Ny rekord!

Søndag gjekk eg 28 km, med 16 kilos sekk. Sjeldan har eg vore så glad for å komme fram på ein knaus, og sjå ein storby ligge for føtene mine, som då.

Cahors. Ein fest for auget.

Cahors. Ein fest for auget.

23052010537

Mi eiga oppfinning: Ole-framdrift-o-meteret. Eg begynte i Le Puy, oppe til høgre. Pennen syner kor eg er no (Montcuq), og eg har to dagar på meg til å nå Missac, som er målet. 37 km på to dagar burde gå bra.

Det var 29 varmegrader då eg kom fram. Først kom ein bratt motbakke (180 høgdemeter) som eg var forberedt på, og angreip med dødsforakt.  Så kom ein lang, slak motbakke (170 hm) som eg ikkje var budd på skulle være så lang, og så kom ein tredje (200 hm) som eg ikkje hadde sett på kartet i det heile tatt. No var det 27 varmegrader, sola steikte rett ned, og eg var gått tom for vatn. På slitten av bakken måtte vandrefølget mitt plutseleg ta pausar kvar 200 meter, og eg begynte å bli litt bekymra for korleis dette skulle gå. Men på toppen gjekk vi inn i eit bustadhus og spurt eom vatn. Eg drakk 8 dl rett ned, tømte like mykje over hovudet, fekk fylt opp flaskene, og så tok vi oss ein lengre matpause i ein skugge litt lenger borte. Dei siste seks kilometrane inn til Cahors gjekk faktisk veldig greit.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Ny rekord!

  1. Brigitte Thimm sier:

    hey-ole-wie ich lese, geht es gut weiter,feine bilder, fühle, als wäre ich noch dort—werde 2011 den weg von estaing bis zu den pyrinäen gehen-bon camino weiterhin,brigitte

  2. 2011 von St. Jean zu Santiago. Hoffentlich mit meine frau und viele Kinder dabei. Vielleicht sehen wir uns!

  3. Brigitte Thimm sier:

    hallo-ole,schade, das ich deine texte nur erraten kann, hoffe es geht dir gut,vielleicht sehen wir uns in St. Jean ,ungefähe ende juni will ich dort ankommen alles gute,brigitte

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *