Ein gong i september i fjor tok eg sykkelen min, sykla opp Foss-gjelet, snudde der, sykla heim, vrengte av meg søkksvette klede, velta ned i godstolen og syns eg hadde vore på ein temmelig anstendig trim-tur. I dag sykla eg same bakken seks gonger, kvar av dei på nærmast full peising, og heile greia på mindre enn ein time. Eg har med andre ord gjennomført mi første intervall-økt.
Sykla inn til – og opp – Foss-gjelet 10 minutt oppvarming. Var oppe i puls 140 under oppvarminga. Snudde ned att og trilla til Gamleskulen, dvs. 150 m ut på flata. Puls 111. Tok rennefart inn i Foss-gjelet og heldt koken jamnt oppover. Puls for det meste på 157, såg av til 162, men då slappa eg litt av (fordi eg måtte). Heldt dette presset i fire minutt, det vil seie ein 2-300 meter ut på flata etter toppen.
Etter tre slike drag kjende eg to ting: Blodsukker-skjelv, samt at pulsen ikkje ville under 122 sjølv etter tre-fire minutts kvile. Kjørte på med XL-1, 5 dl drikke og 1 bar, og tok meg inn att. Det fjerde draget vart tungt, det femte måtte eg hente ein god del viljestyrke for å halde full peis ut dei fire minuttane. Er ikkje heilt sikker på om eg hadde greidd eit sjette drag fullt ut. Fann i alle fall ut at det var greit å gi seg der.
– Du kjem til å være litt trafikkfarleg på veien heim, sa Jo Inge før eg sette i gang, og eg heldt faktisk på å krasje med ein bil på veg heim. Hovudet mitt fungerte rett og slett litt i sakte film.
Sykla meg ned i ti minutt etterpå, kjente godt at det var ein lur ting å gjere. Det rare er at heile greia var litt moro og. Kjende meg litt tøff og mandig og sterk.