Amerikansk presidentvalkamp

Eg kan ikkje seie anna enn at amerikansk presidentvalkamp fasinerer meg. Det har dette fenomenet gjort sidan Nixon gjekk av i 1974 som følgje av Watergate, og eit halvår før: God oppfrisking frå NRK si side i samband med at det var 10 år sidan John F. Kennedy vart drepen i Dallas. Eg var ikkje gamle karen, men heime vart det diskutert mykje politikk, og Sofia, bestemor mi, var aktivt kommenterande til nyhende. Eg hugsar godt at ho drog heile konspirasjonsteorien i samband med eit tv-program om skota i Dallas.

I dag handlar det mykje om nominasjonen på demokratisk side, Obama vs Clinton, medan veteranen John Mc Cain er klar på republikansk side. Amerikanske presidentval kan ingen nasjon stille seg likegyldig til. Kven som styrer i USA har avgjerande betyding for kva som skjer innanfor tryggingspolitikk, internasjonal økonomi, klimaforhandlingar og ei rekkje andre område som også betyr noko for oss. Vi kan undre oss over at ei krise i amerikansk økonomi, som i stor grad handlar om amerikanske bustadlån, har verknad på oss. Men slik er det, og så lenge Noreg har ein open økonomi og er ein del av ein global økonomi, har trendar i tunge økonomiar betyding for oss.

Difor støttar eg aktivt demokratane. Om ikkje dei to partia i USA direkte kan samanliknast med vår partistruktur, er demokratane rekna for å representere det liberale demokratiske sentrum, og dei står for ein utanrikspolitikk som er nærmare synspunkta til europeiske nasjonar enn kva Bush-administrasjonen står for.
Eit anna fenomen som er fasinerande er rolla til amerikansk høgsterett. I USA er høgsterett gjeven ein slags utvida posisjon: Ikkje skal dei berre ta stilling til det rettslege som øvste instans, men også fatte vedtak om prinsipielle saker, som i dei fleste andre land ville vere tillagt lovgjevar, i Noreg Stortinget. Utnemning av høgsterettsdommarar er difor svært viktig for ein kvar amerikansk president. Ved å utnemne dommarar som står for den same lina som ein sjølv, vil presidenten sikre ei vidareføring av politikken på viktige prinsippområde i fleire periodar etter at han sjølv er gått av. Det er ikkje mange år sidan at eldstemann som måtte gje seg i høgsterett, i si tid var utnemnd av Lyndon B. Johnson. Og LBJ var som kjent ferdig i 1968. Ei sak som har hatt 5-4 fleirtal i årevis i liberal-demokratisk favør, er Roe vs. Wade, saka om kvinners rett å bestemme sjølvbestemt abort. Presidentvalet handlar derfor også om korleis høgsterett skal sjå ut, og sit ein president i to periodar, skjer det som regel ei utnemning eller to.
Eg har til no helde ein knapp på Hillary Clinton. Det gjer eg framleis. Eg trur USA har godt av ei få ei kvinne til president, og Hillary er ein politikar som har alle eigenskapar som skal til.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *