Når nære forsvinn

Når liv kjem til og liv forsvinn, så er dette begge sterke situasjonar for menneske på kvar sin måte. I skulekrinsen til gutane mine er det ofte eit gledeleg nyhende at medelevar har fått ein bror eller syster. Like fullt pregar bråe dødsfall, men også venta dødsfall, unge og vaksne sterkt. Siste året har eg reflektert mykje kring dette. To nære slektningar, men med ein høg alder, forlet oss. Åshild og Einar var syskenborn. Dei var syskenborn til min far. Dei var på kvar sin kant utan etterkomarar. Difor hadde mange som vaks opp i grendene aust for Vassenden på sørsida eit spesielt forhold til desse to. Dei var av den generasjon som var oppvaksne med nøysemd, men som hadde ei romslegheit som få andre. Tolerante og vidsynte eldre. I alt det maset dei fleste av oss har i kvardagen, så tenkjer eg ofte på den ro og det glimt i auget desse to hadde.

Det er langt meir krevjande for mange, og ikkje minst det å forstå, når folk midt i sin beste yrkesalder går bort. Det hende med Steinar som arbeidde her i tilsynet, råka av kreft i ung alder for nokre år sidan. I vår gjekk Janne Kjøsnes bort, 33 år gamal. Ei respektert dame som eg trur omtrent heile Jølster og store deler av Førde hadde ein relasjon til. Skrivar i idrettslaget, med i ei rekkje organisasjonar, eit ja-menneske , som også hadde mykje tid og omsut for sin eigen familie. Janne hadde vore styrar i mange år i Vassenden Barnehage. Likeeins i Førde. Eit godt menneske med eit ufatteleg godt humør. Kvifor skjer dette?, spør mange, og svar er vanskeleg å gje.

Når slikt skjer, er ofte vi vaksne tilbakeholdne. Det kan vere vanskeleg å finne ord. Mi oppleving er at born i slike situasjonar kan vere meir direkte. Min yngste son på 7 år sa ”vår kjære Janne” når det gjekk opp for han at Janne ikkje var meir.
Eg trur det er viktig å snakke om slike tema heller enn å teie. Det er viktig å snakke med born når slike situasjonar oppstår. Uansett representerer dei som har gått bort eit livsverk som skal bli respektert i all ettertid.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Når nære forsvinn

  1. Når unge dør berører det som regel ei heil bygd, og det har vi fått oppleve når Janne døde. Alle som kjenner oss stiller opp, eit heilt utruleg samhald kjem til syne. Det er godt at alle kjenner alle då, og at ein ikkje bur i ein by der ingen kjenner deg. Men det som er synd, er at det offentlege, med psykiatritenesta, ikkje kjem på bana automatisk. For det å miste nokon brått, eller over ein periode burde det vore fanga opp. Og at ein skulle sleppe å bruke krefter og energi, på å få den hjelp ein treng.

  2. Vigdis sier:

    For nokre år sidan var eg gjennom ein periode med sjukdom og dødfall i familien, og kan kanskje komme med nokre råd om korleis ein bør oppføre seg overfor personar i ein slik situsajon… og korleis ein ikkje bør oppføre seg…..
    1. Ver til stades for vedkommande, men la ho/han styre kva dei vil snakke om.
    2. IKKJE begynn å snakke om dine slektningar som er sjuke eller døyde av same sjukdom. DET ER IKKJE DET MINSTE HJELP I…
    3. Ver ein god venn. Av og til kan det vere ei god hjelp å komme litt vekk frå situasjonen. Invitér vedkommande med på kino, ut å ete eller noko anna kjekt.
    4. For dei som er opp i ein slik situasjon; Ta i mot hjelp! Det betyr så mykje for personar rundt å få lov å hjelpe.Den einaste som synest at ein skal klare alt sjølv, er ein sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *