Gåva til Telenor

Etter ei veke med eit harkete og vanskeleg nett i heimen, har refleksjonane over den faktiske realitet kome over meg igjen med full tyngde. Det er fattigmannsbreiband, mini -breiband, eller minstestandard vi i realiteten har. Telenor fekk med seg telenettet i gåve frå staten, når det gjekk frå å vere statleg forvaltningsverksemd til eit statleg aksjeselskap på 90-talet.

At selskapet trong eigenkapital i starten var ikkje unaturleg, men at Telenor skulle få i gåve eit nett som vi forbrukarane hadde nedbetalt gjennom år, seinka i praksis utbygginga av breiband kraftig, noko eit distriktsfylke som vårt fekk merke til det fulle. Det er paradoksalt at vi må etablere spleiselag på spleiselag i kommune etter kommune, når vi veit at Telenor har mørk fiber liggande i same område. Ein fiber og eit telenett som samfunnet og telekundar gjennom generasjonar har nedbetalt.

For å ta min eigen kommune Jølster som eksempel: Her veit vi at Telenor har mørk fiber liggande i Jølstravatnet. Den går på land på Vassenden, og Bjørseth (midt på vatnet). Dersom denne fiberen hadde vore open for andre teleoperatørar, så hadde vi hatt breiband tidlegare, og vi hadde hatt meir breiband enn vi får i dag. Men Telenor byggjer først og mest ut der dei store folkerike regionane er. I den grad dei prioriterer Sogn og Fjordane, så er det fordi andre konkurrentar etablerer seg. Telenor kjem t.d. konsekvent med tilbod etter at Enivest har bygt ut og etablert seg. Eg hugsar at eg ringde ein utflytt sambygding som jobbar høgt oppe i Telenor, ei stund før vi fekk breiband på Vassenden for nokre år sidan. Eg spurde han om kor tid Telenor var på plass på Vassenden med breiband. Han svarte kort: ”Breiband til Vassenden, aldri lønsamt!”

Tre kvart år etter var Enivest på plass med sitt breiband, og eit halvår etter Enivest kom Telenor slepande med sitt tilbod til innbyggjarane. Men heller ikkje Telenor tek i bruk den mørke fiberen dei har liggande. So kjære samferdsleminister og fornyingsminister: D et beste grepet De kan gjere er å fremje og få vedteken ei lovendring som sikrar fleire tilbydarar tilgang til infrastrukturen det statlege majoritetseigde Telenor har, og liknande infrastruktur som også det statlege Bane Tele har. Eit tøft regulatoriske grep her, sikrar meir bandbreidde, meir kapasitet, og billegare pris, ikkje minst for dei verksemdene som er avhengige av stort forbruk og god kapasitet.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert og merket med , . Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Gåva til Telenor

  1. johannes juklestad sier:

    Er heilt einig med Hamar i det han skriv, for dette er den viktigaste kominikasjonsvegen vi har no, og endå viktigare i framtida.
    Dersom vi ute i distrikta ikkje står på no, går det som det har gått med all anna infrastruktur. Vi kjem i baklæksa!
    Eg har alltid hatt breiband frå Telenor, og har vore fornøgd med det, men eg bruker det mest til enkle ting, men merkar når eg skal laste ned tunge ting at det går sakte.

    Og sjølvsagt er det aller viktigast for verksemdene, vi privatpersonane klara oss kansje foreløbig med det vi har.

  2. Kåre sier:

    Dette liknar litt på Fylkjesbaatane. Telenor si satsing i utlandet og FSF(fjord1) si sattsing utanfor fylkje. En har så lett for å gløyme å koste/stelle heime fyst, før en skal ut og skal vise musklar… Kjenner vi oss igjen??

    Ps, Eg berre lurer på korti Børsen kjem under lotteritilsynet, det er vel der den stor pengespelinga skjer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *