Eamon og Eamor frå Irland skal heim i dag. Dei er veldig bekymra for oskeskya frå Island.
Vi vart sitjande og snakke og sjå kleda våre tørka ein heil ettermiddag i Decazzeville. Sola skein og vi hadde det rett så hyggeleg. Eamon tykte det var rart at eg kvidde meg på å ta heile turen til Figeac (30 km) i eitt strekk, men heller ville ta sjansen på ei natt på ein gite der det kanskje ikkje var nokon andre.
– Jau, du skjønar det, Eamon, sa eg, at eg har ikkje berre ein ryggsekk å bære på, eg har og ein magesekk.
No ser eg jo det at denne vitsen vart heilt flat på norsk. På engelsk blir det mykje morsommare, med backpack, og frontpack, som er ein litt tøffare utgave av sixpack.
Hi Ole! Eamonn and I got home yesterday without any delays. We start back to work tomorrow. We can’t understand your post but it was sweet of you to mention us (although we cannot tell if you are saying nice things- hehe!). We both hope your walking is going well and your sister arrived safely in France. Bon chemin! Eimear&Eamonn