Russ og tiggarar

Du kan høyre den kåserande kommentaren her  (innslag 14 i morgonsendinga)

Mange klagar på at våren er sein i år. Men to sikre vårteikn gir von om vår no når mai nærmar seg. Det er den velsigna russen, og so tilstrøyminga av utanlandske tiggarar. Eg fekk eit rart syn ved døra til handelshuset hin dagen. Tiggarar står i stilling klin opp i inngangsdøra, samstundes som ein flokk russ på hoiande prøvetur i flunkande nye russedressar pressar seg fram utan å vie tiggarane så mykje som eit sideblikk. Eg ser rike norske ungdomar og fattige utanlandske vaksne. To grupper i kvar si verd – men likevel med fellestrekk. Både russen og tiggarane opererer heilt på kanten av det aksepterte, og – vel så viktig – dei utfordrar haldningane våre.

Russen har merkeleg nok fått lov til å ta seg til rette på ein måte der vi andre ville vorte stoppa. Nei, eg meiner naturlegvis ikkje mange pussige knutereglar, men rett og slett at dei kan mobbe elevar på lågare klassesteg. Russen har tilrana seg ein tradisjon på at dei kan by på truslar og tyn utan at det får fylgjer for dei. Dei kan gi yngre elevar kalddusjar eller ufrivillege bad i den strie elva. Det rare er at skular og samfunn stort sett aksepterer dette med ein flir om munnen utan å rope på antimobbekampanjar.

Tiggarane ved handelshusdørene våre snakkar ikkje norske dialektar. Dei gøymer seg bak enkle trekkspeltonar og sal av bladmagasin. Men like fullt er det tigging. Vi kjenner oss ille til mote og kanskje til og med trua. Ikkje berre fordi vi er redde for framande innhogg i den velfylte honningkrukka vår. For visst veit vi om fattigdomen i verda, men vi vil ikkje ha armoda demonstrert usminka her på trappa til vårt lokale handelshus. Om vi kjøper blada eller gir i tiggarkoppen, så lindrar det samvitet vårt. Men om vi tillet oss å døme tiggarane som kriminelle, då vert det lettare for oss å gå forbi. Då kan vi trøyste oss med at fortenesta sikkert går i lommene til lurvete bakmenn likevel.

Russen og tiggarane – kva er likt og kva er ulikt? I begge grupper er det dei få som øydelegg for resten. Nokre tiggarar er aggressivt pågåande, medan nokre få med russelua står for hersinga med dei yngre elevane. Begge grupper plagar oss med musikk. Frå russebilar dunkar bass frå svære anlegg, medan tiggarar piner seige tonar ut av trekkspelet. Tiggarane står med kjedelege ID-kort om halsen, medan russen spreier humoristiske russekort til småborn. Tiggarar gøymer seg bak sal av trykte blad, medan russen ikkje gidd å lage russeaviser lenger. Og ikkje minst viktig: I russe-flokken kjenner vi fleire personleg, medan tiggarar vert ei diffus grå masse utan ansikt.

Eg undrast: Korleis går det med tiggarane og russen utover våren? Omsettinga hjå dei framande tiggarane ser ut til å vere svært så begrensa. Etter alle solemerke har dei tapt lenge før 17. mai. Tapt her i trivselsfylket også. Men problema i Sør-Europa kan gi oss fleire innrykk i sommar. Russen kjem vel til å oppføre seg stort sett skapeleg med litt snubling innimellom. Og snublinga vert tilgitt på 17. mai – om ikkje før. Då får russen den gjeve plassen bakarst i folketoget. Slik er det i vårt rike land. Det einaste landet på jorda som har råd til å la Festmånaden med stor F falle saman med den viktigaste eksamensmånaden for ungdomen.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *