Compeed-urten

 

Reiner var ein gammal rock'n'roller. Eg likar å tru at han hadde ei fortid som trommis i Michael Schenker Group, som seinare vart til Scorpions og hadde ein hit med "Wind of change".

Reiner var ein gammal rock'n'roller. Eg likar å tru at han hadde ei fortid som trommis i Michael Schenker Group, som seinare vart til Scorpions og hadde ein hit med "Wind of change".

I Montcuq vart eg kjend med Reiner og Ursula frå München, som hadde eit lurt triks som dei meinte var bedre enn compeed-plaster: Ein urt som dei la i skoa. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Heteslag

Tirsdag 25. Mai var det så varmt at eg nesten fekk heteslag. Eg fekk den geniale ide at eg skulle gå opp til middelalderbyen Lauzerte, hundre høgdemeter i brennheit sol og 32 grader i skuggen, og det var nok ikkje så lurt. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvifor eg ikkje tar av

Aligot. Og ei pølse som er minst så feit som ho ser ut til. Dette spiste eg ein kilo av.

Aligot. Og ei pølse som er minst så feit som ho ser ut til. Dette spiste eg ein kilo av.

Når ein går fire-fem-seks timar til fots med ein sekk  på 16 til 18 kilo, dag etter dag i nesten fire veker, då skulle ein jo tru at ein ville ta kraftig av? Men eg gjer ikkje det. Og eg veit kvifor. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Ny rekord!

Søndag gjekk eg 28 km, med 16 kilos sekk. Sjeldan har eg vore så glad for å komme fram på ein knaus, og sjå ein storby ligge for føtene mine, som då. Les videre

Publisert i Ukategorisert | 3 kommentarer

Ein firkanta sti

Lørdag 22. mai: Gjekk 20 km i dag, 450 høgdemeter. Først 17 km med sekk frå Lapopie til Pasturat, så oppdaga eg at det var berre fem hus og ei kyrkje, så eg gjekk like godt dei to kilometrane inn til Saint Gerie, der dei hadde butikk og bakeri. På vegen gjekk eg stien Chemin de Halage.

Du misser ikkje stien her

Du misser ikkje stien her

Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Observasjonar

Ein skal sjå mykje rart før augene sprett ut. Dette er eit urinal. Eg håpar i alle fall det.

Ein skal sjå mykje rart før augene sprett ut. Dette er eit urinal. Eg håpar i alle fall det.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Observasjonar

Eg høyrde høge smell i vegen oppafor. Forbi kom ein gut med spretthoppfjører på beina. Han heldt minst 20 km/t. Då er det best å sjå seg for...

Eg høyrde høge smell i vegen oppafor. Forbi kom ein gut med spretthoppfjører på beina. Han heldt minst 20 km/t. Då er det best å sjå seg for...

...men det gjorde han ikkje. Knalla haudet i husveggen og gjekk ned som ein tomsekk. Legen i raud T-skjorte. Det gjekk bra. Fekk litt lyst på slike.

...men det gjorde han ikkje. Knalla haudet i husveggen og gjekk ned som ein tomsekk. Legen i raud T-skjorte. Det gjekk bra. Fekk litt lyst på slike.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Observasjonar

Cabriolet. Best på godværsdagar.

Cabriolet. Best på godværsdagar.

 

Forbudt å gå i ring

Forbudt å gå i ring

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

25 000 år gamal kunst

I går gjekk stien forbi Pech Merle, ei 50 millonar år gamal dryppsteinsgotte med 25 000 år gamle hulemaleri i.   Sjekk linken. Vi gjekk ned til 50 meter under bakken, gjennom store salar fulle av dei merkelegaste formasjonar. Fascinerande. Og herleg kjølig.  Skulle gjerne vist bilder innefrå, men fotografering var forbode, og alle bilder eg finn på nettet, er av maleria. Eg syntest salane i seg sjølv var det største.   Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Langs elv og sti

Morgonstemning i Saint-Circ Lapopie

Morgonstemning i Saint-Circ Lapopie

I går køyrte eg meg heilt ut. For å få litt forandring leigde eg ein kano frå Marcillhac-sur-Cèlè til Cabrerets. 20 km padla eg på den stille elva, fire timar. Trudde at det kosta meg svært lite, men då eg i 26 varmegrader tok beina fatt, fekk eg merke at ein del krefter var nok brukt opp, ja. Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar