«Rustne juvelar» – kunst der skrot gir meining

Gamal fjøskrakk vart veggklokke

Høyr radiopraten her (innslag 15)

Elisabeth Tonheim står i spissen for kunstutstillinga ”Rustne juvelar” som opna i Balestrand laurdag. Det kunstnarlege grepet på utstillinga har vi sett før: Kunstnaren samlar inn skrot frå bygdesamfunnet og bearbeider det kunstnarleg – for så å pirre folk til å kome strøymande for å sjå ”sitt eige skrot” omskapt i ein ny samanheng i kunstgalleriet. Og ja: Det var fullstappa galleri på Bøyum Pensjonat. Folk måtte kike kunst på skift.

Tonheim er tydeleg sjefen for heile opplegget, men ho veit å alliere seg med det lokale kunstlaget, ein malar, ein glaskunstnar og ein emaljekunstnar. Og når ho på toppen dreg inn formgjevingsklassene på Sygna vidaregåande skule i bearbeidingsfasen – så er den lokale forankringa komplett. Dette er folkeleg ”skrotkunst” så det held!

Seks kunstverk er plassert ute i det fri i gangavstand til galleriet på Bøyum Pensjonat. Her dansar middagsbordet på bedehusveggen, og her vert du tvinga til å ta stilling til kva som er ”fasade” og kva som er ”bak fasaden”. Ei gamal og morken grind ved Balehaugen pirrar deg og litt lenger ute står ”Fiffen” og ”Arbeidsjernet” på kvar si side av vegen. Her er mykje samfunnsmessig bodskap. Uttrykket er klart og tydeleg, og dei direkte titlane på kunstverka gjer at du slepp å tvile på meininga. Eg vil gje pluss for klare politiske bodskap – nesten i ”70-talstil” – men då må eg ile til med eit minus: Kanskje vert det stundom altfor direkte slik at lite står att til fantasien og undringa.

Eg synest utstillinga fungerer best når den ikkje overspeler. Ein gamal fjøskrakk får nytt liv som veggklokke og middagsbordet på bedehusveggen er allereie nemnt som døme på kunstverk som gir rom for undring. Gjennomgåande synest eg at dei seks kunstverka ute fungerer betre enn det som er utstilt inne i galleriet. Nokre av kunstverka vert for sentimentale for meg. Då vert kjenslene smurd på i vel tjukke lag. Kunstverket ”Utanfrå” – mellom anna inspirert av H. C. Andersen sin ”Piken med svovelstikkene” er eit døme på det.

Materialbruken må nemnast spesielt. Kunstnaren har ei gjennomtenkt haldning til bruken av skrotet. ”Arbeidsjernet” er tufta på ein gamal plog og ”Fiffen” får eit vidt pannelok til hatt og ein trestakk av slitne bord. Den gamla grinda står støtt som seg sjølv utan ekstra stafasje.

Sluttord om ”Rustne juvelar”: Noko så sjeldan som ei kunstutstilling med klåre samfunnsmessige standpunkt. Sikker og humoristisk materialbruk. Ei utstilling som er godt forankra i det bygdemiljøet ho står i. At folk sprengde lokala på opninga er gledeleg i seg sjølv. Alt vert utført på dugnadsbasert lågbudsjett. Kunstbygda Balestrand byd tilskodarane i sommar på ei glad utstilling med alvorleg botn.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *