reunion-konserten i London. Ingen av medlemene avviser dette, men ingen av dei stadfester det heller. Døra er på gløtt med andre ord. Page er via mest plass, og det skin også godt igjennom at han er den som verkeleg ynskjer ein konsert, kanskje ein verdssturne. Men dei er varsame med kvarandre, og årsaka er nok den at ingen hadde førespegla seg den suksessen Robert Plant fekk med country-songerinna Allison Krauss, og plata ”Raising Sand” i fjor. Plant/Krauss skal i løpet av 2008 ut på ein støre turne, og kjem til Bergen 19.mai. Ein eller fleire eventuelle nye Zeppelin-konsertar må i tilfelle vente til etter Plant/Krauss-turneen. Alle uttaler med nyansar finst i mai-nr av UNCUT. Medan vi ventar kan eg gje dykk nokre tips: Høyr på Leadbelly sin ”Gallis Pole”, Memphis Minnie sin ”When the levee breaks” (frå 1929) Blind Willie Johnson med ”It’s nobodys fault but mine”. Zep henta mykje av sin inspirasjon i amerikansk blues, og 15 slike kutt føl med denne utgåva av UNCUT.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar