Vestlandsutstillinga – frå einsemd til navleskoding

Roterande graner slit på kvarandre, så nålene fyk utover golvet. "Kunstekspertane" tolkar nok nålene på golvet som "teikning"....

Høyr kulturmeldinga mi Høyr radiopraten med kunstdirektør og kunstnar Sjå nettsak nrk/sf med video ved å klikke deg vidare

Over ser du grantrea i gnissande rotasjon. Under teksten finn du to bilete der trea lagar ramme for «einsemd» og «navleskoding».

Vestlandsutstillinga dekker området i dei fire vestlandsfylka frå Rogaland til Møre og Romsdal. Kunstnarar med tilknyting til Vestlandet vert invitert til å delta. I år har kurator Kjetil Berge fått plukka med seg nokre kunstnarar ekstra utan denne tilknytinga, og han har landa på til saman 25 kunstverk. Sunnfjord kunstlag er som vanleg arrangør her i fylket, og Vestlandsutstillinga har for fyrste gong kome i hus i Høgsalen på det nye Kunstmuséet ved Meierikrysset i Førde.

Eg les ”bruksanvisninga”. For det første: Utstillinga har utgangspunkt i teknikken teikning. For det andre: Utstillinga ser etter teikn på endringar i det norske landskapet og korleis framtida ser ut her på Vestlandet med dei store omveltingane i resten av verda.

Eg sviv rundt i galleriromet mellom 50 forvitne kunstinteresserte og lyttar til overstrøymande opningsord, gnissande grantre og raslinga i blomster. At denne utstillinga handlar meir om ”teikning” enn annan visuell kunst, får eg ikkje tak på, men det er ikkje så nøye. All visuell kunst kviler på teikning. Så greitt nok.

Men så dette ”vissvasset” om endringar i Vestnorsk Landskap opp mot omveltningane i den store vide verda? Eg vert litt irritert og kjem på eventyret om ”Keisarens nye kler”. Skal eg rope ut at ”bruksanvisninga” ikkje stemmer? Nei, eg gjer ikkje det. Eg tek det andre valet. Eg går og ut. Eg kastar bruksanvisninga i papirkorga i det eg nappar til meg eit ekstra glas med kald epledrikk.

Innatt på nytt. For andre gong. Til sprikande tema. Utan bruksanvisning. Alt frå ein nostalgisk fiskebåt i tre, til eit tilfeldig avtrykk på eit papirlommetørkle. Eg vert forvirra. Eg leitar meg fram til verket til Marius Moldvær. Han er frå Aurland, og den einaste av dei 25 kunstnarane med tilknyting til fylket. Han har teikna Mount Everest og stiller teikningane ut saman med bøker av Kafka. Han svingar seg på toppane – Aurlendingen – det gjekk i alle hall i trygg høgde over mitt hovud! Men det skal han ha – han grip i alle fall tittelen på utstillinga «Teikn nær og fjern» – han har teikna Mount Everest via internettkamera…

Eg tek Time out! Tid ute. Bokstavleg tala. Finn ein kafé på hi sida av elva. Lyskrysset blinkar meg tilbake. Eg gjer som Colombo. Frå detektimen. Eg snur inn att for å sjå om der finst fleire svar.

Eg er åleine i galleriet. Eg tok tre bilete som ligg på bloggen min. Fyrst to roterande grantre som slit nålene av kvarandre. Minte meg om Smørbukk i Norsk Barneblad som sette julegrana på den snurrande platespelaren som spelte ”Du grøne glitrande tre, god dag!”. Gjennom dei grøne kvistane tok eg to bilete til. Fyrst av ho som teikna seg rundt navlen på video. I navleperspektiv om navleperspektiv. Deretter av ein mann med ryggen til – åleine ved kallendaren sin. Tittel: ”Eg er åleine no”. Eg stoppa opp og lyttar. Til min eigen pust, til gnissinga i grantrea, til ekkoet frå andre lydinstallasjonar. Eg kjenner lukta frå skogen sterkare enn i skogen. Her inne i galleriet. Åleine.

Kor «Vestlandsk» er Vestlandsutstillinga? Den vert betalt av dei fire vestlegaste fylkeskommunane og det er berre her i vest Vestlandsutstillinga vert synt fram. Elles kan dei fleste av dei 25 kunstverka like gjerne knytast til andre landsdelar.

Eg likar meg best på opningar av kunstutstillingar med mykje folk, ekstra nerve og ståk. Denne utstillinga gav meg mest rom for undring når eg stod åleine i galleriet – oppsummert med tittelen til verk nummer åtte: ”Eg er åleine no”.

Åleine i skogen eller åleine med kalendaren sin?

Navleskoding i roterande granskog - Vestlandet?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *