På loffen i Frankrike dag 3

Julestemning.

Julestemning.

Fekk julestemning i dag: Ligge lenge (til 0715), komme ned til deilig, lang frokost, 30 cm nysnø ute, stilt og fint.

Gjekk 8 km på to timar i dag. Det var enten det eller 24 km, og eg trur ikkje det er lurt å smelle til med 24 km allereie tredje dagen.

Då eg kom fram, traff eg igjen eit hyggelig, ungt, fransk par som eg kom i prat med i går. Dei skulle til Saugues, altså 16 km vidare. Eg vart veldig frista til å slå følgje, men eg skal opne litt rolig.

Men i går fekk eg altså servert noko veldig rart. Eg peikte på noko på menyen som eg ikkje forsto, og så kom dei og sette ein tallerk framfor meg. På den låg det noko som såg ut som noko midt imellom ein halv hjerne og ein råtten brennmanet. Ein brungrå, litt slimete masse som det stakk trådar ut av.  No ville jo eg helst ikkje skilje meg ut og virke kresen og redd, så eg tok no berre og åt det. Det var som eg trudde: Når noko ser så uhorveleg ekkelt ut, so må det jo finnast ein grunn til at folk et det, og den grunnen er sannsynligvis at det er veldig godt. Og det var det.

Vil du seie det virkar logisk å putte det der i munnen?

Vil du seie det virkar logisk å putte det der i munnen?

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til På loffen i Frankrike dag 3

  1. Desiree sier:

    Så rart å sjå all snøen. Vi vakna her heime til 3-4 cm snø. Kjenner at eg skulle ønske eg også skulle gå turen, det er så kjekt å lese bloggen din 🙂 Synest litt mindre synd på meg skjølv ang snøen her, når eg les at du har vassa mange kilometer i tung snø. Stå på, og som Per Anders seier, ta det litt rolig 🙂 Varme klemmer fra lisjesystra 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *