Ei bok om kjærleik og handlekraft

På laurdag er det hårvask - Oddleiv Apneseth har teke bileta i boka

Du kan høyre radiopraten her

Ei bok om kjærleik og handlekraft. Erna Osland har skrive ei sjeldan bok. Ei bok om livslang forelsking. Ei bok om Solmann og Anna. Om korleis livet endra seg når Anna fekk slag og vart lam og ordlaus. Om Solmann som flytta frå huset deira på Byrknes i Gulen til hybelliv i Førde for å få vere nær ho. For å få hjelpe ho. For å trene ho opp att.

Boka fortel om korleis den gamle notbasen bygde om rullesstolen hennar slik at han sjølv fekk sitjeplass bakpå og vart sjåfør på den motoriserte doningen – tandemrullestolen. Om turane deira i all slags ver. Om hårvask, stell og praktiske gjeremål. Om kjærleiken deira frå ungdomsåra, der fiskaren Solmann overausa kjærasten med sjeldne gåver. Om korleis han no kjøper seg ny scooter og ny båt for å kunne nå henne på helgedagar på sjukeheimen i kommunesenteret Eivindvik – helgedagar utan bussruter.

Boka er poesi. Erna Osland fortel Solmann si historie. Kort-hogde setningar talar for seg sjølv. Språket er gjennomarbeidt. Teksten er spreidd på sidene som vers i ei diktsamling. Det understrekar poesien i forteljinga. Det er først og fremst teksten som ber denne boka, men fotografia til Oddleiv Apneseth stør godt oppunder. Bileta frå kvardagssituasjonar til AnnaSolmann understrekar at ”den store kjærleiken er ei kvardagsleg sak”.

Ei romantisk forteljing kan fort kome over grensa til det drypande sentimentale. Erna Osland greier denne balansekunsten fint. Hennar viktigaste grep er å vektlegge dei praktiske gjeremåla og korleis Solmann løyser dei praktisk utfordringane. Ho meistrar å få fram Solmann sin optimisme i motgangen. Den godt vaksne mannen på over 80 år er framleis ihuga i sin kjærleik og si omsorg for kjærasten. Han let seg ikkje stoppa av skrantande helse eller stiv kuling i open sjø. Den gamle notabasen har med seg handlekrafta si inn i alderdomen.

Ei vakker historie vert stødig fortalt. Av og til må ein smile av gamlingen sitt overmot. Av og til flør det i augene når du les om den maskuline omsorga. Boka om ”Anna og Solmann” vert kanskje ikkje ein bestseljar, men ha takk for at slike soger kjem mellom stive permar. Ernest Hemingway sa at det er tre emne som er verd å skrive om. Det er ”havet, dauden og kjærleiken!”  I så måte er dette eit blinkskot frå Skald Forlag!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Oppattespøta Kinnaspel

Presten i tenkjeboksen

Radiopraten kan du høyre her

Når publikum kringar seg om spelevollen ved Kinnakyrkja for 29. gong, så kan ein saktens lure på om dette tradisjonsrike utespelet kan eller bør fornyast. Eller om spelet er som ein veteranbil der ein polerer gamal lakk for lakkens skuld, og bannlyser alt som ikkje skin av orginaldeler. Miriam Prestøy Lie busett i Dale i Sunnfjord er ny regissør av året. Alt frå start merkar vi endringar.

Prestøy Lie er hissigare på grauten. Ho er kjappare på å syne oss grunnlaget i dramaet skrive av Rolf Losnegård. Danskefuten entrar scenen på rekordtid, og han set press på Presten i spelet. Prestedottera Borni og mor hennar – prestefrilla Magrethe – tonar flagg i striden om den rette læra, makt og status. Eg gir stor applaus for regiendringane i starten.

I år har vi fått ein nyskriven song inn i spelet, der prestefrilla syng ut alle sine frustrasjonar til han som er husbond og prest. Innhaldet i konflikten deira har kome fram før også, men eg tykte det vart tydelegare no. Og framfor alt. At spelet endrar seg er naudsynt om det ikkje skal gro mose på det. At det vert eksperimentert med nye former må helsast med glede. Spelet er for publikum og ikkje for «tradisjonalistane»!

Slutten vart klårare. I sluttscena kjem tiggarjenta Sygni til kyrkjevollen. I år har regissøren plukka inn att meir av orginalteksten, så bodskapen i sluttscena kjem klårare fram. Eg set pris på klargjeringa, då sluttscena dei siste åra har vore noko vag. I år vart det kanskje litt overspelt tydeleg. La gå med det. Men eg likar at det ikkje er kliss likt frå år til år. Endringane i år var «snakkis» i båtkøen innatt, og det er ein kvalitet i seg sjølv. Publikum var nøgde med årets tapping! Oppsummert om regien: Forteljinga vart klårt fortalt. Tempo og temposkift understreka dramaet.

Kyrre Eikås Ottersen bar stykket med si varierte og grundige rolletolking. Han formidlar både kjærleik, smerte og handlekraft. Med seg har han Oda Alisøy som dottera Borni og Idun Losnegård som prestefrilla Magrethe. Alle desse tre skodespelarane har vakse opp med og i Kinnaspelet. Dei har vore i fleire roller, og samspelet mellom dei fungerer framifrå. Og so til språket: Det er so godt å høyre den heimlege klangen i replikkane til desse tre skodespelarane som er oppfostra i fylket.

Kvifor er så det årvisse Kinnaspelet klar for 30 årsjubileum neste år? Eg vil dra fram tre sentrale faktorar: For det fyrste er Kinnaspelet et velskrive drama, for det andre er scenografien uslåeleg – ved Kinnakyrkja, storhavet og det særeigne fjellet Kinnakloven. For det tredje så trengst det ein lokalpatriotisme av Florø sitt format.

Og framover? Den gode teksten ligg der, og regissørane kan godt tore å vere freidigare i bruken av den. Scenografien er slitesterk, og det er grunn til å tru at dei proffe kreftene i Sogn og Fjordane teater vil yte uvurderleg innsats også i åra som kjem. Det springande punktet er om dugnadsviljen er stor nok i Florø til stadig å fornye dugnadsapparatet etter at klappsalvene stilnar på Kinn etter 30 årsjubiléet neste år.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

«Rustne juvelar» – kunst der skrot gir meining

Gamal fjøskrakk vart veggklokke

Høyr radiopraten her (innslag 15)

Elisabeth Tonheim står i spissen for kunstutstillinga ”Rustne juvelar” som opna i Balestrand laurdag. Det kunstnarlege grepet på utstillinga har vi sett før: Kunstnaren samlar inn skrot frå bygdesamfunnet og bearbeider det kunstnarleg – for så å pirre folk til å kome strøymande for å sjå ”sitt eige skrot” omskapt i ein ny samanheng i kunstgalleriet. Og ja: Det var fullstappa galleri på Bøyum Pensjonat. Folk måtte kike kunst på skift.

Tonheim er tydeleg sjefen for heile opplegget, men ho veit å alliere seg med det lokale kunstlaget, ein malar, ein glaskunstnar og ein emaljekunstnar. Og når ho på toppen dreg inn formgjevingsklassene på Sygna vidaregåande skule i bearbeidingsfasen – så er den lokale forankringa komplett. Dette er folkeleg ”skrotkunst” så det held!

Seks kunstverk er plassert ute i det fri i gangavstand til galleriet på Bøyum Pensjonat. Her dansar middagsbordet på bedehusveggen, og her vert du tvinga til å ta stilling til kva som er ”fasade” og kva som er ”bak fasaden”. Ei gamal og morken grind ved Balehaugen pirrar deg og litt lenger ute står ”Fiffen” og ”Arbeidsjernet” på kvar si side av vegen. Her er mykje samfunnsmessig bodskap. Uttrykket er klart og tydeleg, og dei direkte titlane på kunstverka gjer at du slepp å tvile på meininga. Eg vil gje pluss for klare politiske bodskap – nesten i ”70-talstil” – men då må eg ile til med eit minus: Kanskje vert det stundom altfor direkte slik at lite står att til fantasien og undringa.

Eg synest utstillinga fungerer best når den ikkje overspeler. Ein gamal fjøskrakk får nytt liv som veggklokke og middagsbordet på bedehusveggen er allereie nemnt som døme på kunstverk som gir rom for undring. Gjennomgåande synest eg at dei seks kunstverka ute fungerer betre enn det som er utstilt inne i galleriet. Nokre av kunstverka vert for sentimentale for meg. Då vert kjenslene smurd på i vel tjukke lag. Kunstverket ”Utanfrå” – mellom anna inspirert av H. C. Andersen sin ”Piken med svovelstikkene” er eit døme på det.

Materialbruken må nemnast spesielt. Kunstnaren har ei gjennomtenkt haldning til bruken av skrotet. ”Arbeidsjernet” er tufta på ein gamal plog og ”Fiffen” får eit vidt pannelok til hatt og ein trestakk av slitne bord. Den gamla grinda står støtt som seg sjølv utan ekstra stafasje.

Sluttord om ”Rustne juvelar”: Noko så sjeldan som ei kunstutstilling med klåre samfunnsmessige standpunkt. Sikker og humoristisk materialbruk. Ei utstilling som er godt forankra i det bygdemiljøet ho står i. At folk sprengde lokala på opninga er gledeleg i seg sjølv. Alt vert utført på dugnadsbasert lågbudsjett. Kunstbygda Balestrand byd tilskodarane i sommar på ei glad utstilling med alvorleg botn.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Industriromantikk på Sommarfesten

Industriell rytme på Sommarfesten

Link til radiopraten her

Industriromantikk på Sommarfesten. Laudagskvelden braka Sommarfesten laus i Førde. Publikumstalet auka monaleg i høve til botnåret i fjor. Sommarfest nummer ni i rekkja hadde for fyrste gong flytta i hus. Tidlegare år har den prøvd ut ulike arenaer frå gatefest i Sentrum Sør til ymse grus- og grasbaner på Festplassen supplert med sirkustelt. I år hadde Sommarfesten flytta inn i den gamle skipsindustrihallen der Ankerløkken i si tid starta skipsverft.

Her luktar det framleis skipsbygging, og sceneløysinga var prega av konteinarar og kabeltromlar. Musikken toppa seg med Madcon ut på natta, og lyden overgjekk alt av det platearbeid, kraner og sveiseapparat kunne gi frå seg i tidlegare tider. Bookingane av Big Bang og Madcon var kanskje ikkje dei spenstigaste, for begge desse gruppene har vitja Sommarfesten før.

På Sommarfesten i år vart ”pauseshowet” ein fornyande hovudattraksjon. Jeff Pedersen hadde alliert seg med det lokale Showkoret Surround, bandet deira, STUMP-inspirerte trommisar, dansarar og nokre nymotens ”gatespringarar” (free runners) som klivra seg oppetter veggane i hallen. Dette showet spruta av energi, rørsle og pyroeffektar som gav assosiasjonar til sveiseflammar. Dei nær 60 aktørane – flest amatørar frå fylket – framførte eit show som stod ekstra godt til industrihallen på verftet. Ein gledeleg og overraskande ”høgdare”. Litt uferdig lyssetjing langs sidene drog likevel ned litt av heilheitsinntrykket i denne friske satsinga, der Showkoret Surround for første gang stod fram som eit Showkor med stor S!

Industriromantikken lever i Førde. Bygging av Ankerløkken i 70-åra var ein avgjerande faktor i utviklinga av Førde. No er verftsområdet i bakleksa i småbyen der sjukehus og handel dreg oss vidare. Eg lurde alvorleg på om folk ville finne veien heilt ned på verftet på Ytre Øyrane. Eg såg fort at i kveld var det ikkje berre den kjønnslege romantikken som gav glans i augene. Her var gamle skipsbyggarar som måtte knipe seg i armen for å vere sikker på at øldrikkinga og sceneshowet ikkje berre var ein draum. Ein viktig del av Førde si historie fekk ein ny glans denne kvelden. Eg vart minna på at det vaksne Førdefolket er stolte av dei industrielle tradisjonane.

Men er det sommarfest? Tja, eg veit ikkje heilt. Verftshallen har sin industrielle og røffe sjarm som konsertlokale. Arrangøren hadde pynta kaia for Sommarfest med bjørk og bål. Likevel vart det ein innefest. Kanskje ikkje heilt sommarfest, men all honnør til arrangøren for å prøve ut nye arenaer. Sidan hallen er i industriell bruk til dagleg, kan ”Sommarfest på Verftet” neppe bli ein tradisjon. Neste år er store delar av Førde Sentrum ferdig fornya. Truleg vil Rådhusplassen stå fram som ein særs interessant arena for Sommarfesten. Ankerløkken var ein flott gjestearena, men sommarfesten i småbyen høyrer vel heime der den starta – nær Langebrua? Det vaksne publikumet finn nok verftet, men kanskje den yngste ungdomen trivst betre på brustein ….. og asfalt!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Fleirstemt song gir samstemt glede

Songarstemne i Førde - VÅTT: Det var vått då sognarane gjekk i tog gjennom Førde laurdag føremiddag, men det la liten dempar på songgleda. - Foto: Alf Vidar Snæland /

Foto: Alf Vidar Snæland

Høyr radiokåseriet med korsnuttar her

I helga feira songkora i fylket at fjordingar og sogningar har kunne sunge fleirstemt saman i 10 år under Sogn og Fjordane korforbund si samlande fane. Korstemnet fann fort tonen, og Førde vart ropa ut som offisiell korby for heile kongeriket.

Songartoget gjennom gatene har to viktige funksjonar. For det fyrste er det ein kamp om å bere den eldste fana. Sjølv om korsongarane stadig understrekar at dei er moderne, så er det lange tradisjonar som tel mest. Gjestekora frå Sunnmøre synte høg bunadsfaktor i småregnet, og dei bar fanene høgast for å syne alder og autoritet og at det var Anders Hovden som har skrive korsongen over alle korsongar – «Fagert er landet».

Det andre spørsmålet gjeld «logo»: Kven er standhaftige nok til å marsjere med den tradisjonelle kvite songarhuva som elles er på vikande front. I år er det berre «Austrheim Mannskor» som syng seg gjennom Førdegatene med denne særeigne kvite hovudbunaden. Mange høyrest likevel ut til å sakne dette underlege kvite gruppesymbolet, så kanskje får songarhuva sin renesanse?

Men til sjølve songen. Den er både variert og varierande. Alle sjangrar musikk kan tilpassast korformatet. Og dei 40 kora tok for seg alt frå salmar til popmusikk. Men det er tre sjangrar som er obligatoriske på korstemne på Vestlandet. For det fyrste må vi ha nasjonalromantikk. Høyr berre «Når fjordene blåner» i fri utfoldesle. Dette er mannskor! For det andre må vi til den svenske songtradisjonen: Hysj. Høyr. «Bred dina vida vingar». Damekor til å verte salig av. Og for det tredje. Om natta vart aldri så sein, så syng dei «Herregud for ein morgon»! Eller «Oh Lord, what a morning». Negro spirit og gospel gir stemning i kormiljøet. So langt til det varierte.

Men korsongen er også varierande. Her er ekstremt dyktige amatørkor med proffe dirigentar som kan syne lange merittlister i inn- og utland. Dei syng presist og med sjel. Publikum let seg imponere. Men her er naturlegvis også korsong på ujamt nivå, sjølv for amatørar å vere. Men lat oss hugse på at mange av desse kora har ei viktig kulturell rolle å spele i sine lokalsamfunn. Dei syng på lokale tilstellingar og på korkaféar. Dei er til å rekne med når det skal feirast 17. mai og jul i bygdene våre. Dei gjer sitt til at den kulturelle grunnmuren ikkje slår sprekkar. Og når det er storstemne i Førde, så strekker dei seg ørlite lenger enn korstemma rekk. All ære for frimodigheita og gutsen!

Songen er viktigast på korstemnet, men det sosiale samhaldet lyser av deltakarane. På eit slikt stemne syng dei, og dei utgjer tyngda av publikumet for kvarandre. Nokre er so sosiale at dei legg seg i selen for å vinne songarfesten. Men for dei fleste er songarstemnet hardt arbeid. Dei øver med ulike prosjektkor i kvar ledige ykt slik at dei kan levere gode innslag på sluttkonserten. Og snipp, snapp, snute – men korstemet er ikkje «heilt ute» før dei har reist seg til rungande allsong, ja nettopp på……..«Fagert er landet»!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvinnestemmer

Utstillinga på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Utstillinga på Heibergske samlingar på Kaupanger

Foto: Kulturnett Sogn og Fjordane – Sigrun Espe

Høyr radiomeldinga på morgonsendinga (nr 16):

Kva har St Sunniva til felles med fylkesordførar Åshild Kjelsnes? Og samstundes med Jostedalsrypa og fylkesmann Anne Karin Hamre? Jau dei er presenterte på utstillinga ”Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane” i det store jubileumsåret vårt der vi feirar 100 år for kvinner sin stemmerett og 250 år for fylket vårt. Utstillinga er i regi av musea våre, fylkesarkivet og fylkeskommunen. Den heng på Sogn Folkemuseum på Kaupanger, og den skal vandre fylket rundt.

Hovuduttrykket i utstillinga er at det er plukka ut ei kvinne frå kvar av dei 26 kommunane i fylket. Desse utgjer ein form for heilskap i mangfaldig ”kvinneliv” frå tidlege tider til i dag. Frå det religiøse livet kan vi dra fram Kristina Skryppen frå Gloppen som vart brend som heks til Malla Moe frå Luster som levde livet sitt som misjonær i det sørlege Afrika. Frå næringssatsing kan vi nemne husmannskona Marte Moviken frå Førde som livnærde seg som amme for byborna i Bergen til Synnøve Finden frå Vik som etablerte ostefabrikk i Oslo. Og innan media og kultur presenterer dei tidlegare NRK-redaktør Magni Øvrebotn i spann med popidolet Tone Damli Åberge. Alle har fått kvar sin plakat med stort bilete og velskrivne tekstar.

Mangfaldet i utplukket er styrken til utstillinga. Når eg stod i ringen av plakatar med alle desse kvinnene som glodde på meg, kjende eg at dei sterke kvinnene var tilstades. Dei fleste kvinnene i utstillinga har markert seg i på ulike felt i samfunnslivet, men her er også nokre ukjende. Til dømes er den ukjende Rangele Lassedatter frå Hyllestad ein verdig representant for kvinnene i bondesamfunnet på 1600-talet.

Utstillinga understrekar at kvinnene frå fylket ikkje har gitt så høg lyd frå seg på nasjonalt plan. Men også her er det snunad. Liv Signe Navarsete har sete åtte år samanhengande ved Kongens bord, og kanskje er ho den fyrste kvinna frå fylket som nettopp har gitt ”høg lyd” frå deg frå landsende til landsende.

Utstillinga er ryddig komponert og ganske så stillsleg i uttrykket. Det er eit godt grep at redaksjonsnemnda har styrt heilskap og variasjon. Utstillinga gir stemning til ettertanke om kvinneliv i fortid og notid.

Utstillinga skal visast for ungdomsskulen i den kulturelle skulesekken. Då får vi sjå om dette lågmælte uttrykket appellerer til denne aldersgruppa. Eg er også spent på om mange andre av det tilfeldige publikumet finn vegen innom kvinneutstillinga. Eg er sikker på at nokre vil finne eit rom for refleksjon om dei tek seg tid til å stoppe opp. Dette er ikkje utstillinga for dei som berre vil haste vidare. Du kan også finne informasjonen på internett, men utstillingsromet gir ekstra stemning. Ei interessant og viktig utstilling i jubileumsåret, men eg tvilar på om det er denne utstillinga som får dei synkande besøkstala på musea våre til å fyke i veret.

PS: Innhaldet i utstillinga finn du på www.kvinnestemmer.net , og har du «smart» nok telefon kan du kalle opp bakgrunnstoff medan du vandrar rundt i utstillingslokalet.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Meir en jazz…

Når basisten Arild Andersen spelar klubbkonsert må nokre stå «utfor gluggjen». Likevel: Berre breie smil i trengselen! Foto: Lars Jonas Pedersen

Her kan du høyre radiopraten startar 1.49 ut i morgonsendinga

Kulturell oppskrift: Ta éin del jazz, éin del breie kjendisartistar og éin del treffstad for det godt vaksne og velståande festivalpublikumet i fylket. Rør det godt saman med Kviknes Hotell i Balestrand som Basecamp 1. Då har du Balejazz. Den 24. i rekka spela seg ut i helga.

Balejazzen er i eit heitt famntak med sitt publikum. Dei breie publikumsmagnetane som Odd Nordstoga, Ketil Bjørnstad, Kari Bremnes og Hanne Boel lastar fulle skuter i Kviknesalen. Eit breitt publikum kosar seg og Balejazzen får påfyll i kassen.

Dei som vil ha jazz kan finne seg intime klubbkonsertar med bassisten Arild Andersen og trompetisten frå Stryn – Arve Henriksen – for å nemne to av høgdepunkta. ”Storblåsaren”  Arve Henriksen  spela på alt frå dvergtrompetar til isoporstolar frå foreldra sin møbelfabrikk. Dette var eksperimentell sundolittjazz i særklasse. Balejazz treng slike sprell. Eg vil også trekke fram gruppa ”Ibrahim Electric” som spelte taket av Bøyum Pensjonat på laurdagskvelden. Jess! Jess! Jazz!

Sigurd i spiss. Hotellvert Sigurd Kvikne må få sin fortente ros i spissen for arrangementet. Saman med leiinga i Balejazz og bygda Balestrand har han utvikla dette arrangementet i ein mannsalder. Dei evnar å foreine det breie og det meir eksperimentelle. Dei hyrer musikkarar som gir oss variasjon og trøkk. Utekonserten på laurdag ettermiddag kolna litt i regnbygene, men då kosa mykje av publikum seg innandørs i dei romslege salongane på Kviknes Hotell. Mange let jazz vere jazz, og prata kjenning i plassen. Kanskje var det nettopp derfor dei kom?

Publikum strøymer til og set publikumsrekord, og det er ein kvalitet i seg sjølv. Dette er treffstad nummer ein for aldersgruppa 46 pluss. Ein kompakt festival med vekt på comfort. Her kan du kan bu og ete godt. Du kan nyte fire rettars middag med eigen vinsaxofonist. Men – for det er alltid eit men: Sjølv ungdomskonserten utan aldersgrense fredagskvelden drog ikkje ungdom.

Balejazz i år var eit nærast prikkfritt arrangement, men la meg likevel dra fram eit par minus opp i all rosen. Først: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland gav oss ein litt småslapp start på festivalen. Ein opningskonsert bør setje høgare jazzstandard enn det bånsullar frå Telemark kan klare. For det andre: Eg synest framleis at Natthuset på hotellet eignar seg dårleg som konsertlokale. Når Blueskongen Reidar Larsen held konsert, så fortener fleire enn tre ståande rader – med dei fremste og frekkaste – å få ei fullverdig konsertoppleving.

Neste år er det 25 års jubileum. Likar du jazz og comfort? Likar du å sjå og å verte sett på dette kulturelle vårsleppet?  Book deg inn alt no. Eg spår trengsel på den 25. Balejazzen! For Balejazz er meir enn jazz!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Potent innavl?

Volls Birk er beste treåring - han står "spiss" i kåringa

Her kan du høyre kåseriet   (innslag 13 i morgonsendinga)

Mai er høgsesong for konfirmasjonar. Både breie kyrkjelydar og snevre menigheiter feirar ungdomen. Prestane smiler og foreldra feller ei tåre. Ungdomane tenkjer mest på premiebordet. Laurdag var eg på hingstekonfirmasjon på Nordfjordeid. Her har det vore hingsteutstillingar for Fjordhest så lenge eit Fjordingsføl har kunne fise.

Treårshingstane skal til konfirmasjon. Her smiler prestane eller hestedommarane om du vil. Foreldra – altså eigarar og oppdrettarar – går kvilelaust rundt. Dei bit negler i spenning, og vonar at nettopp deira håpefulle skal skikke seg vel på kyrkjegolv og i mønstringsring. Men i hingsteverda så bryr ikkje konfirmantane seg om premiebordet. Sjølv om det på hingsteutstilling handlar om liv og daude. Fem treåringar vert kåra. Desse fem utvalde får eit hestelass pokalar på deling, men viktigare; dei får leve og dei får pare merrar til dei vert mette.

Resten vert vraka for skrale bein eller andre lyte. Dei fleste her går rett i lasagnen, viss der då ikkje kjem skrikande ei hestejente og ber livet i han. Så vert han – som kjærleiksbevis – klippa balljane av, og får lunte rundt resten av livet med ei gamal høyvogn full av småungar etter seg.

Konfirmantane – eller treårshingstane  om du vil – fekk ein grusom dom på Eid denne helga. Det var ikkje berre dommarane som rista forsiktig på hovudet med stive smil. Fjordhestmiljøet er overbefolka med gamle forståsegpåarar som ikkje berre kviskra i krokane. Det vart kneggja høgt om at dette var den svakaste hingsteklassen nokosinne. Vi veit at talet på føl stuper, og eg gjer meg mine tankar om det er innavlen vi ser skuggen av i stalldøra.

Hingsteutstillinga held stilen under ei internasjonal flaggborg. Her snakkar speakeren dansk. Ypparstepresten les opp dommar om ”skøytande ganglag, mjuke testiklar og flate overlinjer ” – til vi middels interesserte vert svimle. Då var det godt å få dei tørre tal på engelsk med dommen om ”no lisence” – inga kåring. Det er dårlege bein som sender hingstane rett i pølsa. Kanskje er det med unghingstane som i menneskeverda? Kanskje spring dei for lite rundt i skog og mark? Vel, vel: Hingstane på Eid vert i alle høve testa for å kunne gå i 17. maitog med hornmusikk.

Før traktoren låg det pengar i arbeidshest, og det å avle fram beste treårshingst på Eid var dåtidas Lottopremie. I ly av traktorduren heldt Fjordhesten på daude ut for godt i 70-åra. Men den vidgjetne Jon Hegdal – fjordhestmisjonær og fylkesagronom – gjekk i spissen slik at Fjordhesten stod opp att frå dei skinndaude. Vi fekk eksport av Fjordhest og hestejentene på ridegardane omfamna den urnorske hesterasen.

Men no vert Fjordhesten springande imellom. Dei aller minste hestejentene vel seg mindre ponnyar, og dei tøffaste hestejentene strekker seg etter hingstar som er mørkare i leten, lengre i beina og varmare i blodet. Fjordhesten sin marknad for daff felles familehest dett som ein stein. Pengane er borte, men det ligg framleis mykje arbeid i hesteoppdrett. So enkelt. So nådelaust!

Å møte fjordhestfolket på Eid i helga, er som å vitje ei meinigheit i motgang. Desse færre dei er, dess høgre ljomar lovsongen. Dei stridest om den rette læra – eller avlsmåla – som det heiter her. Dei ber om ein ny profet som skal vise veg. Dei mest bokstavtru ber om at ein ny Jon Hegdal skal kome frå himmelen og lande i mønstringsringen. Nokre skuldar vergudane for motgangen. Og ja; alle som la sjela si å lyfte arrangementet – med hestedrosjer og andre ”dyriske” aktivitetar i helga – hadde ikkje fortent sludd og snøkave. Men når det frå Nordfjord Fogderi vert stilt ut berre ein treårshingst, då ser det spøkje ut for Blakken. Då nyttar det ikkje å skulde på veret!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Røyster og ramnar i Hønsehagen

Thom Hell og Larkin Poe

Kåseriet kan høyrast her (nr 8 i morgonsendinga)

Å rope seg for kulturmeldar i Sogn og Fjordane er eit mangfaldig oppdrag. Variasjonen i arrangementa er gledeleg stor. Kjekkast er det når det uventa skjer. Laurdagskvelden var eg i Hønsehagen i Stongfjorden på middagskonsert med Larkin Poe og Thom Hell.                                                 

Hønsehagen i Sunnfjord Geo Center er ei kulturscene langt utanom A4-formatet. Her ligg hønsa på verpekassene medan ein utstoppa hane held vakt. Veggane er dekorert i middelalderstil. Vertskap og servitørar svevar rundt i flagrande middelalderkostyme. Under taket fyk to ramnar nær lysekroner med levande lys. Ingen vert svidd i fjøra, sjølv om intimkonserten er så intim at brannføreskriftene nærast vert sett ut av spel. Fire runde bord hyser festlyden på 36. Dei næraste sit på fanget til musikantane. Det er full fjøs der hønsa vagla seg før i verda. No er alt på den gamle garden rive ned og bygd opp att nytt og funksjonelt – men i gamal stil.                       

Vertskapet Synne og Einar er avgjerande for opplevinga. Dei legg vekt på at alle gjestene skal kjenne seg personleg velkomne. Det er eit vertskap med sans for detaljar. Programmet for kvelden får du personleg tilsendt i konvolutt forsegla med brevlakk. Forretten i den trerettars velsmakande middagen inneheld mellom anna uforgløymelege steikte griseøyrer og dipp. Ølet drikk vi av muggar!

Vi nyt Stongfjorden ”off Broadway”. Vertskapet byd på eksklusiv konsert langt ute på bygda. Larkin Poe og Thom Hell har fire konsertar i Norge på denne turnéen. Det er Oslo, Kristiansand, Bergen og – som den naturlegaste plass i verda – Stongfjorden! At vi får denne kvelden med tre rettars middag og internasjonal topp konsert her i utbygda gir opplevinga ekstra glans. Vi må leite oss fram langs ultrasmale bilvegar oppe i lia for å finne fram til Hønsehagen – truleg den einaste kulturscenen i Kongeriket som ikkje har kosta på seg vegskilt. Vi nyt å vandre i lyset frå stjernene når vi skal finne baren og doen – i den rekkefylgje.

Konserten er framifrå på heile registeret frå det musikalsk vare til det med full trøkk. Mat og drikke smakar gjestene. Men det er ikkje det som folk tek inn gjennom øyrer og svelg som hevar denne kvelden ut over det vanlege. Det er den stemninga som vertskapet formidlar – det er kjensla av å oppleve noko eksklusivt i utbygda. Det lokale publikumet er stolte av Hønsehagen og vertskapet. Dei av oss som passerte lyskrysset i Førde for å kome hit, likar den spennande tanken på det uventa: Det er i utbygda det skjer. Sjølv om enkelte kan synast det er dyrt å bla opp ein liten tusenlapp for mat og konsert, så veit alle som vil opne augo at denne kvelden vert feitt sponsa av vertskapet.

For dei internasjonalt kjende musikantane i Larkin Poe og den mangdobbelte spelemannsprisvinnar Thom Hell skal ha sine honorar, og maten frå cateringen er verdt sin pris. Vertskapet har investert sju millionar i anlegget på Sunnfjord Geo Center, så her er det nok oljenæringa som betalar for moroa.

Når eg køyrer heim på laurdagsnatta får eg ei kjensle av å ha vore i bursdagsselskap hjå den rikaste guten i klassen. Her er leik og leven, mat og musikk, bollar og brus. Ja, her er alt på stell i nybygde leikestover.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Russ og tiggarar

Du kan høyre den kåserande kommentaren her  (innslag 14 i morgonsendinga)

Mange klagar på at våren er sein i år. Men to sikre vårteikn gir von om vår no når mai nærmar seg. Det er den velsigna russen, og so tilstrøyminga av utanlandske tiggarar. Eg fekk eit rart syn ved døra til handelshuset hin dagen. Tiggarar står i stilling klin opp i inngangsdøra, samstundes som ein flokk russ på hoiande prøvetur i flunkande nye russedressar pressar seg fram utan å vie tiggarane så mykje som eit sideblikk. Eg ser rike norske ungdomar og fattige utanlandske vaksne. To grupper i kvar si verd – men likevel med fellestrekk. Både russen og tiggarane opererer heilt på kanten av det aksepterte, og – vel så viktig – dei utfordrar haldningane våre.

Russen har merkeleg nok fått lov til å ta seg til rette på ein måte der vi andre ville vorte stoppa. Nei, eg meiner naturlegvis ikkje mange pussige knutereglar, men rett og slett at dei kan mobbe elevar på lågare klassesteg. Russen har tilrana seg ein tradisjon på at dei kan by på truslar og tyn utan at det får fylgjer for dei. Dei kan gi yngre elevar kalddusjar eller ufrivillege bad i den strie elva. Det rare er at skular og samfunn stort sett aksepterer dette med ein flir om munnen utan å rope på antimobbekampanjar.

Tiggarane ved handelshusdørene våre snakkar ikkje norske dialektar. Dei gøymer seg bak enkle trekkspeltonar og sal av bladmagasin. Men like fullt er det tigging. Vi kjenner oss ille til mote og kanskje til og med trua. Ikkje berre fordi vi er redde for framande innhogg i den velfylte honningkrukka vår. For visst veit vi om fattigdomen i verda, men vi vil ikkje ha armoda demonstrert usminka her på trappa til vårt lokale handelshus. Om vi kjøper blada eller gir i tiggarkoppen, så lindrar det samvitet vårt. Men om vi tillet oss å døme tiggarane som kriminelle, då vert det lettare for oss å gå forbi. Då kan vi trøyste oss med at fortenesta sikkert går i lommene til lurvete bakmenn likevel.

Russen og tiggarane – kva er likt og kva er ulikt? I begge grupper er det dei få som øydelegg for resten. Nokre tiggarar er aggressivt pågåande, medan nokre få med russelua står for hersinga med dei yngre elevane. Begge grupper plagar oss med musikk. Frå russebilar dunkar bass frå svære anlegg, medan tiggarar piner seige tonar ut av trekkspelet. Tiggarane står med kjedelege ID-kort om halsen, medan russen spreier humoristiske russekort til småborn. Tiggarar gøymer seg bak sal av trykte blad, medan russen ikkje gidd å lage russeaviser lenger. Og ikkje minst viktig: I russe-flokken kjenner vi fleire personleg, medan tiggarar vert ei diffus grå masse utan ansikt.

Eg undrast: Korleis går det med tiggarane og russen utover våren? Omsettinga hjå dei framande tiggarane ser ut til å vere svært så begrensa. Etter alle solemerke har dei tapt lenge før 17. mai. Tapt her i trivselsfylket også. Men problema i Sør-Europa kan gi oss fleire innrykk i sommar. Russen kjem vel til å oppføre seg stort sett skapeleg med litt snubling innimellom. Og snublinga vert tilgitt på 17. mai – om ikkje før. Då får russen den gjeve plassen bakarst i folketoget. Slik er det i vårt rike land. Det einaste landet på jorda som har råd til å la Festmånaden med stor F falle saman med den viktigaste eksamensmånaden for ungdomen.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar