Ingrid Betancourt endeleg fri !

I ein fantastisk operasjon greidde dei columbianske styresmaktene/hæren i går å frigjere fransk-columbianske Ingrid Betancourt, 3 amerikanske gislar og 11 columbianske. Ingrid Betancourt, som var presidentkandidat i 2002, har vore fanga av FARC-geriljaen i 6 år. Ho har vore FARC sitt sterkaste forhandlingskort iht dei columbianske styresmaktene, men no er ho endeleg fri, denne kvinna som var den fremste i kampen mot mafia og korrupsjon i heimlandet. Eg skreiv om Ingrid i ein tidlegare blogg som hadde tittelen «Brev frå hinsides helvete». Det som no har skjedd er fantastisk, og også ein viktig siger for styresmaktene og «Plan Columbia». Eg vonar dette også er eit kraftig tilbakeslag for Farc. Det er narkotika, beslaglegging av naturressursar og intern fordriving av sivile, som idag pregar FARC, denne i si tid jordreformorienterte og politisk radikale rørsla. Gratulerer til Columbia og familien til Ingrid Betancourt.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Ingrid Betancourt endeleg fri !

  1. Odd Frantzen sier:

    Dette er strålande nyheiter! Det første som slår meg når eg ser bilete av Betancourt etter frigjevinga er kor utruleg sterk denne kvinna må vere. Ho verkar å vere i svært god form og ikkje minst kampklar. Denne kvinna trur eg vil spele ei stor rolle når framtida til Colombia skal formast.

  2. Halvard Laegreid sier:

    Det er fantastisk gledeleg at Ingrid Betancourt no er fri, og det er svaert gode nyhende for Colombia og resten av verda at FARC ser ut til aa vera sterkt svekt, saerleg dersom det varer ved. Men er fridomen til Ingrid Betancourt verkeleg ein «siger for Plan Colombia»? Kva byggjer du det paa? Kvifor nyttar du dette hoevet, tilsynelatande ukritisk, til aa til aa skryta opp styret til Alvaro Uribe og «Plan Colombia»?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *