Til fots gjennom Frankrike dag 2

Heldt meg paa veien i dag. Tok ikkje sjansen paa stien i snoen.

Heldt meg paa veien i dag. Tok ikkje sjansen paa stien i snoen.

Gjekk 10 km og 300 hoegdemeter paa 1 t 50 min i dag. Kjendest dumt aa gi seg klokka ti om formiddagen, men eg trur faktisk at ein slik tur, spesielt med sekk paa over ti kilo, maa tilsvare omtrent ein tur rundt Fauskestoelen.

Og gjer ein det kvar dag, daa maa ein seie at det er ein bra treningsleir.  Hadde forsaavidt krefter til aa gaa ti km til, men eg trur foetene mine har godt av ein litt forsiktig start. Det er nok av dei som gaar paa seg baade senebetennelsar og vannblemmer ved aa legge for hardt ut.

Gjekk til St. Privat d’Allier, som er ein nydeleg by. Sette meg paa ein snackbar for aa skrive og lese i boka mi, men der ramla det inn med pilgrimar som skulle ha lunsj foer dei skulle vidare, ti km til. Dei snakka berre fransk, dei og. Dei lo og prata og var paafallande glade. Eg trur kanskje dei gjekk paa noko. Kanskje rein vandrarlukke. Har faktisk saa langt berre moett eitt menneske som snakka engelsk. Begynner aa kjenne meg litt einsam. Gruar meg til eg har lest ut boka mi. Daa blir eg noydd til aa ta fram lommeparloeren min og prove aa snakke litt fransk.

Folka paa kontoret var skikkelig braakete

Folka paa kontoret var skikkelig braakete

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Til fots gjennom Frankrike dag 2

  1. hans jakob sier:

    Eg fyl deg på «den smale veg»! Er klar til å setje meg på flyet til Køben. Studietur på det kongelige teater. Må utvikle hovudet, veit du!

  2. Per Anders Øvretveit sier:

    Det er ei imponerande liste over treningsturar du har her. Trur nok og at gåturen i Frankrike passar bra når du skal venne deg til medisinen. Eg skulle sagt Gå på! men trur nok det er riktigare å: Ta dem med ro! 🙂

    Når du gåt åleine og lite har du jo og anledning til å varme opp ved å bruke f. eks ein ti minutter på å kome opp i vanleg gåtempo(før det blir nødvendig). Det vil kanskje spare beina på sikt. Motiverande lesning uansett 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *