Røyster og ramnar i Hønsehagen

Thom Hell og Larkin Poe

Kåseriet kan høyrast her (nr 8 i morgonsendinga)

Å rope seg for kulturmeldar i Sogn og Fjordane er eit mangfaldig oppdrag. Variasjonen i arrangementa er gledeleg stor. Kjekkast er det når det uventa skjer. Laurdagskvelden var eg i Hønsehagen i Stongfjorden på middagskonsert med Larkin Poe og Thom Hell.                                                 

Hønsehagen i Sunnfjord Geo Center er ei kulturscene langt utanom A4-formatet. Her ligg hønsa på verpekassene medan ein utstoppa hane held vakt. Veggane er dekorert i middelalderstil. Vertskap og servitørar svevar rundt i flagrande middelalderkostyme. Under taket fyk to ramnar nær lysekroner med levande lys. Ingen vert svidd i fjøra, sjølv om intimkonserten er så intim at brannføreskriftene nærast vert sett ut av spel. Fire runde bord hyser festlyden på 36. Dei næraste sit på fanget til musikantane. Det er full fjøs der hønsa vagla seg før i verda. No er alt på den gamle garden rive ned og bygd opp att nytt og funksjonelt – men i gamal stil.                       

Vertskapet Synne og Einar er avgjerande for opplevinga. Dei legg vekt på at alle gjestene skal kjenne seg personleg velkomne. Det er eit vertskap med sans for detaljar. Programmet for kvelden får du personleg tilsendt i konvolutt forsegla med brevlakk. Forretten i den trerettars velsmakande middagen inneheld mellom anna uforgløymelege steikte griseøyrer og dipp. Ølet drikk vi av muggar!

Vi nyt Stongfjorden ”off Broadway”. Vertskapet byd på eksklusiv konsert langt ute på bygda. Larkin Poe og Thom Hell har fire konsertar i Norge på denne turnéen. Det er Oslo, Kristiansand, Bergen og – som den naturlegaste plass i verda – Stongfjorden! At vi får denne kvelden med tre rettars middag og internasjonal topp konsert her i utbygda gir opplevinga ekstra glans. Vi må leite oss fram langs ultrasmale bilvegar oppe i lia for å finne fram til Hønsehagen – truleg den einaste kulturscenen i Kongeriket som ikkje har kosta på seg vegskilt. Vi nyt å vandre i lyset frå stjernene når vi skal finne baren og doen – i den rekkefylgje.

Konserten er framifrå på heile registeret frå det musikalsk vare til det med full trøkk. Mat og drikke smakar gjestene. Men det er ikkje det som folk tek inn gjennom øyrer og svelg som hevar denne kvelden ut over det vanlege. Det er den stemninga som vertskapet formidlar – det er kjensla av å oppleve noko eksklusivt i utbygda. Det lokale publikumet er stolte av Hønsehagen og vertskapet. Dei av oss som passerte lyskrysset i Førde for å kome hit, likar den spennande tanken på det uventa: Det er i utbygda det skjer. Sjølv om enkelte kan synast det er dyrt å bla opp ein liten tusenlapp for mat og konsert, så veit alle som vil opne augo at denne kvelden vert feitt sponsa av vertskapet.

For dei internasjonalt kjende musikantane i Larkin Poe og den mangdobbelte spelemannsprisvinnar Thom Hell skal ha sine honorar, og maten frå cateringen er verdt sin pris. Vertskapet har investert sju millionar i anlegget på Sunnfjord Geo Center, så her er det nok oljenæringa som betalar for moroa.

Når eg køyrer heim på laurdagsnatta får eg ei kjensle av å ha vore i bursdagsselskap hjå den rikaste guten i klassen. Her er leik og leven, mat og musikk, bollar og brus. Ja, her er alt på stell i nybygde leikestover.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *