Forfatterarkiv: hans jakob reite

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.

Ei bok om kjærleik og handlekraft

Du kan høyre radiopraten her Ei bok om kjærleik og handlekraft. Erna Osland har skrive ei sjeldan bok. Ei bok om livslang forelsking. Ei bok om Solmann og Anna. Om korleis livet endra seg når Anna fekk slag og vart … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Oppattespøta Kinnaspel

Radiopraten kan du høyre her Når publikum kringar seg om spelevollen ved Kinnakyrkja for 29. gong, så kan ein saktens lure på om dette tradisjonsrike utespelet kan eller bør fornyast. Eller om spelet er som ein veteranbil der ein polerer … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

«Rustne juvelar» – kunst der skrot gir meining

Høyr radiopraten her (innslag 15) Elisabeth Tonheim står i spissen for kunstutstillinga ”Rustne juvelar” som opna i Balestrand laurdag. Det kunstnarlege grepet på utstillinga har vi sett før: Kunstnaren samlar inn skrot frå bygdesamfunnet og bearbeider det kunstnarleg – for … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Industriromantikk på Sommarfesten

Link til radiopraten her Industriromantikk på Sommarfesten. Laudagskvelden braka Sommarfesten laus i Førde. Publikumstalet auka monaleg i høve til botnåret i fjor. Sommarfest nummer ni i rekkja hadde for fyrste gong flytta i hus. Tidlegare år har den prøvd ut … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Fleirstemt song gir samstemt glede

Foto: Alf Vidar Snæland Høyr radiokåseriet med korsnuttar her I helga feira songkora i fylket at fjordingar og sogningar har kunne sunge fleirstemt saman i 10 år under Sogn og Fjordane korforbund si samlande fane. Korstemnet fann fort tonen, og … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvinnestemmer

Utstillinga på Heibergske samlingar på Kaupanger Foto: Kulturnett Sogn og Fjordane – Sigrun Espe Høyr radiomeldinga på morgonsendinga (nr 16): Kva har St Sunniva til felles med fylkesordførar Åshild Kjelsnes? Og samstundes med Jostedalsrypa og fylkesmann Anne Karin Hamre? Jau … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Meir en jazz…

Når basisten Arild Andersen spelar klubbkonsert må nokre stå «utfor gluggjen». Likevel: Berre breie smil i trengselen! Foto: Lars Jonas Pedersen Her kan du høyre radiopraten startar 1.49 ut i morgonsendinga Kulturell oppskrift: Ta éin del jazz, éin del breie … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Potent innavl?

Her kan du høyre kåseriet   (innslag 13 i morgonsendinga) Mai er høgsesong for konfirmasjonar. Både breie kyrkjelydar og snevre menigheiter feirar ungdomen. Prestane smiler og foreldra feller ei tåre. Ungdomane tenkjer mest på premiebordet. Laurdag var eg på hingstekonfirmasjon på … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Røyster og ramnar i Hønsehagen

Kåseriet kan høyrast her (nr 8 i morgonsendinga) Å rope seg for kulturmeldar i Sogn og Fjordane er eit mangfaldig oppdrag. Variasjonen i arrangementa er gledeleg stor. Kjekkast er det når det uventa skjer. Laurdagskvelden var eg i Hønsehagen i Stongfjorden … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Russ og tiggarar

Du kan høyre den kåserande kommentaren her  (innslag 14 i morgonsendinga) Mange klagar på at våren er sein i år. Men to sikre vårteikn gir von om vår no når mai nærmar seg. Det er den velsigna russen, og so … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar