Kommentarer til Atle Hamars meiningar frå Jølsters sørside http://blogg.nrk.no/hamar En blogg fra NRK Thu, 12 Feb 2009 23:35:25 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Kommentar til Kvar er publikum når kvaliteten er topp? av Flopperock « Fres Festival http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-17 Thu, 12 Feb 2009 23:35:25 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-17 […] Atle Hamar har synspunkt på festivalar i Sogn og Fjordane, og meiner at 1800 folk på Glopperock er latterleg få, med […]

]]>
Kommentar til Når nære forsvinn av Vigdis http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-23 Wed, 12 Nov 2008 19:57:10 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-23 For nokre år sidan var eg gjennom ein periode med sjukdom og dødfall i familien, og kan kanskje komme med nokre råd om korleis ein bør oppføre seg overfor personar i ein slik situsajon… og korleis ein ikkje bør oppføre seg…..
1. Ver til stades for vedkommande, men la ho/han styre kva dei vil snakke om.
2. IKKJE begynn å snakke om dine slektningar som er sjuke eller døyde av same sjukdom. DET ER IKKJE DET MINSTE HJELP I…
3. Ver ein god venn. Av og til kan det vere ei god hjelp å komme litt vekk frå situasjonen. Invitér vedkommande med på kino, ut å ete eller noko anna kjekt.
4. For dei som er opp i ein slik situasjon; Ta i mot hjelp! Det betyr så mykje for personar rundt å få lov å hjelpe.Den einaste som synest at ein skal klare alt sjølv, er ein sjølv.

]]>
Kommentar til Når nære forsvinn av Bernt Kjøsnes http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-22 Wed, 22 Oct 2008 20:55:55 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/10/20/nar-n%c3%a6re-forsvinn/#comment-22 Når unge dør berører det som regel ei heil bygd, og det har vi fått oppleve når Janne døde. Alle som kjenner oss stiller opp, eit heilt utruleg samhald kjem til syne. Det er godt at alle kjenner alle då, og at ein ikkje bur i ein by der ingen kjenner deg. Men det som er synd, er at det offentlege, med psykiatritenesta, ikkje kjem på bana automatisk. For det å miste nokon brått, eller over ein periode burde det vore fanga opp. Og at ein skulle sleppe å bruke krefter og energi, på å få den hjelp ein treng.

]]>
Kommentar til Ingrid Betancourt endeleg fri ! av Halvard Laegreid http://blogg.nrk.no/hamar/2008/07/03/ingrid-betancourt-endeleg-fri/#comment-19 Sat, 12 Jul 2008 15:22:26 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/07/03/ingrid-betancourt-endeleg-fri/#comment-19 Det er fantastisk gledeleg at Ingrid Betancourt no er fri, og det er svaert gode nyhende for Colombia og resten av verda at FARC ser ut til aa vera sterkt svekt, saerleg dersom det varer ved. Men er fridomen til Ingrid Betancourt verkeleg ein «siger for Plan Colombia»? Kva byggjer du det paa? Kvifor nyttar du dette hoevet, tilsynelatande ukritisk, til aa til aa skryta opp styret til Alvaro Uribe og «Plan Colombia»?

]]>
Kommentar til Gåva til Telenor av Kåre http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/30/gava-til-telenor/#comment-8 Tue, 08 Jul 2008 12:11:53 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/05/30/gava-til-telenor/#comment-8 Dette liknar litt på Fylkjesbaatane. Telenor si satsing i utlandet og FSF(fjord1) si sattsing utanfor fylkje. En har så lett for å gløyme å koste/stelle heime fyst, før en skal ut og skal vise musklar… Kjenner vi oss igjen??

Ps, Eg berre lurer på korti Børsen kjem under lotteritilsynet, det er vel der den stor pengespelinga skjer.

]]>
Kommentar til Ingrid Betancourt endeleg fri ! av Odd Frantzen http://blogg.nrk.no/hamar/2008/07/03/ingrid-betancourt-endeleg-fri/#comment-18 Fri, 04 Jul 2008 11:42:52 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/07/03/ingrid-betancourt-endeleg-fri/#comment-18 Dette er strålande nyheiter! Det første som slår meg når eg ser bilete av Betancourt etter frigjevinga er kor utruleg sterk denne kvinna må vere. Ho verkar å vere i svært god form og ikkje minst kampklar. Denne kvinna trur eg vil spele ei stor rolle når framtida til Colombia skal formast.

]]>
Kommentar til Kvar er publikum når kvaliteten er topp? av Per Christian Grov http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-16 Tue, 01 Jul 2008 09:22:30 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-16 «Men kvalitet ser ikkje ut til å bety noko lenger for det store fleirtal.»

Hmmm…kjempebra der altså.

Problemet med alle desse småfestivalane er at alle forventar profitt, idealismen har diverre tatt kvelden i dette fylket.

Forresten, det er ingen som verkeleg likar Madrugada, men ei fin mjølkeku er det.

]]>
Kommentar til Kvar er publikum når kvaliteten er topp? av Øyvind Salte http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-15 Tue, 01 Jul 2008 08:19:30 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-15 Aiaiai!! Noen som tar bladet fra munnen og tyren ved dens skallede, Nordnorske isse!! Vel sagt, Gunnar Husabø.

Når man arrangerer en festival blant mange, må man by på noe andre ikke har. Like lite som man får gjester på en restaurant ved alltid å servere Grandiosa, får man festivalpublikum ved år etter år og i kommune etter kommune å servere den samme p1-p3-p4-crossoversuppa. rock og pop må ha nerve, akkurat som et festivalprogram. Ikke hjelper det med hype heller, hvis varen står til stryk, som i Ida Maries tilfelle.

Madrugada gjennomførte dessuten et leggskudd en vietnamnekter verdig ved offentlig å hevde at de aldri kunne bli det samme etter Bob Burås’ død. Riktignok er det mange av oss som synes de oppnår akkurat samme grad av irrelevans før og etter gitaristens bortgang – men et reklamefremstøt for festivalsesongen var det ikke.

]]>
Kommentar til Kvar er publikum når kvaliteten er topp? av Gunnar Husabø http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-14 Tue, 01 Jul 2008 07:59:30 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-14 Eg trur ikkje problemet er, som det vart klaga på på NRK-veven, at det er ein festival på kvart eit nes og i kvart eit lite hol i landet (for det verkar jo som mesteparten av desse festivalane dreier seg om gymnastikk, ost, naturfenomen eller andre ikkje-musikkrelaterte tema).

Problemet er vel heller at nemnde Madrugada og Big Bang spelar på kvar einaste ein av desse festivalane. Og om Sivert Høyem ikkje skjønar at folk kan bli noko slitne av dette, så er det — vel, ikkje uventa — grunna manglande sjølvinnsikt.

]]>
Kommentar til Kvar er publikum når kvaliteten er topp? av Atle Hamar http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-13 Mon, 30 Jun 2008 19:13:06 +0000 http://blogg.nrk.no/hamar/2008/06/23/kvar-er-publikum-nar-kvaliteten-er-topp/#comment-13 Kan hende må festival- og konsert konsepta utviklast for å treffe publikum betre ? I høve til andre arr som trekk mykje folk, så er det ikkje nødvendigvis kven som står på scena som er avgjerande, men stemningen som den breie hop er ute etter. Det er freistande å sitere min kompis «Pien», som ofte seier at «folk har ikkje eit forhold til artistar lenger, den eine låta etter den andre frå P3 går inn det ein øyret og ut det andre». Han sjølv gjer ein 8-10 konsertar i året, dei fleste i Oslo eller utanlands. Og då er det kanskje festen ein må selgje og ikkje konserten her i fylket? I alle høve: Eg står fast ved at Madrugada, Big Bang, Ida Maria, Stage Dolls, Ingenting og Audrey Horne, er det beste som er levert i fylket i år utfrå: interessant for både unge og eldre, platesal, medieeksponering (VG’s Rampelys, Lydverket, P3 m.m), og festivaldetaking der Ida Maria t.d. var eit av High light-namna på Rådhusplassen kvelden før, og Madrugada og Big Bang er booka fullt ut resten av sommaren. Kanskje er det nettopp slik at «taket» for arrangement med høg musikalsk kvalitet utan at fleirtalet av publikum er «godt på ein snurr», er omkring 2000 personar i dette fylket.

]]>